St.prp. nr. 49 (2008-2009)

Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om Noregs deltaking i europeiske romfartsprogram

I

Tilsegnsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 2009 kan gi tilsegn om tilskot på 153,7 millionar euro i tillegg til den eksisterande løyvinga for å delta i dei frivillige programma til Den europeiske romorganisasjonen ESA. Samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar skal likevel ikkje overstige 183,2 millionar euro.