1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.60 Samferdselsberedskap og 22.10 Post og telekommunikasjonar.
Proposisjonen gjeld desse sakene:
Under 21.20 Vegformål:
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om endring i løyvingar som følgje av oppretting av eit interimselskap for å førebu omorganiseringa av produksjonsverksemda i Statens vegvesen.
Det blir tilrådd at bompengeselskapet får høve til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av utbygging av rv 9 Setesdalen i Aust-Agder.
Departementet tilrår at bompengeselskapet får høve til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av utbygging av rv 70 Nordsundbrua - Løkkemyra, ny innfartsveg til Kristiansund i Møre og Romsdal.
Det blir tilrådd at bompengeselskapet får høve til å krevje inn bompengar til utbygging av rv 661 ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal.
Under 21.40 Særskilde transporttiltak:
Departementet gjer greie for opplegg for etteroppgjer til fylkeskommunar som har fått ein relativt stor nedgang i kompensasjon for autodieselavgift til bussdrift med tilskott frå fylkeskommunane.
Det blir orientert om status for ny hurtigruteavtale.
Under 21.60 Samferdselsberedskap:
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, med 1,2 mill. kr, jf. omtale under 22.10 Post og telekommunikasjonar.
Under 22.10 Post og telekommunikasjonar:
På grunn av at Post- og teletilsynet skal ha eit særskilt ansvar for teletryggleik og -beredskap gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 1,2 mill. kr mot tilsvarande reduksjon på kap. 1360, post 01 Driftsutgifter.
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om endringar i løyvingane på kap. 1380 og 4380 som følgje av at laboratorieverksemda i Post- og teletilsynet blir skilt ut i eit aksjeselskap eigd av Post- og teletilsynet og Nemko AS.
Det blir orientert om anbodsutsetjing av tungtransporten i Posten.
Departementet orienterer om sal av Posten Servicepartner AS.