4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for å samordne den norske deltakinga i programmet. Departementet tek sikte på å skipe eit nasjonalt samordningsutval for programmet, med deltakarar frå relevante faginstitusjonar som t.d. Statistisk sentralbyrå og Statens institutt for folkehelse. Utvalet vil ha til oppgåve å samordne den norske faglege medverknaden i handlingsprogrammet og formidle informasjon om programmet til norske fagmiljø.
Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 13,8 millionar ECU for tidsrommet 1997-2001. Det norske tilskotet er totalt rekna til om lag 250.000 ECU eller om lag 2 millionar kroner.
Tilskotet frå EFTA-statane til programmet for helseovervaking er i 1998 rekna til 37.800 ECU. Den norske delen av kostnadene til EFTA i 1998 er 94,60 %. For 1998 utgjer det norske tilskotet såleis omlag 300.000 kroner. I tillegg kjem administrasjonskostnader som blir rekna saman med adminstrasjonskostnadene ved deltaking i dei andre helseprogramma.
Tilskotet blir dekt under budsjettet til Sosial- og helsedepartementet, kapittel 719 Andre førebyggande tiltak, post 21.