1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 vart det vedteke å endre vedlegg XX til EØS-avtala til òg å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke. Europaparlaments- og rådsforordninga tok til å gjelde i EU 17. juli 2000.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å melde frå til EØS-komiteen om godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen er 9. mai 2002.
Avgjerda i EØS-komiteen og ei uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsforordninga følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.