2 Nærare om handlingsprogrammet for helseovervaking
Føremålet med programmet er å medverke til å skipe eit helseovervakingssystem som gjer det mogleg å
måle helsetilstanden, utviklingstrekk og avgjerande helsefaktorar i heile Fellesskapet,
lette planlegginga, oppfølginga og vurderinga av fellesskapsprogram og -tiltak,
gje medlemsstatane føremålstenlege helseopplysningar, som kan nyttast til jamføringsføremål og til støtte for den nasjonale helsepolitikken
gjennom å oppmuntre til samarbeid mellom medlemsstatane og om naudsynt gjennom å støtte innsatsen deira ved å fremje samordninga av politikken og programma deira på dette området, og gjennom å fremje samarbeid med tredjestatar og med internasjonale organisasjonar som arbeider på området.
Dei tiltaka som skal gjennomførast innan ramma av programmet, er:
Fastsetjing av helseindikatorar for Fellesskapet
Skiping av eit fellesskapsnett for felles bruk av helsedata
Analysar og rapportar
Programmet vil m.a. granske eksisterande helseindikatorar og helsedata med sikte på å avgjere kor relevante dei er, kor god kvalitet dei har og kor dekkjande dei er. Det gjeld t.d. indikatorar om pårekna levetid, funksjonering og livskvalitet, livsstil og vanar som verker inn på helsa, leve- og arbeidsvilkår, bruk av ressursane i helsestellet, og demografiske og sosiale faktorar. Programmet vil vidare fremje samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med helsedata og helseindikatorar, og fremje nett for utveksling av helsedata som dekkjer særskilde område innan folkehelsa, med sikte på å gjere slike data lettare å jamføre. Programmet vil utvikle metodar og verktøy som er naudsynte for å utarbeide analysar og rapportar om helsetilstand, utviklingstrekk og avgjerande helsefaktorar. Det vil vere nyttig for Noreg å ta del i utviklingsarbeidet mellom dei europeiske statane på alle desse områda.