2 Europaparlaments- og rådsdirektiv 96/57/EF av 3. september 1996 om energieffektivitetskrav til elektriske hushaldskjøleskap og -frysarar og kombinasjonar av slike
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 100 A,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen11,
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet22,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten33, og
ut frå desse synsmåtane:
Det er viktig å fremje tiltak som sikrar at den indre marknaden verkar tilfredsstillande.
I resolusjonen sin av 15. januar 1985 om forbedring av medlemsstatenes energisparingsprogrammer44
oppmoda Rådet medlemsstatane om å halde fram med og eventuelt auke innsatsen sin for å fremje ei meir fornuftig energiutnytting ved hjelp av ein integrert energisparingspolitikk.
Elektrisitetsforbruket til kjøleapparat til hushaldsbruk utgjer ein monaleg del av hushaldsforbruket av elektrisitet i Fellesskapet, og såleis av det samla elektrisitetsforbruket. Dei ulike modellane av kjøleapparat som er tilgjengelege på fellesskapsmarknaden, har svært ulikt elektrisitetsforbruk sjølv om dei har like stort volum og dei same eigenskapane, dvs. at energieffektiviteten deira varierer svært mykje.
Nokre medlemsstatar er i ferd med å vedta føresegner om energieffektiviteten til hushaldskjøleskap og -frysarar, noko som kan føre til hindringar for handelen med slike produkt i Fellesskapet.
I framlegg til tilnærming av lover og forskrifter i medlemsstatane om helse, tryggleik, miljøvern og forbrukarvern bør utgangspunktet vere eit høgt vernenivå. Dette direktivet sikrar eit høgt vernenivå for både miljøet og forbrukaren, ettersom siktemålet er å betre energieffektiviteten til dei førnemnde apparata monaleg.
Det høyrer inn under ansvarsområdet til Fellesskapet å vedta slike tiltak. Krava i dette direktivet går ikkje lenger enn det som er naudsynt for å nå dei måla som er fastsette i direktivet, og er såleis i samsvar med føresegnene i artikkel 3 B i traktaten.
I artikkel 130 R i traktaten er det vidare fastsett at måla for fellesskapspolitikken på miljøområdet m.a. skal omfatte vern og betring av miljøet og ei varsam og fornuftig utnytting av naturressursane. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft står for 30 % av dei utsleppa av karbondioksid (CO2) som er valda av menneske, og tilsvarar om lag 35 % av det primære energiforbruket i Fellesskapet. Desse prosentdelane er aukande.
Rådsvedtak 89/364/EØF av 5. juni 1989 om Fellesskapets handlingsprogram for bedre elektrisitetsutnyttelse55
har eit dobbelt mål: å oppmuntre forbrukarane til å velje apparat og utstyr med høg elektrisitetseffektivitet, og å betre effektiviteten til apparata og utstyret.
I konklusjonane sine av 29. oktober 1990 sette Rådet som mål at utsleppa av karbondioksid (CO2) i Fellesskapet skal stabiliserast på 1990-nivået innan år 2000. For å nå dette målet trengst det strengare tiltak for å stabilisere CO2-utsleppa i Fellesskapet.
Ved vedtak 91/565/EØF66
vart det skipa eit program for å fremje energieffektiviteten i Fellesskapet (SAVE-programmet).
Dei energieffektivitetstiltaka som det er teke omsyn til i dei nyaste, tilgjengelege kjøleapparatmodellane, aukar ikkje produksjonskostnadene i særleg grad, og kostnadene i samband med tiltaka kan på få år eller snøggare tenast inn gjennom redusert elektrisitetsforbruk. Dette reknestykket tek ikkje omsyn til den tilleggsføremona som følgjer av at dei eksterne kostnadene i samband med produksjonen av den elektriske krafta fell bort, t.d. når det gjeld utslepp av karbondioksid (CO2) og andre ureinande stoff.
Den vinsten i energieffektivitet som følgjer naturleg av konkurransepresset i marknaden og av betra produksjonsprosessar, og som er vurdert til om lag 2 % per år, medverkar til innsatsen for å innføre strengare standardar for energiforbruk.
