2 Programkategori 21.20 Vegformål
Omorganisering av produksjonsverksemda i Statens vegvesen til aksjeselskap - oppretting av eit interimselskap
Samferdselsdepartementet viser til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002) der det blei lagt fram eit forslag om omorganisering av produksjonsverksemda i Statens vegvesen til statsaksjeselskap. Stortinget slutta seg til dette ved behandlinga av budsjettet. Det er tenleg å opprette eit interimselskap med nøkkelpersonar som formelt kan representere selskapet før sjølve etableringa av selskapet. Departementet tek sikte på å opprette det permanente selskapet med verknad frå 1. januar 2003.
Statens vegvesen står overfor ei svært omfattande omstilling, både på forvaltningssida og produksjonssida. Det er viktig at etableringa av interimselskapet skjer så raskt som mogeleg. Samferdselsdepartementet arbeider med å opprette eit styre for interimselskapet som også vil inngå i styret for det permanente selskapet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med andre forhold i denne saka.
Interimselskapet vil førebu selskapsetableringa med omsyn til tilsetjing av administrerande direktør og resten av toppleiinga, opprette eit firmanamn og inngå avtalar når det gjeld m.a. forsikring, banktenester og serviceavtalar. Dette er viktig for at selskapet kan vere operativt frå første dag. Det vil påløpe ein del driftskostnader i interimsperioden fram til det permanente selskapet er oppretta. Departementet kan ikkje no talfeste desse kostnadene og gjer derfor framlegg om at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å utgiftsføre driftsutgifter for interimselskapet på nytt kap. 1321 Oppretting av selskap for vegproduksjon, post 70 Tilskott til drift, mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. Departementet gjer også framlegg om å løyve kr 100 000 i eigenkapital til interimselskapet.
Rv 9 Setesdalen - delvis bompengefinansiering
Innleiing
Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, s. 255 og i St.prp. nr. 1 (2001-2002), s. 140.
Aust-Agder fylkeskommune har søkt om at det blir innført bompengeinnkrevjing på rv 9 for å oppnå måla som er lagde til grunn i St. meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011. Vertskommunane for bommane, Bygland og Valle, har saman med Bykle kommune slutta seg til bompengefinansiert utbygging av rv 9.
Omtale av prosjektet
Rv 9 er eit viktig samband mellom Agderfylka og indre delar av Rogaland, Hordaland og Telemark. Vegen knyter saman kystvegen Ev 18/Ev 39 med ferjeterminalen i Kristiansand til vegnettet i indre delar av nabofylka via Ev 134 ved Haukeligrend. Strekninga frå Kristiansand til Haukeligrend er i alt 236 km, der 45 km er i Vest-Agder, 175 km i Aust-Agder og 16 km i Telemark. Rv 9 er også den viktigaste internvegen mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og mellom tettstadene Evje, Byglandsfjord, Bygland, Ose, Rysstad, Valle, Bykle og Hovden. Om lag 8 000 personar er busette i Setesdalregionen, og der er mange pendlarar, særleg til Kristiansand.
Delar av rv 9 oppfyller ikkje krava til standard, særleg når det gjeld vegbreidd. I 1960-åra blei rv 9 gjennom Aust-Agder opprusta frå Vest-Agder grense og fram til Byglandsfjord som ein kompensasjon for nedlegging av Setesdalsbanen. I 1970- og 1980-åra blei rv 9 utbetra vidare nordover i Bygland kommune, og delar av rv 9 i Vest-Agder blei utbetra. I dag er det tofelts veg mellom Kristiansand og Skomedal i Bygland, på enkeltstrekningar gjennom tettstadene Ose, Rysstad, Valle og Bykle, og mellom Hartevatn S og Telemark grense i Bykle.
Trafikkmengda varierer frå om lag 700 ÅDT på dei lågast trafikkerte strekningane til over 4 500 ÅDT ved Evje sentrum. Sommardøgntrafikken er om lag 50 pst. høgare enn årsdøgntrafikken, og julitrafikken om lag 100 pst. høgare. Trafikkveksten i Setesdal har vore størst i og nær tettstadene, med ein årleg vekst på 2,0-2,8 pst. i dei siste 10 åra. Utanfor tettstadene har veksten vore på 1,2-1,8 pst. i det same tidsrommet.
I perioden 1992-2001 var det 166 trafikkulykker med personskade på rv 9. Talet på ulykker pr. år har i denne perioden variert frå 13 på det lågaste i 1997, til 22 ulykker på det meste i 1998. I 2000 og 2001 skjedde det 14 ulykker. Ulykkene omfatta i alt 256 personar, og av desse blei 8 drepne og 4 svært alvorleg skadde. Halvparten av ulykkene er utforkøyringsulykker og i underkant av kvar tredje er møteulykker. Kvar femte ulykke skjer i juli. Det er grunn til å tru at talet på møteulykker og utforkøyringsulykker kan reduserast noko ved kurveutretting og ved større breidd på vegen.
