4 Tilhøvet til norsk rett og vurderingar i høve til EØS-avtala
Det finst i dag inga eigna lov under Olje- og energidepartement som gjev heimel for forskrifter om krav til energieffektivitet. Etter ei grundig vurdering har ein kome til at det er føremålstenleg å nytte produktkontrollova som ei slik heimelslov. Dette krev endringar i lova som vil verte fremja gjennom ein odelstingsproposisjon. Proposisjonen vert fremja av Olje- og energidepartementet i samråd med dei to departementa som i dag har ansvaret for produktkontrollova, Miljøverndepartementet og Barne- og Familiedepartementet. Forslaget i odelstingsproposisjonen inneber at føremålet til produktkontrollova vert utvida til å omfatte energibruk, samt at det vert innført ein ny artikkel 4a i produktkontrollova som gjev Kongen fullmakt til å utferde forskrifter om energieffektivitetskrav. Kongen får såleis blant anna høve til å vedta at tilverkaren skal påføre CE-merking på kvart kjøleapparat han tilverkar, grenser for største tillatne energibruk og metode for utrekning av slik energibruk. Det vil vere forbode å omsetje kjøleskap, frysarar og kombinasjonar av slike dersom energibruken til apparatet overskrider maksimalgrensa.
Odelstingsproposisjonen og europaparlaments- og rådsdirektiv 96/57/EF har vore send på høyring til alle departementa, relevante underliggjande etatar, bransjeorganisasjonar, miljøvernorganisasjonar, partane i arbeidslivet o.fl. Barne- og familiedepartementet og Miljøverndepartementet har i samband med dette gjeve si tilslutning til innlemming av direktivet.