3 Avgjerda til EØS-komiteén
Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komitéen 9. desember 1997 å endre vedlegg II og IV til EØS-avtala. Vedlegg II gjeld tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering. Vedlegg IV gjeld energi. EØS-komitéavgjerd nr. 87/97 av 9. desember 1997 inneheld ei innleiing og fem artiklar. I innleiinga er det vist til EØS-avtala, særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komitéen.
Artikkel 1 i den førnemnde avgjerda til EØS-komitéen slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 96/57/EF om energieffektivitetskrav til elektriske hushaldskjøleskap og -frysarar og kombinasjonar av slike skal leggjast til som nytt nr. 5 i kapittel IV i vedlegg II til avtala.
Artikkel 2 slår fast at det same direktivet skal leggjast til som nytt nr. 13 i vedlegg IV til avtala. Direktivet står her oppført til informasjon, og det vert vist til vedlegg II.
Artikkel 3 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk liksom på EF-språka.
I samsvar med artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala slår artikkel 4 i avgjerda fast at ho ikkje skal ta til å gjelde før partane har gjeve melding om at dei forfatningsrettslege krava er stetta. For Noreg kan dette gjerast først etter at Stortinget har gjeve samtykke etter reglane i § 26 andre leddet i Grunnlova.
Artikkel 5 slår fast at avgjerda til EØS-komitéen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Ettersom innlemminga av direktivet krev lovendring i Noreg, er avgjerda teken med atterhald om samtykke frå Stortinget. Då EØS-komitéen 9. desember 1997 tok avgjerda om å innlemme rettsakta i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga måtte oppfyllast før avgjerda kunne verte bindande i Noreg.