Utbygginga har som hovudmål å forbetre framkomsten og redusere trafikkulykkene ved å utbetre dei smalaste vegpartia til tofelts vegstandard. Tofeltsutbetringa skal skje på ulike delstrekningar mellom Skomedal i Bygland og Hovden i Bykle. I dag står det igjen totalt 58 km som ikkje er tofelts veg. Utbetring av veg vil med få unntak følgje eksisterande veg og omfatte kurveutbetring og breiddeutviding til 7,5 m. I tillegg blir det sett av inntil 22 mill. kr til miljø- og trafikktryggleikstiltak i områda Moisund, Evje nord, Byglandsfjord og Harstadberget. I denne summen inngår også refusjon av 4 mill. kr til Valle kommune for forskottering av gang- og sykkelveg på strekninga Rysstad S - Rysstad som blei bygd i 2000.
Tabell 2.1 : Utbyggingsprogram i mill. 2002-kr
Parsellar/tiltak | Kostnader | |
1 | Skomedal | 15,0 |
2 | Frøysnes | 11,0 |
3 | Ose - Vrongevja | 7,0 |
4 | Vrongevja - Tveit | 4,0 |
5 | Tveit S - Langeid | 21,0 |
6 | Besteland S - Helle N | 8,0 |
7 | Flåstrondi | 26,0 |
8 | Sandnes - Harstadberget | 10,0 |
9 | Rotemo - Lunden | 6,0 |
10 | Reimarmo - Bjørnarå | 12,0 |
11 | Bjørnarå - Optestøyl | 10,0 |
12 | Bykil - Mostøl | 7,0 |
13 | Byklestøylane - Hoslemo | 11,0 |
14 | Hoslemo - Gjeiskeli | 15,0 |
15 | Gjeiskeli - Hartevann | 15,0 |
16 | Hovden | 6,0 |
- | Miljø- og trafikktryggleikstiltak | 22,0 |
Sum | 206,0 |
Parsellane 4, 7, 10 og 16 i tabell 2.1 har godkjend reguleringsplan, og kostnadene har ei uvisse på +/- 10 pst. Det blir arbeidd med reguleringsplanlegging på resten av parsellane, og det er venta plandekning for utbygging på til saman 95 mill. kr innan 2005.
Nytte-kostnadsanalysen med delvis bompengefinansiering av prosjektet viser ei netto nytte (NN) på -33 mill. kr (2002-kr). Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna ut til -0,18.
Lokal handsaming
Både Aust-Agder fylkesting, vertskommunane for bomstasjonane Bygland og Valle, og Bykle kommune har slutta seg til bompengefinansiert utbygging.
I februar 1999 handsama fylkestinget utfordringsdokumenta til Nasjonal transportplan 2002-2011. Vedtaket gav klarsignal for utgreiing av bompengefinansiert utbygging av rv 9. I pkt. 6 i vedtaket står det:
«For å oppnå målsetningene som er satt både i Nasjonal transportplan og høringsutkast til fylkesplan, ønsker fylkestinget at det innføres bompenge-/avgiftsfinansiering i Aust-Agder. Fylkestinget ber om at det igangsettes utredning av et bompenge-/avgiftssystem som kan omfatte både utbygging av Ev18, rv 9, jernbane, utvikling av kollektivtilbudet og nødvendige miljø- og trafikksikkerhetstiltak. Systemet må kunne igangsettes etappevis, hvor omfanget og innholdet bygger på lokal enighet og vilje til gjennomføring.»
På bakgrunn av vedtaket blei det i 1999 utarbeidd ei bompengeutgreiing for rv 9. Utgreiinga fekk ikkje tilslutning i Evje og Hornnes, som var foreslått som vertskommune for bommen. Ei revidert utgåve med endra bomplassering var til behandling i første del av 2001, og endringane medførte at begge vertskommunane for bomstasjonane, Bygland og Valle, og Bykle kommune slutta seg til planane. Evje og Hornnes kommune kom ikkje med fråsegn i saka.
Bygland kommune behandla det reviderte forslaget 1. februar 2001 og gjorde dette vedtaket:
«1. Det etableres en bomstasjon like sør for Byglandsfjord i Bygland kommune og en på kommunegrensen Bygland/Valle som skal kreve inn penger i hhv retning nordover og sørover i 5 år. I påfølgende 10-årsperiode skal bomstasjonen sør for Byglandsfjord tas bort og bomstajonen på kommunegrensen mellom Bygland og Valle kreve inn penger i begge retninger.
2. Bompengeinnkrevingen startes opp i 2002.
3. Bompengetakst settes til 25 kr for lette og 50 for tunge kjøretøy.
4. Det forutsettes bruk av elektronisk betalingssystem og myntbetaling i automat. Bomstasjonene vil være ubemannet.
5. Bompengeinntektene skal nyttes til utbygging av rv 9 til 2-felts veg samt til trafikksikkerhetstiltak og gang- og sykkelveger. Samlet investeringskostnad utgjør 200 mill kr.
6. Utbyggingen skal foregå i perioden 2002-2011. Gjennomføring av prosjektpakken baseres på statlige bevilgninger på 50 mill kr, inkl refusjonsbeløp på 22 mill kr til Bykle kommune. Setesdal Regionsråd garanterer for finansiering av til sammen 12,5 mill kr. Ved mindre statlig og lokal andel reduseres utbyggingsomfanget tilsvarende, alternativt forlenges bompengeperioden.
