3 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 139/2001 av 9. november 2001 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke vert innlemma i vedlegg XX til EØS-avtala som nytt nr. 2b.
Artikkel 2 slår fast at teksta til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal vere gyldig.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 10. november 2001, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.