Direktiv 92/75/EØF77
(rammedirektiv) og kommisjonsdirektiv 94/2/EF88
(gjennomføringsdirektiv for direktiv 92/75/EØF), som krev obligatorisk merking av apparat og andre former for opplysning om energiforbruket, vil gjere forbrukarane meir medvitne om energieffektiviteten til kjøleapparat til hushaldsbruk. Difor vil dette tiltaket òg oppmuntre dei ulike konkurrentane til å tilby apparat med høgare energieffektivitet enn det som er fastsett i standardane i dette direktivet. Forbrukararinformasjonen må likevel innehalde opplysningar om standardane for å kome fullt ut til nytte og føre til ei faktisk betring av den samla gjennomsnittlege energieffektiviteten til dei apparata som vert selde.
Dette direktivet, som har som mål å fjerne tekniske hindringar i samband med å betre energieffektiviteten til kjøleapparat til hushaldsbruk, må følgje den nye metoden som vart innførd ved rådsresolusjon av 7. mai 1985 om ein ny metode for teknisk harmonisering og standardisering99
, der det uttrykkjeleg er fastlagt at harmoniseringa av lovgjeving er avgrensa til å vedta, ved hjelp av direktiv, dei viktigaste krava som skal stettast av produkt som vert marknadsførde.
Det må innførast ei effektiv gjennomføringsordning for å sikre korrekt gjennomføring av direktivet, garantere produsentane like konkurransevilkår og verne rettane til forbrukarane.
Det bør takast omsyn til rådsavgjerd 93/465/EØF av 22. juli 1993 om modulene for de forskjellige fasene i rutinene for samsvarsvurdering og reglene for påføring og bruk av CE-samsvarsmerking til bruk i direktivene om teknisk harmonisering1010
.
Av omsyn til den internasjonale handelen bør internasjonale standardar nyttast der det er føremålstenleg. Elektrisitetsforbruket til eit kjøleapparat er definert av Den europeiske standardiseringsorganisasjonen i EN-standard 153 av juli 1995, som byggjer på ein internasjonal standard.
Kjøleapparat til hushaldsbruk som er i samsvar med energieffektivitetskrava i dette direktivet, må vere påførde CE-merking og tilhøyrande opplysningar for at dei skal kunne omsetjast fritt.
Dette direktivet omfattar nettdrivne kjøleapparat til hushaldsbruk som er meinte for næringsmiddel, men ikkje apparat som er framstilte etter særskilde spesifikasjonar. Kjøleutstyr til kommersiell bruk er mykje meir variert, og fell difor utanfor verkeområdet til dette direktivet -
VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:
Artikkel 1
Dette direktivet skal nyttast på nye, nettdrivne hushaldskjøleskap, -fryseskap og //fryseboksar og kombinasjonar av slike, slik det er definert i vedlegg I, heretter kalla «kjøleapparat». Direktivet omfattar ikkje apparat som òg kan drivast med andre energikjelder, t.d. batteri, kjøleapparat til hushaldsbruk som verkar etter absorpsjonsprinsippet, og apparat som er framstilte etter særskilde spesifikasjonar.
Artikkel 2
Medlemsstatane skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at dei kjøleapparata som dette direktivet omfattar, kan marknadsførast i Fellesskapet berre dersom elektrisitetsforbruket til det aktuelle apparatet er mindre enn eller lik det største tillatne elektrisitetsforbruket for kategorien, slik det er rekna ut etter framgangsmåtane i vedlegg I.
Produsenten av eit kjøleapparat som dette direktivet omfattar, representanten hans som er etablert i Fellesskapet, eller den personen som er ansvarleg for marknadsføringa av apparatet i Fellesskapet, skal syte for at kvart apparat som vert marknadsført, er i samsvar med det kravet som er nemnt i nr. 1.
Artikkel 3
Medlemsstatane kan ikkje forby, avgrense eller hindre marknadsføring på territoriet sitt av kjøleapparat som er påførde CE-merkinga som stadfestar at dei er i samsvar med alle føresegnene i dette direktivet.