7. Forutsatt vedtak i de nødvendige instanser, opprettes det et bompengeselskap. Det anbefales at selskapet eies 100 % av fylkeskommunen som også skaffer nødvendig aksjekapital (minimum kr 100.000). Fylkesutvalget utgjør selskapets generalforsamling. Det opprettes et styre med 3-5 medlemmer.
8. Fylkeskommunen stiller garantier for nødvendige låneopptak.
9. Ein føreset eit rabattsystem for lokale trafikantar som gjer at denne trafikkgruppa får eit kostnadstak på kr 1000 ved kjøp av årskort, jamfør kommunestyrevedtak 15.03.2000.»
Valle kommune gjorde 31. januar 2001 dette vedtaket:
«Kommunestyret slutter seg til revidert framlegg til delvis bompengefinansiera utbygging av rv 9 som det ligg føre.»
Bykle kommune vedtok 25. januar 2001:
«1. Bykle kommune gjev si tilslutning til Statens vegvesen si revidera utgreiing om delvis bompengefinansiera utbygging av rv 9 datera 07.12.00.
2. Bykle kommune godkjenner at attendebetalinga frå staten med kr 22 mill i samband med tidlegare forskotteringar av utbyggingar av rv 9 i Bykle vert overført som tilskott til bomvegprosjektet.
3. Bykle kommune forventer at MPG-prosjektet på Hovden får høg prioritet i utbyggingsfasen.
4. Bykle kommune ser det som viktig å avgrense driftskostnadene. Det synast meir effektivt å operere med to-vegsbom, som evt kan flyttast etter nokre år. Dette bør vurderast av vegvesenet.»
Aust-Agder fylkesting gjorde med bakgrunn i revidert bompengeutgreiing og kommunal behandling dette vedtaket i møte 12.-13. juni 2001:
«1. Fylkestinget godkjenner hovedprinsippene som ligger i den reviderte utredningen om delvis bompengefinansiering av rv 9, Setesdal i Aust-Agder.
Det etableres 2 bomstasjoner på rv 9. Bomstasjonen syd for Byglandsfjord i Bygland kommune skal kreve inn bompenger for trafikk i retningen nordover i 5 år. Den andre bomstasjonen etableres sør i Valle kommune på grensen mot Bygland kommune. Denne bomstasjonen skal kreve inn penger for sørgående trafikk. Etter 5 års drift gjøres denne om til to-vegsbomstasjon og skal kreve inn penger i de påfølgende 10 år.
Bompengetakst settes til 25 kr for personbil og 50 kr for tunge kjøretøy på åpningstidspunktet. Takst- og rabattsystemet skal være i samsvar med gjeldende takstretningslinjer utarbeidet av vegdirektøren.
Bompengeinntektene skal nyttes til utbygging av rv 9 til 2-felts veg, samt trafikksikkerhetstiltak og gang- og sykkelveger. Samlet investeringskostnad utgjør 200 mill kr.
2. Fylkestinget vedtar å sende søknad om delvis bompengefinansiert utbygging av rv 9 til Stortinget snarest mulig.
3. Innkrevingen av bompenger starter snarest mulig etter at Stortinget har godkjent søknaden og skal foregå i en periode på 15 år. Dersom investeringene som dekkes gjennom bompengefinansieringen er nedbetalt før perioden på 15 år er ute, avsluttes bompengeinnkrevingen når nedbetalingen er fullført.
4. Fylkestinget er positiv til at fylkeskommunen påtar seg ansvaret med å opprette et bompengeselskap med nødvendig aksjekapital. Fylkesutvalget får fullmakt til å inngå nødvendige avtaler for dette.
5. Fylkestinget er videre innstilt på å stille nødvendige garantier for selskapets låneopptak, evt selv låne midler for videre utlån til selskapet innenfor en maksimal låneramme på 60 mill kr.»
28. februar 2002 behandla Bygland kommune forslag til reguleringsplan for bomstasjonen i Byglandsfjord. Kommunen gjorde da dette vedtaket:
«Handsaming av reguleringsplan for bomstasjon på rv 9 ved Byglandsfjord vert utsatt inntil Bygland kommune får stadfesta at vilkåra for lokale trafikanter vert i samsvar med kommunestyrevedtak av 01.02.2001/k.sak 06/01.»
Finansierings- og bompengeopplegg
I Nasjonal transportplan 2002-2011 er det foreslått 460 mill. kr i perioden 2002-2011 i fylkesfordelt ramme til Aust-Agder. I det reviderte handlingsprogrammet er det sett av 260 mill. kr i perioden 2002-2005. Samferdselsdepartementet legg til grunn at den statlege delen av investeringskostnadene blir prioritert innafor denne ramma. Det blir lagt til grunn at ei forskottering på 22 mill. kr frå Bykle kommune til tiltak på rv 9 blir refundert i løpet av tiårsperioden. Forskotteringa medverka til ferdigbygging av delar av rv 9 i Bykle. Lokale tilskott ut over dette utgjer 12,5 mill. kr. Resten blir finansiert gjennom bompengeinnkrevjing i 15-årsperioden. Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa ramma på 206 mill. kr. Dersom det ser ut til å bli kostnadsoverskriding ut over dette, står finansieringsplanen fast, og innhaldet i pakken må takast opp til ny vurdering. Tabell 2.2 viser finansieringsplanen til Samferdselsdepartementet.
