St.prp. nr. 50 (2001-2002)

Om løyvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

5 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar

Kap. 1380 Post og teletilsynet (jf. kap. 4380)

Utgifter til teletryggleik og -beredskap

Med bakgrunn i St.meld. nr. 47 (2000-2001) Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked med fri konkurranse, jf. Innst. S. nr. 329 (2000-2001), skal Post- og teletilsynet vere ansvarleg styresmakt for teletryggleik og -beredskap. I meldinga er det lagt opp til å dekkje dei kostnadene Post- og teletilsynet har til å etablere den nye funksjonen, over beredskapsbudsjettet i Samferdselsdepartementet. Etableringa vil i alt koste om lag 3,2 mill. kr, av dette 1,2 mill kr i 2002. I 2001 blei det løyvd 2 mill. kr til etableringa av denne funksjonen, jf. omtale i St.prp. nr. 18/Innst. S. nr. 50 (2001-2002). Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 1,2 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1360 Samferdselsberedskap og nedafor.

Comlab - overdraging av verksemd frå Post- og teletilsynet til eit nytt aksjeselskap

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å skilje ut Post- og teletilsynet si laboratorieverksemd, Comlab, i eit eige aksjeselskap i samarbeid med Nemko AS. Comlab har i dag 15 tilsette. Det nye selskapet, Nemko Comlab AS, vil vere operativt seinast frå 1. juni 2002. Post- og teletilsynet og Nemko AS vil kvar eige 50 pst. av aksjeselskapet. Bakgrunnen for etableringa av selskapet er at ein ønskjer eit klarare skilje mellom oppgåvene som styresmakt og utføring av måleoppdrag i ein konkurransemarknad. Vidare har behovet for laboratorietenester blitt redusert i Post- og teletilsynet som følgje av avvikling av typegodkjenningsordninga i samsvar med det nye regelverket for teleterminalutstyr i EU/EØS. Ordninga med typegodkjenning av utstyr har blitt erstatta med eigenerklæringar frå utstyrsprodusentane og etterkontroll og målingar av produkt i marknaden. Dette opplegget krev færre målingar enn typegodkjenningsordninga der alle produkt måtte førehandstestast og godkjennast.

Utskiljing i eit selskap blir vurdert som ei betre løysing enn nedlegging eller nedbygging av verksemda. Utskiljingsalternativet inneber større kostnadsinnsparingar enn ved ei gradvis nedbygging. På lang sikt vil det ikkje vere store økonomiske skilnader ved utskiljing eller nedlegging, men utskiljing inneber at Post- og teletilsynet i utgangspunktet vil eige halve selskapet med dei verdiar som finst der, og at det er mogeleg å skape lønsam drift og sikre arbeidsplassar.

Post- og teletilsynet tek sikte på å overdra heile selskapet til Nemko etter 2 års drift. Det er avtalt at Nemko skal kunne kjøpe ut Post- og teletilsynet til 50 pst. av aksjekapitalen med tillegg/frådrag for selskapet sine resultat etter skatt i perioden. Dersom Nemko ikkje vil ta over selskapet, blir det teke over av Post- og teletilsynet på dei same vilkåra.

Post- og teletilsynet tek sikte på å kjøpe måletenester frå selskapet for om lag 13 mill. kr i første driftsåret, deretter minkande med 2 og 3 mill. kr i respektive andre og tredje driftsår. Dette inneber budsjettmessige innsparingar i 2002 på 1,2 mill. kr ved ei etablering pr. 1. juni 2002.

Salsverdien av eksisterande tekniske utstyr, inventar og kontormaskinar i Comlab har blitt vurdert til 4 mill. kr og vil utgjere innskottet frå Post- og teletilsynet i selskapet (tinginnskott). Nemko AS vil tilsvarande skyte inn 4 mill. kr i kontantar. I tillegg skal selskapet inngå ein avtale med Nemko AS om bruk av varemerke, marknadsføringshjelp og organisasjonsutvikling.

