4 Tilhøvet til norsk rett
Den opprinnelege forordninga om miljømerking vart gjennomførd i norsk rett gjennom ei endring i merkelova ved at det vart lagt til ein ny § 6a om EØS-ordning om frivillig miljømerking (jf. Ot.prp. nr. 54 (1997-98) om lov om endringar i lov av 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer m.v.). I denne føresegna vart det fastsett at forordninga skulle gjelde som norsk lov, og det vart fastsett høve til å klage og innført høve til å gje forskrifter. Den nye forordninga medfører at lovteksta må endrast, slik at det i merkelova vert vist til den nye forordninga (forordning (EF) nr. 1980/2000) i staden for den gamle (forordning (EØF) nr. 880/92).
Lovframlegget vil verte lagt fram for Stortinget i ein eigen Odelstingsproposisjon.