Tabell 2.2 : Finansieringsplan i mill. 2002-kr
2002-2005 | 2006-2011 | Sum | Pst. | |
Statlege midlar | 16,0 | 15,0 | 31,0 | 14,0 |
Bompengar til investering | 56,5 | 84,0 | 140,5 | 69,0 |
Refusjon, Bykle kommune | 10,0 | 12,0 | 22,0 | 11,0 |
Lokale tilskott | 9,5 | 3,0 | 12,5 | 6,0 |
Sum | 92,0 | 114,0 | 206,0 | 100,0 |
Det er behov for om lag 7 mill. kr i 2002 til etablering av bomstasjonar medrekna innkrevjingsutstyr i Bygland og Valle. Bompengeselskapet får gjennom denne proposisjonen løyve til å ta opp lån til bygging av bomstasjonar med innkrevjingsutstyr.
I 2002 er det aktuelt med oppstart på parsellane Frøysnes i Bygland, Hovden i Bykle, Reimarmo - Bjørnarå i Valle, i tillegg til trafikktryggleikstiltak i Byglandsfjord for 5 mill. kr. Gjennom Frøysnes skal det leggjast til rette for miljøprioritert gjennomkøyring på 1,8 km til ein kostnad av om lag 11 mill. kr, jf. tabell 2.1. Same type tiltak skal gjennomførast gjennom Hovden på 1,4 km til ein kostnad på 6 mill. kr. Parsellen Reimarmo - Bjørnarå omfattar breiddeutviding og tiltak mot snøras og is på vegen. Det skal utbetrast 3,4 km veg til ein kostnad av om lag 12 mill. kr.
Alle parsellane og tiltaka i utbyggingsplanen er føresette fullførte innafor tiårsperioden. Rassikring i Flåstrondi er allereie sett i gang med tiltak for om lag 5 mill. kr, og det står igjen arbeid for om lag 26 mill. kr.
Bompengeinnkrevjinga skjer gjennom to ubetente bomstasjonar på rv 9, ein i Bygland på grensa til Evje og Hornnes og ein i Valle på grensa til Bygland. Bommen i Bygland har einvegs innkrevjing for nordgåande trafikk i ein femårsperiode. Deretter blir innkrevjinga i denne bommen avvikla. Bommen i Valle har einvegs innkrevjing for sørgåande trafikk i første femårsperiode. I den neste tiårsperioden skjer innkrevjinga i begge retningar. Det blir kravd inn bomavgift heile døgnet i begge stasjonane. Trafikkmengda gjennom bommane i den retninga innkrevjinga skal skje, er i dag om lag 500 ÅDT i Valle og om lag 1 000 ÅDT i Bygland. Inntektsgrunnlaget baserer seg på noko lågare trafikkmengder, grunna bortfall av særleg nærtrafikk ved bommane.
Utbetrings- og tiltaksstrekningane ligg svært spreidde og over store avstandar. Det er ikkje mogeleg å knyte bommar til kvar strekning som skal utbetrast. Bomstasjonen i Valle på grensa til Bygland skal finansiere hovuddelen av utbygginga og vil stå for all innkrevjing dei siste ti åra. Bommen er plassert slik at interntrafikken på rv 9 i begge kommunane ikkje må betale bompengar. Det er utbyggingsstrekningar både sør og nord for bommen. Det er også tiltak like nord for bommen i Byglandsfjord. Dersom det blir aktuelt å setje opp fleire bommar for å sikre inntektsgrunnlaget, vil dette bli lagt fram for Stortinget.
Føresetnader:
innkrevjingsstart tidlegast hausten 2002
innkrevjingsperiode: 5 år i Bygland og 15 år i Valle
etableringskostnader: totalt 7 mill. kr for bomstasjonane
betalande årsdøgntrafikk: 1 400
årleg trafikkvekst: 1,8 pst.
driftskostnader: om lag 12 pst. av brutto kostnader
gjennomsnittleg inntekt pr. køyretøy: 25 kr
årleg prisstiging: 2 pst.
nominell rente: 8 pst.
Det er lagt til grunn slike takstar:
køyretøy med totalvekt t.o.m. 3 500 kg: 25 kr
køyretøy med totalvekt over 3 500 kg: 50 kr
Det er lagt til grunn at moped, motorsykkel, buss i konsesjonert rute og passasjerar ikkje skal betale. Det er føresett eit rabattsystem ved bruk av elektronisk brikke og i samsvar med takstretningslinjene til Vegdirektoratet. Dette gir desse rabattane ved kjøp av elektronisk klippekort:
kort med 50 passeringar gir 30 pst. rabatt
kort med 250 passeringar gir 40 pst. rabatt
kort med 500 passeringar gir 50 pst. rabatt
Rabattane gjeld både i perioden med einvegsbetaling i begge bommar første 5 år og ved betaling i begge retningar i nordre bom i dei neste 10 åra:
Det er oppretta eit lokalt bompengeselskap som er fylkeskommunalt. Bompengeselskapet kan etter avtale med Vegdirektoratet forlengje innkrevingsperioden med inntil 5 år og/eller auke taksten med inntil 20 pst. dersom bompengeinntektene blir lågare enn føresett. Vegdirektoratet vil inngå avtale med selskapet i tråd med standardavtalen.