Med mindre dei kan prove det motsette, skal medlemsstatane gå ut ifrå at kjøleapparat som er påførde CE-merking i samsvar med artikkel 5, stettar alle føresegnene i dette direktivet.
a.Dersom kjøleapparat er omfatta av andre direktiv som dekkjer andre aspekt, og som òg krev CE-merking, skal merkinga syne at dei aktuelle kjøleapparata òg er rekna for å stette føresegnene i dei andre direktiva, med mindre det motsette kan provast.
Dersom eitt eller fleire av desse direktiva i ein overgangsperiode gjev produsenten høve til å velje kva reglar som skal nyttast, skal CE-merkinga syne at apparata berre stettar føresegnene i dei direktiva som produsenten nyttar. I slike tilfelle må tilvisingsnummeret for dei direktiva som er nytta, slik det er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa, førast opp i dei dokumenta, rettleiingane eller instruksjonane som følgjer med kjøleapparata.
Artikkel 4
Framgangsmåtane for samsvarsvurdering og pliktene i samband med CE-merkinga av kjøleapparat er fastsette i vedlegg II.
Artikkel 5
Når apparata vert marknadsførde, skal dei vere påførde CE-merking. Merkinga er samansett av bokstavane «CE». Modellen som skal nyttast, er oppførd i vedlegg III. CE-merkinga skal vere påførd kjøleapparatet og eventuelt emballasjen på ein slik måte at ho er synleg, leseleg og usletteleg.
Det er forbode å påføre kjøleapparat merking som kan villeie tredjemann med omsyn til tydinga og den grafiske utforminga av CE-merkinga. All anna merking kan påførast apparata, emballasjen deira, bruksrettleiinga deira eller andre dokument på det vilkåret at ho ikkje gjer CE-merkinga mindre synleg og leseleg.
Artikkel 6
Dersom ein medlemsstat slår fast at påføringa av CE-merkinga er urettkomen, har produsenten eller representanten hans som er etablert i Fellesskapet, plikt til å syte for at produktet stettar føresegnene att, og til å stanse mishaldet på dei vilkåra som medlemsstaten fastset. Dersom verken produsenten eller representanten hans er etablert i Fellesskapet, ligg denne plikta på den personen som er ansvarleg for marknadsføringa av kjøleapparatet i Fellesskapet.
Dersom produktet held fram med å ikkje stette føresegnene, skal medlemsstaten i medhald av artikkel 7 gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for å avgrense eller forby marknadsføringa av det aktuelle produktet eller for å sikre at det vert trekt tilbake frå marknaden.
Artikkel 7
Alle vedtak gjorde i medhald av dette direktivet som avgrensar marknadsføringa av kjøleapparat, skal vere utførleg grunngjevne. Den parten som det kjem ved, skal straks få melding om vedtaket og skal samstundes få opplysningar om kva klagerettar og klagefristar han har etter gjeldande lovgjeving i den aktuelle medlemsstaten.
Medlemsstaten skal straks melde frå til Kommisjonen om slike tiltak og grunngje avgjerda si. Kommisjonen skal gje dei andre medlemsstatane melding om dette.
Artikkel 8
Innan fire år etter at dette direktivet er vedteke, skal Kommisjonen vurdere dei resultata som er oppnådde, samanlikna med dei som var venta. Med sikte på at arbeidet med å betre energieffektiviteten kan gå over i ein andre fase, skal Kommisjonen deretter, i samråd med dei partane det gjeld, vurdere om det må fastsetjast ei ny rekkje føremålstenlege tiltak med sikte på monaleg betring av energieffektiviteten til kjøleapparat til hushaldsbruk. I så fall skal alle energieffektivitetstiltak og datoen då dei tek til å gjelde, vere baserte på energieffektivitetsnivå som er økonomisk og teknisk grunngjevne ut frå dei aktuelle tilhøva. Det skal òg takast omsyn til alle andre tiltak som vert vurderte som føremålstenlege med sikte på å betre effektiviteten til kjøleapparat til hushaldsbruk.
Artikkel 9
Medlemsstatane skal vedta og kunngjere dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan eitt år etter at det er vedteke. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.
