1 Bakgrunn
Vedtak nr. 13/98 i EØS-komiteen gjeld innlemming i EØS-avtala av eit fellesskapshandlingsprogram for helseovervaking i samband med innsatsen for folkehelsa.
Handlingsprogrammet blei skipa ved avgjerd i Europaparlamentet og Rådet 20. juni 1997, og gjeld for tidsrommet 1. januar 1997 til 31. desember 2001. Vedtaket i EØS-komiteen og vedtaket til EU om å setje i verk programmet følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.