Aust-Agder fylkesting har vedteke å stille fylkeskommunal garanti for eventuelle låneopptak på inntil 60 mill. kr. Etter gjeldande reglar vil garantien først kunne brukast etter ein takstauke på inntil 20 pst. og forlengd innkrevjingstid på inntil 5 år. Ei analyse av uvissa med utgangspunkt i redusert årleg trafikkvekst frå 1,8 til 1,0 pst. gir 2 års lengre innkrevjingstid. Auke i lånerenta med 2 pst. fører til mindre enn eitt års ekstra innkrevjingstid. Med ein utbyggingsperiode på maksimalt 10 år vil det vere behov for låneopptak på inntil 60 mill. kr i 2011, som deretter skal nedbetalast i dei neste fem åra. Dersom det er ønskjeleg med utvida låneramme, vil Samferdselsdepartementet komme tilbake til Stortinget.
Samferdselsdepartementets vurdering
Samferdselsdepartementet ser fullføring av rv 9 i Setesdal som tofelts veg som ei viktig oppgåve, som er viktig for ferdsla i indre delar av Aust-Agder og mellom fylket og indre delar av Rogaland, Hordaland og Telemark. Det er lange avstandar i denne regionen, og vegnettet er livsnerven for busetjing og næringsliv.
Det er ikkje full lokal semje om at rabattsystemet i takstretningslinjene skal følgjast. Bygland kommune ønskjer eit betalingstak på 1 000 kr pr. år for dei lokale trafikantane. Ved behandlinga var fylkeskommunen gjort kjent med vedtaket, men har ikkje kommentert dette spesielt i vedtaket sitt ut over at den ber om at takstretningslinjene blir følgde. Bygland kommune har på nytt teke opp dette ved behandling av reguleringsplan i februar 2002. Samferdselsdepartementetvil peike på at ei ordning med eit slikt betalingstak ikkje vil vere i tråd med takstretningslinjene. Departementet er no kjent med at det lokalt vil bli lagt fram eit forslag om å finansiere den foreslåtte ordninga med eit betalingstak på 1 000 kr med kommunale midlar. Dette er tenkt gjort ved å redusere det lokale tilskottet til finansieringsplanen med 2,5 mill. kr og å bruke desse midlane til å finansiere ordninga. Dette inneber at rabattordninga ikkje vil belaste inntektsgrunnlaget for bompengeordninga. Ordninga er ikkje i strid med takstretningslinjene. Samferdselsdepartementet har ingen prinsippielle innvendingar mot at ei slik ordning med lokal refusjon til trafikantar blir etablert. Departementet legg til grunn at Bygland kommune tek den økonomiske risikoen med kostnaden ved ordninga og at rabattordninga blir administrert av kommunen heilt uavhengig av bompengeselskapet. Vidare legg Samferdselsdepartementet til grunn at tilleggsfinansieringa på 2,5 mill. kr til utbygging av rv 9 Setesdalen kan dekkjast innafor fylkesfordelt riksvegramme i perioden 2002-2011 og at dette eventuelt blir godkjent av fylkeskommunen.
Departementet ser positivt på den lokale viljen til innkrevjing av bompengar for å delfinansiere og framskunde utbygging og tiltak langs rv 9. Aust-Agder fylkeskommune har gitt si tilslutning til bompengeprosjektet. Dei aktuelle kommunane er også positive. På denne bakgrunn tilrår Samferdselsdepartementet at det blir gitt løyve til innkrevjing av bompengar til delvis finansiering av utbygging av rv 9 i Setesdalen. Vilkåra går fram av denne proposisjonen. Det vil bli lagt vekt på den lokale prioriteringa av utbyggingsstrekningar og tiltak, og på dei prioriteringane som fylket har gjort, når det gjeld midlar til rv 9 i fylkesfordelt riksvegramme til Aust-Agder.
Samferdselsdepartementet har merka seg at kostnadsoverslaga har stor uvisse, da berre nokre av parsellane har reguleringsplan. Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa ramma på 206 mill. kr. Dersom det ser ut til å bli kostnadsoverskriding ut over dette, står finansieringsplanen fast og innhaldet i pakken må takast opp til ny vurdering.
Rv 70 Nordsundbrua - Løkkemyra, ny innfartsveg til Kristiansund i Møre og Romsdal - delvis bompengefinansiering
Innleiing
Samferdselsdepartementet legg fram forslag om løyve til å krevje inn bompengar for delvis bompengefinansiering av rv 70 ny innfartsveg til Kristiansund i Møre og Romsdal.
