9 Økonomiske og administrative følgjer
Deltakinga i nye ESA-program får ingen administrative følgjer. Deltakinga i nye ESA-program blir ivareteke av den eksisterande administrasjonen i Norsk Romsenter.
Tabell 9.1 Forventa utbetalingsprofil for forpliktingane som blei inngått ved ministerrådsmøtet i Haag
År | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017-2020 | sum | |
Nye frivillige program Haag 2008 | Euro | 3,2 | 20,4 | 25,2 | 13,1 | 10,6 | 6,6 | 4,1 | 3,5 | 3,2 | 89,9 |
Kroner | 25,9 | 165,2 | 204,1 | 106,1 | 85,9 | 53,5 | 33,2 | 28,4 | 25,9 | 728,2 |
Av forpliktingane som er inngått i Haag, blir det rekna med at 3,2 millionar euro må utbetalast i 2009. På grunn av valutakursjusteringar, framdrifta i løpande ESA-program og utbetalingskrav knytte til forpliktingar som blei inngått i Haag, vil Nærings- og handelsdepartementet komme attende med eventuelle endringar i løyvinga for 2009 under kapittel 922, post 71.
På ministerrådsmøtet i Haag blei det inngått forpliktingar på 89,9 millionar euro. Desse kjem i tillegg til forpliktingar som blei inngått i tidlegare ministerrådsmøte. Ved inngangen til 2009 utgjorde dette 93,3 millionar euro. Dei samla forpliktingane utgjer dermed 183,2 millionar euro. For 2009 er det vedteke ei løyving på 29,5 millionar euro. Ut frå dette er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 153,7 millionar euro for 2009.