Medlemsstatane skal nytte desse føresegnene frå utgangen av eit tidsrom på tre år rekna frå den dagen då dette direktivet vart vedteke.
Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.
Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.
I eit tidsrom på tre år etter at dette direktivet er vedteke, skal medlemsstatane tillate marknadsføring av kjøleapparat som stettar dei vilkåra som galdt på territoriet deira den dagen då dette direktivet vart vedteke.
Artikkel 10
Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Artikkel 11
Dette direktivet er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 3. september 1996. | |
For Europaparlamentet | For Rådet |
K. HÄNSCH | I. YATES |
President | Formann |
Vedlegg I
Metode for utrekning av det største tillatne elektrisitetsforbruket for eit kjøleapparat og framgangsmåte for samsvarskontroll
Elektrisitetsforbruket til eit kjøleapparat (som kan uttrykkjast i kWh per 24 timar) er avhengig av kva apparatkategori det høyrer til (t.d. kjøleskap merkt med éi stjerne, fryseboks osv.), volumet til apparatet og energieffektiviteten til konstruksjonen (tjukkleiken på isolasjonen, yteevna til kompressoren osv.) og skilnaden mellom omgjevnadstemperaturen og temperaturen inni apparatet. Når det skal fastsetjast standardar for energieffektivitet, må det difor takast omsyn til dei viktigaste konstruksjonsfaktorane som påverkar energiforbruket (dvs. kategorien og volumet til apparatet). Difor vert det største tillatne elektrisitetsforbruket til eit kjøleapparat definert ved hjelp av ei førstegradslikning som ein funksjon av volumet til apparatet, med ulike likningar for kvar kategori apparat.
For at det største tillatne elektrisitetsforbruket til eit særskilt apparat skal kunne reknast ut, må det difor først plasserast i ein av kategoriane nedanfor:
Kategori | Apparattype |
1 | Kjøleskap utan fryseavdeling1 |
2 | Kjøle-/svalskap med avdelingar med 5 ºC og/eller 12 ºC |
3 | Kjøleskap med fryseavdeling utan stjernemerking |
4 | Kjøleskap med fryseavdeling merkt med éi stjerne (*) |
5 | Kjøleskap med fryseavdeling merkt med to stjerner (**) |
6 | Kjøleskap med fryseavdeling merkt med tre stjerner (***) |
7 | Kjøle-/fryseskap med frysar merkt med fire stjerner (****) |
8 | Fryseskap |
9 | Fryseboks |
10 | Kjøle-/fryseskap med meir enn to dører, eller andre apparat som ikkje er nemnde ovanfor |
1 Alle avdelingar med ein temperatur på -6 ºC eller lågare.
Ettersom kjøleapparat har ulike avdelingar som skal halde ulik temperatur (noko som i stor grad innverkar på elektrisitetsforbruket), vert det største tillatne elektrisitetsforbruket i praksis definert som ein funksjon av det justerte volumet, som er ein vegen sum av voluma til dei ulike avdelingane.
I dette direktivet vert såleis det justerte volumet (Vadj) til eit kjøleapparat definert ved følgjande formel:
Vadj = Σ Vc x Wc x Fc x Cc
Wc = (25 - Tc) / 20
der Tc er den nominelle temperaturen for kvar avdeling (i ºC), og
der Vc er nettovolumet til ein særskild type avdeling i apparatet og Fc er ein faktor som er lik 1,2 for avdelingar med kaldluftfrysing («no frost»-avdeling) og lik 1 for andre avdelingar.
Cc = 1 | for kjøleapparat for klimasonene med normale temperaturar (N) og temperaturar som er lågare enn normalt (SN), |
Cc = Xc | for kjøleapparat for klimasona med subtropiske temperaturar (ST), |
Cc = Yc | for kjøleapparat for klimasona med tropiske temperaturar (T). |
Vegingskoeffisientane Xc og Yc for dei ulike typane avdelingar er:
Tabell over vegingskoeffisientane Xc og Yc etter temperaturen i avdelinga
Xc | Yc | |
Svalavdeling | 1,25 | 1,35 |
Kjøleavdeling | 1,20 | 1,30 |
Avdeling med 0 ºC | 1,15 | 1,25 |
Avdeling utan stjernemerking | 1,15 | 1,25 |
Avdeling merkt med éi stjerne (*) | 1,12 | 1,20 |
Avdeling merkt med to stjerner (**) | 1,08 | 1,15 |
Avdeling merkt med tre stjerner (***) og fire stjerner (****) | 1,05 | 1,10 |
Både det justerte volumet og nettovolumet skal oppgjevast i liter.