Omtale av prosjektet
Eksisterande veg er bygd i åra like før 2. verdskrig. Årsdøgntrafikken (ÅDT) er i dag på om lag 12 000 køyretøy ved Løkkemyra og aukande til om lag 15 000 køyretøy i Dalegata. Trafikken i Dalegata er nær kapasitetsgrensa. Med den utviklinga Kristiansund står overfor, er det rekna med høgare trafikkvekst i Kristiansund enn i resten av Møre og Romsdal. Problema i Dalegata bør derfor løysast snarast råd. På delar av strekninga er det særleg viktig å rydde opp i trafikktilhøva. Dette gjeld særleg trafikktryggleik og miljø for dei som bur langs vegen. Ved å føre trafikken gjennom eit mindre utbygd område og ved å leggje delar av vegen i tunnel, vil mykje av oppryddingstiltaka i Dalegata kunne bli unngåtte. På Løkkemyra er det først og fremst dei mjuke trafikantane som har dårlege forhold. I prosjektet blir dette løyst ved å byggje nye gang- og sykkelvegar med planfrie fotgjengarkryssingar. Det er i tillegg lagt vekt på å betre forholda for kollektivtrafikken for å få fleire reisande over på buss.
Lokal handsaming
I sak PS 01/53 gjorde Kristiansund bystyre 28. august 2001 dette vedtaket med 24 mot 21 røyster (i 2001-kr):
«Kristiansund kommune anbefaler at søknaden fra bompengeselskap under stiftelse blir imøtekommet slik vedrørende utbyggingsomfang, finansiering og takstsystem:
Byggetrinn 1
Ny veg Vikansvingen - Nordsundbrua:
113 mill. kr.
Statlig bevilgning i 2003 og 2004: 10 mill. kr.
Bompengeandel: 103 mill. kr.
Byggetrinn 2
Ny veg Vikansvingen - Løkkemyra: 24 mill. kr.
Statlig bevilgning i 2006: 5 mill. kr.
Bompengeandel: 19 mill. kr.
Kristiansund kommune legger til grunn at det blir innkrevd bompenger av kjøretøy med takstnivå kr. 15,- for lette biler. Kjøretøy med tillatt totalvekt over 3,5 tonn betaler tredobbelt takst. Bompengene kreves inn hele døgnet for å få kortest mulig bompengeperiode.
Kristiansund kommune forutsetter at de til enhver tid gjeldende retningslinjer for takst- og rabattsystem blir lagt til grunn, og at kommunen får endelig takst- og rabattsystem til behandling i god tid før innkrevingen starter.
Kristiansund kommune vil be om at Møre og Romsdal fylkeskommune garanterer for bompengelånet, for derved å oppnå gunstigst mulige lånevilkår.»
I sak T-34/01 gjorde Møre og Romsdal fylkesting 19. juni 2001 dette vedtaket med 33 mot 23 røyster:
«10. Fylkestinget går inn for bompengefinansiering av ny Rv 70 Løkkemyra - Nordsundbrua i Kristiansund. Som ein del av finansiering av byggjetrinn 2 Løkkemyra - Vikasvingen (kostnad 24 mill kroner), vil Fylkestinget prioritere 5 mill. kr i perioden 2006-2011. 5 mill kroner belastast posten mindre utbedringar.»
I sak T-40/01 gjorde Møre og Romsdal fylkesting 19. juni 2001 dette vedtaket med 36 mot 19 røyster:
«Møre og Romsdal fylkesting viser til tidlegare vedtak i saka og går inn for at Ny innfartsveg til Kristiansund, riksveg 70 over Nordlandet kan finansierast delvis ved bompengar.
I tillegg til bompengane skal 10 mill kroner statlege midlar avsett til tiltak på eksisterande veg inngå i prosjektet, føresett at parsellen Vikansvingen-Nordsundbrua er ferdig bygd før 2004.
Møre og Romsdal fylkesting legg til grunn at prosjektet omfattar Nordsundbrua - Vikansvingen til 113 millionar kroner, men vil også gå inn for at prosjektet bør utvidast til å dekkje utbetringar av riksvegen over Løkkemyra til 24 mill kroner dersom denne delen blir finansiert.
Møre og Romsdal fylkesting aksepterer at bompenge-perioden kan bli lengre enn det tidlegare overslag har vist. Bompenge-perioden må likevel vere innafor dei rammer retningslinene set.
Møre og Romsdal fylkesting er villig til å stille med simpel garanti for dei låna som bompengeselskapet tek opp, for slik å oppnå mest mogleg gunstige lånevilkår.
Fylkestinget føreset at det blir lagt fram eiga sak om dette når Stortinget har godkjent søknaden.
Møre og Romsdal fylkesting føreset at Kristiansund kommune og Statens vegvesen Møre og Romsdal arbeider vidare med finansieringsplanen og at fylkeskommunen blir halden løpande orientert om eventuelle endringar.»
Finansierings- og bompengeopplegg
Det er føresett at prosjektet blir finansiert med 15 mill. kr i statlege midlar og 125 mill. kr i bompengar. Dette gir ein bompengedel på 89 pst. Det er ein føresetnad at dei statlege midlane blir stilte til disposisjon med 10 mill. kr som løyving i perioden 2002-2005 og 5 mill. kr som refusjon etter 2005.
