1 Bakgrunn
EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 gjeld innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 96/57/EF av 3. september 1996 om energieffektivitetskrav til elektriske hushaldskjøleskap og -frysarar og kombinasjonar av slike. Føremålet med direktivet er å fremje ei meir fornuftig energiutnytting. I innleiinga til direktivet er det såleis vist til ei rekkje vedtak og målsetjingar i samband med miljøpolitikken, m.a. kravet om reduserte utslepp av CO2. Når det gjeld elektriske hushaldsapparat, som krev ein monaleg del av elektrisitetskapasiteten i Fellesskapet, er målet å oppmuntre forbrukarane til å velje apparat og utstyr med høg elektrisitetseffektivitet og dessutan å betre effektiviteten til apparata. Direktivet har òg som mål å fjerne tekniske handelshindringar ved at lovgjevinga i medlemslanda vert harmonisert.
EØS-komitéavgjerda og direktivet i norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg. Gjennomføringa av direktivet krev lovendring. Framlegg til gjennomføring av direktivet vert gjort for Stortinget i ein eigen odelstingsproposisjon frå Olje og energidepartementet om endring av produktkontrollova.
Stortinget vert gjennom denne proposisjonen bedt om å samtykke til godkjenning av EØS-komitéen si avgjerd nr. 87/97.