Både tinginnskottet frå Post- og teletilsynet og kontantinnskottet frå Nemko AS får kvar for seg som motpost eigenkapital i form av aksjekapital på 0,5 mill. kr og overkursfond på 3,5 mill. kr. Opningsbalansen for det nye selskapet går fram av tabell 5.1.

Tabell 5.1 Opningsbalanse for Nemko Comlab AS

EigedelarMill. krEigenkapital og gjeldMill. kr
Driftsmiddel4Aksjekapital1
Kontantar4Overkursfond7
88

Dei direkte budsjettmessige konsekvensane for Post- og teletilsynets ordinære budsjett ved etablering pr. 1. juni 2002 vil vere ein reduksjon av kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 01 Driftsutgifter, med 0,5 mill. kr og post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald med 0,7 mill. kr, jf. nedafor. For å oppretthalde Post- og teletilsynets sjølvfinansiering inneber dette at kap. 4380, post 01 Diverse avgifter og gebyr må reduserast tilsvarande, dvs. med 1,2 mill. kr.

Framlegg om løyvingsendringar for Post- og teletilsynet - oppsummering

Som det går fram ovafor, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 1,2 mill. kr i samband med etableringa av den nye funksjonen for teletryggleik og -beredskap i Post- og teletilsynet. Departementet gjer også framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter med 0,5 mill. kr som følgje av utskiljinga av Comlab. Netto vil dette medføre ein auke av kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 0,7 mill. kr. Vidare gjer departementet framlegg om å redusere kap. 1380, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, med 0,7 mill. kr og redusere kap. 4380, post 01 Diverse avgifter og gebyr, med 1,2 mill. kr.

I tillegg vil eigenkapitalinnskottet og overføringa av anleggsmiddel på 4 mill. kr måtte løyvast på respektive kap. 1380, ny post 90 Innskott eigenkapital i Nemko Comlab AS og kap. 4380, ny post 90 Overføring av eigedelar til Nemko Comlab AS.

Orientering om anbodsutsetjing av tungtransporten i Posten

I desember i fjor la Posten all transport med tung bil ut på anbod, med unntak av tungtransport nord for Narvik. Anbodet omfatta hovudpostgangen og dei delar av lokalpostgangen som blir utførte med tunge køyretøy. Formålet for Posten med å setje tungtransporten ut på anbod er å få ein meir effektiv transport, redusere transportkostnadene og betre utnytte drifta i Postens heileigde dotterselskap Wajens AS og Nettlast AS.

Det var berre transportverksemda til Posten som etter utløp av anbodsfristen hadde lagt inn eit totaltilbod. I tillegg hadde 23 aktørar lagt inn bod på mindre oppdrag. For å oppnå reell konkurranse om totaloppdraget, har Posten vedteke å avlyse første anbodsrunde. Selskapet vil lyse ut anbodet på nytt i løpet av våren 2002.

Posten har opplyst at anbodsutsetjinga kan få følgjer for om lag 225 tilsette i Posten.

Orientering om sal av Posten Servicepartner AS

Posten har forhandla ferdig ein avtale med ISS Norge om sal av Posten sin gjenverande eigardel på 51 pst. i Posten Servicepartner AS. Avtalen vil bli behandla i konsernleiinga i Posten i midten av mars 2002 og eventuelt i styret i like etter. Ved sal av Posten sin eigardel vil ISS Norge bli heileigar av Posten Servicepartner AS.

Posten Servicepartner AS leverer tenester som reinhald, kantine og bygningstenester (drift og vedlikehald) til heile postkonsernet. Posten ønskjer å selje selskapet for å fokusere drifta i konsernet om hovudverksemda.

I dag er det 922 tilsette i Posten Servicepartner AS. Bemanninga vil ifølgje Posten i alle høve bli redusert til om lag 380 i løpet av 2002, som følgje av sal av eigedomar og arealrasjonaliseringar. Posten har opplyst at ISS Norge vil ta over personalansvaret før nedbemanninga, og at dei tilsette frå Posten Servicepartner AS vil ha rett til ein omstillingspakke dersom ISS Norge ikkje kan tilby dei tilsette høveleg arbeid.