Av dei 15 mill. kr er løyvinga på 10 mill. kr eigentleg sett av til støytiltaka i Dalegt./Fostervoldsgt. for å innfri grenseverdiane i forskrift til forureiningslova. Desse midlane kan nyttast til prosjektet fordi tunnelen gjer desse støytiltaka unaudsynlege.
Tabell 2.3 : Finansieringsplan i mill. 2002-kr
2002-2005 | 2006-2011 | Sum | |
Statlege midlar | |||
- ordinær løyving | 10 | 10 | |
- refusjon | 5 | 5 | |
Bompengar | 125 | 125 | |
Sum | 135 | 5 | 140 |
Det skal etablerast bomstasjonar i begge endar av prosjektet; den eine bomstasjonen om lag 300 m aust for rundkøyringa på Løkkemyra og den andre ved Nordsundbrua. Dette inneber at alle som har nytte av prosjektet, vil betale bomavgift.
Rundkøyringa på Løkkemyra skal byggjast om til ei rundkøyring med fire armar, slik at ein får stengt T-krysset aust for eksisterande rundkøyring. I tillegg skal det byggjast ei busslomme og ein undergang mellom rundkøyringa og bomstasjonen. Også trafikk til Løkkemyrområdet vil dermed ha nytte av prosjektet.
Innkrevjinga skal ta til så snart som mogeleg etter at eventuelt løyve er gitt av Stortinget for å halde lånekostnadene så låge som mogeleg, slik at også innkrevjinga tek så kort tid som mogeleg. Dette inneber at innkrevjinga vil komme i gang inntil eit halvt år før anleggsarbeidet tek til.
Det er lagt opp til eit takst- og rabattsystem i samsvar med gjeldande retningslinjer. Det skal krevjast inn avgift heile døgnet og berre i retninga vestover mot sentrum. Trafikantane skal betale berre ein gong i løpet av to timar og ikkje meir enn 75 gonger i løpet av ein kalendermånad. Med dei føresetnadene som er gjorde med omsyn til rabattbruk og fordeling mellom lette og tunge køyretøy, er det lagt opp til ein takst før rabatt på kr 15 for lette køyretøy og kr 45 for tunge køyretøy over 3 500 kg.
Gjennom bompengesnitta er det i dag ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 24 000 køyretøy. Ut frå dei føresetnader som er omtalte over, er betalande døgntrafikk (BDT) sett til 7 000 køyretøy.
Basert på tidleg oppstart av innkrevjinga, vil alle lån vere nedbetalte innan 6 år. Dersom kostnaden aukar med 10 pst., betalande trafikk blir 10 pst. mindre enn rekna med og lånerenta aukar med 2 pst., vil innkrevjingstida auke med om lag 2 år.
Eventuell kostnadsauke på inntil 10 pst. ut over prisstiging skal dekkjast av bompengeselskapet og staten etter deira respektive delar av finansieringa. Kostnadsauke utover dette skal dekkjast av staten.
Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å stille simpel garanti for bompengelånet. Bompengeselskapet blei stifta i oktober 2001. Kristiansund kommune eig 90 pst. av aksjane og fylkeskommunen 10 pst. Vegdirektoratet vil inngå avtale med bompengeselskapet i tråd med standardavtalen.
Samferdselsdepartementets vurdering
Dersom det ikkje blir gjort snarlege tiltak på innfartsvegen til Kristiansund, vil trafikkveksten dei næraste åra føre til framkomstvanskar og auka problem i høve til trafikktryggleik og miljø. Bompengeprosjektet gjer det mogeleg å løyse dette problemet tidlegare enn med statlege midlar åleine. Prosjektet har ein svært høg bompengedel og ei nedbetalingstid som er mykje kortare enn det som er vanleg. Samferdselsdepartementet har merka seg at det er oppnådd lokal støtte til prosjektet ved å leggje opp til kort nedbetalingstid. Departementet tilrår derfor at det blir gitt løyve til å starte innkrevjing av bompengar i 2002 for å finansiere ny innfartsveg til Kristiansund.
Rv 661 ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal - delvis bompengefinansiering
Innleiing
Samferdselsdepartementet legg fram forslag om løyve til å krevje inn bompengar for delvis bompengefinansiering av rv 661 ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal. Behovet for bygging av ny bru og delvis bompengefinansiering av prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, s. 259.
Eksisterande Skodje bru frå 1920 er i dårleg stand. Det er innført restriksjonar for trafikken over brua, slik at ho i dag berre er open for køyretøy med totalvekt 3,5 tonn eller lågare og med breidd maksimalt 2,3 m. Tungtrafikken, inkludert rutebussane, må derfor køyre gjennom Skodje sentrum. Dette aukar veglengda mellom områda nord for eksisterande Skodjebru og Ålesund med om lag 10 km. I tillegg til å påføre trafikantane ekstra køyring, fører dette til at Skodje sentrum, der det er smal veg og manglande fortau og gang-/sykkelveg, får tyngjande gjennomgangstrafikk.
Omtale av prosjektet
Prosjektet er delt i fire byggjetrinn for å spreie finansieringa over tid. Det er ikkje noko til hinder for at nokon av dei kan gjennomførast som ein kontrakt.
