5 Rådsmøte på ministernivå, Haag - 25. og 26. november 2008
ESA-programma blir finansierte ved at medlemsland deklarerer deltaking under kvart program. Det skjer i hovudsak på rådsmøte på ministernivå. Ministerrådsmøta blir til vanleg haldne kvart tredje år. Det siste møtet blei halde i Haag 25. og 26. november 2008.
Her var det stor oppslutnad mellom medlemslanda i ESA om å prioritere offentleg satsing på romverksemd. Store delar av bidraga til medlemslanda er knytte til vidareføring av eksisterande program. For dei nye programma deklarerte medlemslanda for 98 prosent av det estimerte budsjettet til ESA. Det blei vedteke å starte opp fleire nye program, mellom anna eit program for å utvikle ein tredje generasjon med meteorologisatellittar (Meteosat Third Generation) og klimaprogrammet Climate Change Initiative. ESA har ein tydeleg miljøprofil og er mellom anna operasjonelt ansvarleg for utviklinga og utbygginga av miljøsatellittovervakingsprogrammet til EU, GMES. Prioriterte område for europeisk romverksemd er romforsking, sikring av strategisk infrastruktur i rommet og utvikling av europeisk romindustri til ei innovativ, berekraftig og konkurransedyktig næring.