Det største tillatne elektrisitetsforbruket (Emax uttrykt i kWh per 24 timar og utrekna med to desimalar) for ein type apparat med justert volum Vadj vert utrekna etter følgjande likningar for kvar kategori apparat:
Kategori | Apparattype | Emax (kWh/24 t) |
1 | Kjøleskap utan fryseavdeling | (0,207 x Vadj + 218) / 365 |
2 | Kjøle-/svalskap med avdelingar med 5 ºC og/eller 12 ºC | (0,207 x Vadj + 218) / 365 |
3 | Kjøleskap med fryseavdeling utan stjernemerking | (0,207 x Vadj + 218) / 365 |
4 | Kjøleskap med fryseavdeling (*) | (0,557 x Vadj + 166) / 365 |
5 | Kjøleskap med fryseavdeling (**) | (0,402 x Vadj + 219) / 365 |
6 | Kjøleskap med fryseavdeling (***) | (0,573 x Vadj + 206) / 365 |
7 | Kjøle-/fryseskap med frysar (****) | (0,697 x Vadj + 272) / 365 |
8 | Fryseskap | (0,434 x Vadj + 262) / 365 |
9 | Fryseboks | (0,480 x Vadj + 195) / 365 |
For kjøle-/fryseskap med meir enn to dører eller andre apparat som ikkje er nemnde ovanfor, vert det største tillatne elektrisitetsforbruket (Emax) fastsett på grunnlag av temperaturen og talet på stjerner for den avdelinga som har lågast temperatur, på følgjande måte:
Temperaturen i den kaldaste avdelinga | Kategori | Emax (kWh/24 t) |
< - 6 ºC | 1/2/3 | (0,207 x Vadj + 218) / 365 |
<= - 6 ºC (*) | 4 | (0,557 x Vadj + 166) / 365 |
<= - 12 ºC (**) | 5 | (0,402 x Vadj + 219) / 365 |
<= - 18 ºC (***) | 6 | (0,573 x Vadj + 206) / 365 |
<= - 18 ºC (****) | 7 | (0,697 x Vadj + 272) / 365 |
Framgangsmåtar for prøving med sikte på å kontrollere om eit apparat er i samsvar med krava til elektrisitetsforbruk i dette direktivet
Dersom elektrisitetsforbruket til eit kjøleapparat som skal prøvast, er mindre enn eller lik verdien Emax (det største tillatne elektrisitetsforbruket for kategorien, slik det er definert ovanfor) pluss 15 %, vert apparatet godkjent som samsvarande med krava til elektrisitetsforbruk i dette direktivet. Dersom elektrisitetsforbruket til apparatet er større enn verdien Emax pluss 15 %, må elektrisitetsforbruket til tre apparat til målast. Dersom det aritmetiske gjennomsnittet av elektrisitetsforbruket til desse tre apparata er mindre enn eller lik verdien Emax pluss 10 %, vert apparatet godkjent som samsvarande med krava til elektrisitetsforbruk i dette direktivet. Dersom det aritmetiske gjennomsnittet overstig verdien Emax pluss 10 %, må apparatet reknast for å ikkje vere i samsvar med krava til elektrisitetsforbruk i dette direktivet.
Definisjonar
Dei termane som er nytta i dette vedlegget, svarar til definisjonane i den europeiske standarden EN 153 av juli 1995, som er fastsett av Den europeiske standardiseringsorganisasjonen.
Vedlegg II
Framgangsmåtar for samsvarsvurdering (Modul A)
Denne modulen gjer greie for den framgangsmåten som produsenten eller representanten hans som er etablert i Fellesskapet, som utfører dei pliktene som er fastsette i nr. 2, nyttar for å sikre og gjere kjent at kjøleapparatet stettar krava i dette direktivet. Produsenten skal påføre CE-merkinga på kvart kjøleapparat som han produserer, og utarbeide ei skriftleg samsvarsfråsegn.
