5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Barne- og familiedepartementet går inn for at Stiftinga Miljømerking i Noreg framleis skal vere det rette organet med ansvar for det europeiske miljømerket. Sjølve revisjonen vert ikkje rekna for å få større konsekvensar for dei oppgåvene og det engasjementet som Stiftinga Miljømerking har som det rette norske organet med ansvar for ordninga, eller på kort sikt for arbeidet innanfor den nordiske miljømerkingsordninga. Skjerpa krav i den reviderte forordninga til informasjon om og marknadsføring av EU-miljømerket vil likevel kunne føre til noko større utgifter til dette føremålet. Barne- og familiedepartementet gjer framlegg overfor Stortinget om årlege løyvingar til verksemda til stiftinga, og yter tilskot alt etter kva midlar som vert stilte til rådvelde for føremålet gjennom budsjettvedtaket til Stortinget.
På noko lengre sikt vil dei klare intensjonane om sterkare samarbeid/samordning mellom dei ulike europeiske merkeordningane truleg få verknader for den nordiske miljømerkeordninga. Det er likevel vanskeleg per dato å vurdere konsekvensane av dette samarbeidet for den nordiske miljømerkeordninga.