8 Nærare omtale av programma til ESA
Den viktigaste årsaka til norsk engasjement i nasjonal og internasjonal romverksemd har vore omsynet til industri- og teknologiutvikling. I framtida vil det også vere ei sentral målsetjing at dei statlege løyvingane til romverksemd skal utløyse forsking og utvikling på viktige teknologiområde. Med utgangspunkt i dette blei dei norske deklarasjonane under ministerrådsmøtet konsentrerte om program som gir gode industrielle moglegheiter for norske verksemder. Tabell 8.1 viser deklarerte norske forpliktingar ved ministerrådsmøtet i Haag i november 2008.
Teknologiutvikling og innovasjon
GSTP (General Support Technology Programme) blei etablert for å utvikle og kvalifisere kritiske teknologiar for å dekkje dei forventa behova til ESA, men er i seinare fasar i stadig aukande grad blitt marknadstilpassa i samsvar med ønska til industrien. Fleire marknadsnære prosjekt er baserte på industriell medfinansiering. Programmet blir i stor grad koordinert med dei andre initiativa til ESA for innovasjon og nyskaping.
Ei vidareføring av deltakinga i GSTP vil gjere det mogleg å vidareutvikle leiande norsk teknologi mot kommersielle marknader og gjennomføre naudsynt kvalifisering av produkta for vitskaps- eller bruksprogramma til ESA. Omfanget av deltakinga vil vere utslagsgivande for generelle og langsiktige teknologiutviklingsaktivitetar og utvikling av brukarteknologi knytt til jordobservasjon og navigasjon. Programaktivitetane forsterkar verknaden av nasjonale følgjeprogram. I perioden 2009-2013 har Noreg deklarert deltaking i vidareføringa av GSTP med 17,3 millionar euro.
PRODEX (Programme de développement d'expériences scientifique) er eit program som er oppretta for å gi mindre medlemsland betre høve til å delta med eksperiment på ESA-satellittane. I tillegg vil deltakinga styrkje den nasjonale forskingsbruken av informasjon frå desse satellittane. Ein stor del av deltakinga vil vere direkte knytt til utviklinga av naudsynt teknologi og nye metodar. Noreg har deklarert deltaking på 3,3 millionar euro i perioden 1999-2013.
Det blei vedteke at GMES Service Element skulle vidareførast fram til 2011. Det er eit tenesteutviklingsprogram knytt til GMES. Programmet er særs interessant for norsk industri, både frå eit bruks- og frå eit industriperspektiv. I perioden 2009-2011 har Noreg deklarert deltaking i GMES Service Element med 1,5 millionar euro.
Satellittkommunikasjon
ARTES (Advanced Research in Telecommunications Systems) gir verksemder høve til å gjennomføre aktivitetar innanfor system-, teknologi- og utstyrsutvikling. Målet er å styrkje konkurranseevna til europeisk industri innanfor satellittkommunikasjon. Programmet blir derfor gjennomgått kvart år i nært samarbeid med europeisk industri. Kontraktar som blir inngått med industrien, er til vanleg bygd på medfinanisering.
Noreg har verksemder som er leiande innanfor nisjane på den globale marknaden for satellittkommunikasjon. Derfor er det viktig at norsk industri får høve til å delta i ESA-prosjekta på lik linje med konkurrentane. Dei kan dermed delta i samarbeidskonstellasjonar med dei store europeiske romverksemdene. I perioden 2009-2013 har Noreg deklarert deltaking i vidareføringa av ARTES på 15,7 millionar euro.
Satellittnavigasjon
European GNSS Evolution programme er eit ESA-program som blei starta i 2007 (fase 1). Programmet er eit viktig supplement til validering og vidareutvikling av satellittnavigasjonssystema EGNOS og Galileo. Den norske målsetjinga er å bidra til at norsk industri blir konkurransedyktig for leveransar til GNSS, og sikre at EGNOS og Galileo fungerer like godt på nordlege breiddegrader som i resten av Europa. Dette programmet er det einaste i Europa innanfor satellittnavigasjon der ein fokuserer på interessene våre i nord. Fase 2 er opna for deklarasjon og skal gå i perioden 2009-2011. For perioden har Noreg deklarert deltaking i GNSS Evolution Extension med 3,5 millionar euro.
Jordobservasjonsprogram
Jordobservasjonsinformasjon er avgjerande for å få innsikt i korleis jorda fungerer som system, og for å etablere samfunnsviktige tenester. GMES-programmet (Global Monitoring for Environment and Security) sikrar norske brukarar tilgang på viktige data for å overvake havområda våre i nord. Programmet er delt i to: GMES Space Component og GMES tenesteutviklingsprogram. Tre jordovervakingssatellittar er under bygging. For perioden 2009-2017 har Noreg deklarert deltaking på 8,6 millionar euro i GMES Space Component.
Meteosat Third Generation (MTG) er eit vêrsatellittprogram som skal gjennomførast i samarbeid med Den europeiske meteorologiske satellittorganisasjonen EUMETSAT. Over tid vil det resultere i 6 operative satellittar i geostasjonær bane med den første oppskytinga rundt 2015. For perioden 2009-2020 har Noreg deklarert deltaking i MTG med 11,5 millionar euro.