Produsenten skal utarbeide den tekniske dokumentasjonen som det er gjort greie for i nr. 3, og produsenten eller representanten han som er etablert i Fellesskapet, skal la dokumentasjonen stå til rådvelde for nasjonale styresmakter med sikte på inspeksjon i eit tidsrom på minst tre år rekna frå den siste produksjonsdagen for apparatet.
Dersom verken produsenten eller representanten hans er etablert i Fellesskapet, ligg plikta til å la den tekniske dokumentasjonen stå til rådvelde på den personen som er ansvarleg for marknadsføringa av kjøleapparatet i Fellesskapet.
Den tekniske dokumentasjonen skal gjere det mogleg å vurdere om kjøleapparatet er i samsvar med krava i dette direktivet. Han skal så langt det er naudsynt for vurderinga, omfatte konstruksjonen av, framstillinga av og verkemåten til kjøleapparatet, og innehalde:
namnet og adressa til produsenten,
ein generell omtale av modellen som gjer det mogleg å identifisere han på ein eintydig måte,
opplysningar, eventuelt med teikningar, om dei viktigaste konstruksjonskjenneteikna ved modellen, særleg eigenskapar som har ein klår innverknad på elektrisitetsforbruket, t.d. dimensjonar, volum, kompressorspesifikasjonar, særlege kjenneteikn osv.,
eventuell bruksrettleiing,
resultata av målingar av elektrisitetsforbruket utførde i samsvar med nr. 5,
nærmare opplysningar om samsvaret til desse målingane med dei krava til energiforbruk som er fastsette i vedlegg I.
Teknisk dokumentasjon som er utarbeidd i medhald av andre fellesskapsreglar, kan nyttast i den grad han stettar krava i dette vedlegget.
Produsentane av kjøleapparata har ansvaret for å slå fast kor stort elektrisitetsforbruket er for kvart kjøleapparat som dette direktivet omfattar, etter dei framgangsmåtane som er fastsette i den europeiske standarden EN 153, og for å syte for at apparatet er i samsvar med krava i artikkel 2.
Produsenten eller representanten hans skal ta vare på ein kopi av samsvarsfråsegna saman med den tekniske dokumentasjonen.
Produsenten skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for at produksjonsprosessen sikrar at dei kjøleapparata som vert produserte, er i samsvar med den tekniske dokumentasjonen som er nemnd i nr. 2, og med dei krava i direktivet som gjeld for dei.
Vedlegg III
CE-SAMSVARSMERKING
CE-samsvarsmerkinga er samansett av bokstavane «CE» med følgjande grafiske utforming:
/* 396L0057/43/1 */
Dersom CE-merkinga vert forminska eller forstørra, må ho likevel ha dei storleikshøva som går fram av rutemønsteret ovanfor.
Dei ulike delane av CE-merkinga må så langt som råd vere jamhøge og ikkje lågare enn 5 mm.
Fotnotar
TEF nr. C 390 av 31.12.1994, s. 30, og TEF nr. C 49 av 20.2.1996, s. 10.
TEF nr. C 155 av 21.6.1995, s. 18.
Europaparlamentsfråsegn av 26. oktober 1995 (TEF nr. C 308 av 20.11.1995, s. 134), felles haldning frå Rådet av 11. mars 1996 (TEF nr. C 120 av 24.4.1996, s. 10) og europaparlamentsavgjerd av 18. juni 1996 (TEF nr. C 198 av 8.7.1996).
TEF nr. C 20 av 22.1.1985, s. 1.
TEF nr. L 157 av 9.6.1989, s. 32.
TEF nr. L 307 av 8.11.1991, s. 34.
TEF nr. L 297 av 13.10.1992, s. 16.
TEF nr. L 45 av 17.2.1994, s. 1.
TEF nr. C 136 av 4.6.1985, s. 1.
TEF nr. L 220 av 30.8.1993, s. 23.