Det nye programmet Climate Change Initiative byggjer på ekspertisen i Europa innanfor prosessering, generering og utnytting av globale satellittdata. Gjennom programmet vil ein gjere satellittdata tilgjengeleg for internasjonale klimapanel over lengre tid. Programmet vil gi viktig informasjon om, og betre forståing av klimaendringane på sikt. Noreg har deklarert deltaking i programmet med 2,5 millionar euro for perioden 2009-2014.
Romstasjon, mikrogravitasjon og utforsking av solsystemet
Noreg skal delta i den internasjonale romstasjonen (International Space Station, ISS). Forpliktinga er nedfelt i ein eigen fleirnasjonal avtale. Fleire norske forskarar deltek med eksperiment om bord på romstasjonen. Noreg har deklarert deltaking med 7,2 millionar euro for perioden 2008-2012.
Noreg deltek i mikrogravitasjonsprogrammet ELIPS (European Programme for Life and Physical Sciences and Applications in Space). I dei førre fasane av programmet har Noreg hatt god industriretur. Noreg har deklarert deltaking i vidareføringa av dette programmet på 4,6 millionar euro for perioden 2008-2012.
ESA-programmet for utforsking av solsystemet, Aurora, blir forlenga fram til 2016. Ein milepåle er å lande med eit køyretøy på Mars for å undersøkje forholda for liv. Noreg har derfor utvida den deklarerte deltakinga i Aurora Enhanced ExoMars til 1,6 millionar euro.
Romovervaking
ESA har starta eit eige program innanfor romovervaking (Space Situational Awareness - SSA). Målet er å greie ut og leggje til rette for eit operativt, europeisk sjølvstende innanfor deteksjon og sporing av satellittar og romsøppel, varsling av romvêr som kan påverke satellittar, astronautar og bakkeinfrastruktur, i tillegg til overvaking og varsling av asteroidar og kometar som passerer nær jorda. I Noreg er det interesse og kompetanse innanfor alle dei tre felta, men særleg innanfor romvêr og baneberekning. Noreg har deklarert deltaking i SSA på 2,2 millionar euro for perioden 2009-2011.
Romtransport
Noreg deltek i romstasjonsprogrammet til ESA for å sikre etablerte norske utviklings- og produksjonsaktivitetar. Utviklinga av nye bererakettar sikrar også at Europa er uavhengig av andre romnasjonar på dette området og garanterer at Europa har ein uavhengig tilgang til rommet.
Ariane-5 Post ECA er eit program for å utvikle eit nytt øvre trinn til bereraketten Ariane-5. Norsk industri er posisjonert for å vidareutvikle produkt som dei i dag leverer til Ariane-5. Noreg har deklarert deltaking i programmet på 5 millionar euro for perioden 2009-2011.
Ariane-5 ARTA (Ariane-5 Research and Technology Accompaniment Programme) skal sikre at bereraketten Ariane-5 er påliteleg og held høg kvalitet. Norsk deltaking er naudsynt for å ta vare på kvalitetssikringa av norske produksjonsleveransar. Noreg har deklarert deltaking i vidareføringa av ARTA med 1,4 millionar euro for perioden 2011-2013.
FLPP (Future Launchers Preparatory Programme) skal skaffe systemkompetanse og nødvendig teknologi for framtidige bererakettar. Norsk deltaking sikrar posisjonering og tilpassing av norskutvikla teknologi. Norske verksemder får dermed vidareført engasjementet sitt innanfor dette segmentet. Noreg har deklarert deltaking i vidareføringa av FLPP med 4 millionar euro for perioden 2009-2012.
Tabell 8.1 Nye norske deklarasjonar til ESA-programma
Område | Program | Beløp i mill. euro | Periode |
Teknologiutvikling og innovasjon | PRODEX | 3,30 | 2009-2013 |
GSTP Period 5 | 17,30 | 2009-2013 | |
GMES Service Element | 1,50 | 2009-2011 | |
Satellittkommunikasjon | ARTES (Advanced Research and Telecommunication Systems) | 15,70 | 2009-2013 |
Satellittnavigasjon | European GNSS Evolution Extension | 3,50 | 2009-2011 |
Jordobservasjonsprogram | GMES Space Component Segment 2 | 8,60 | 2009-2018 |
Meteosat Third Generation | 11,50 | 2009-2020 | |
Climate Change Initiative | 2,50 | 2009-2014 | |
Romstasjon, mikrogravitasjon og utforsking av solsystemet | ISS Exploitation Period 3-Fixed | 5,80 | 2008-2012 |
ISS Exploitation Period 3-Variable | 1,40 | 2008-2012 | |
ELIPS Period 3 | 4,60 | 2008-2012 | |
Aurora Enhanced ExoMars | 1,60 | 2009-2016 | |
Romovervaking | Space Situational Awareness Period 1 | 2,20 | 2009-2011 |
Romtransport | Ariane 5 ARTA 2011-2013 | 1,40 | 2011-2013 |
Ariane-5 post ECA | 5,00 | 2009-2011 | |
FLPP Period 2 Step 2 SDT | 4,00 | 2009-2012 | |
Sum | 89,90 |
Drifta av oppskytingsbasen CSG Kourou i Fransk Guyana er knytt til den obligatoriske kontingenten. Drifta blir rekna ut etter ein skala basert på kor stor del av produksjonen til nasjonane som går til Ariane-rakettane, og av gjennomsnittleg netto nasjonalinntekt.