Byggjetrinn 1 omfattar den nye om lag 290 m lange brua over Straumen, Straumsbrua, med tilførselsvegar til eksisterande veg og ny veg på 800 m på nordsida av brua. Omlegging av vegen med påkopling til eksisterande veg vil gi betre og tryggare linjeføring.
For den nye brua er det lagt vekt på at konstruksjonen skal vere godt tilpassa nærleiken til dei gamle bruene over Straumen (Skodjebrua og Heggjestraumbrua). Det blei derfor arrangert ein idékonkurranse, der det skulle leggjast stor vekt på bruestetikk og landskapstilpassing. Med grunnlag i idékonkurransen utarbeidde ei gruppe med representantar frå kommunen, fylkeskonservatoren og Statens vegvesen ein rapport der det valde brualternativet blei tilrådd. Tilrådinga er innarbeidd i reguleringsføresegnene for prosjektet.
Byggjetrinn 2 omfattar utbetring av strekninga på om lag 1,5 km mellom Straumsbrua og krysset mellom Ev 39 og Ev 136 på Digernesskiftet, medrekna nytt vegkryss og bygging av 400 m tunnel med tilførselsvegar.
Byggjetrinn 3 omfattar utbetring av dei eksisterande bruene som er av stor historisk verdi. Desse skal setjast i stand på ein slik måte at dei kan nyttast av gang- og sykkeltrafikk.
Byggjetrinn 4 omfattar ei utbetring av miljøet og trafikktryggleiken i Skodje sentrum, m.a. også trafikkreduserande tiltak for å unngå at trafikken framleis skal tyngje Skodje sentrum.
Reguleringsplanen for prosjektet blei vedteken av Skodje kommunestyre 26. september 2000. Innafor ei uvisse på +/-10 pst. har vegkontoret rekna ut kostnadene til 224 mill. kr (2002-kr).
Tabell 2.4 : Utbyggingsprogram i mill. 2002-kr
byggjeperiode | kostnad | statlege midlar | bompengar | |
Byggjetrinn 1 | 2003-2004 | 143 | 30* | 113 |
- Straumsbrua | ||||
- veg nordover til tunnelen | ||||
Byggjetrinn 2 | 2006-2011 | 61 | 61 | |
- veg sørover til Digernesskiftet | ||||
- nytt kryss i Digernesskiftet | ||||
- tunnel m/tilførselsvegar | ||||
Byggjetrinn 3 | 2006-2011 | 10 | 10 | |
- utbetring av Skodje bru | ||||
Byggjetrinn 4 | 2006-2011 | 10 | 10 | |
- miljø- og ts-tiltak i Skodje sentrum | ||||
Totalt: | 224 | 111 | 113 |
* Refusjon
Prosjektet blir etter planen starta opp tidleg i 2003, med fullføring av byggjetrinn 1 innan utgangen av 2004.
Finansiering
Prosjektet har ei kostnadsramme på 224 mill. kr, der om lag 50 pst. er planlagt finansiert med bompengar. Det vil bli teke opp eit bompengelån som skal dekkje kostnadene til bygging og finansiering av bru og vegar på 143 mill. kr. Av dette skal 30 mill. kr refunderast over fylkesfordelt ramme i siste del av tiårsperioden, dvs. 2006-2011. Refusjonen skjer på vanlege vilkår utan kompensasjon for prisstiging. I tillegg blir det løyvd 81 mill. kr over fylkesfordelt riksvegramme i perioden 2006-11 til det resterande arbeidet med prosjektet, dvs. andre, tredje og fjerde byggjetrinn. Utbyggingsrekkjefølgja for desse tiltaka blir avgjort i samband med dei årlege budsjetta.
Tabell 2.5 : Finansieringsplan i mill. 2002-kr
2002-2005 | 2006-2011 | Sum | |
Statlege midlar | |||
- ordinær løyving | 81 | 81 | |
- refusjon | 30 | 30 | |
Bompengar | 113 | 113 | |
Sum | 113 | 111 | 224 |
Dersom økonomien i prosjektet skulle bli betre enn det som er lagt til grunn, kan selskapet AS Skodjebrua etter søknad få forskottere så mykje av den statlege løyvinga som økonomien i prosjektet tillet. Om økonomien i prosjektet skulle svikte, er det lagt opp til, i samsvar med retningslinjene for bompengefinansiering, at takstane kan aukast med inntil 20 pst. og/eller at bompengeperioden kan forlengjast med inntil 5 år. Ettersom det er høve til omkøyring gjennom Skodje sentrum, vil ein takstauke mest sannsynleg ikkje gi auka inntening.
Kostnadsauke inntil 10 pst. ut over indeksregulert prisstiging skal dekkjast av bompengeselskapet og staten etter dei respektive finansieringsdelar. Kostnadsauke ut over dette skal dekkjast av staten.
Møre og Romsdal fylkesting har i sak T-39/01 vedteke å stille simpel garanti for bompengelånet for å oppnå gunstigast mogelege lånevilkår. Fylkestinget går ut frå at det blir lagt fram ei eiga sak om dette når Stortinget har godkjent bompengesøknaden.
Opplegg for bompengeinnkrevjing og bompengeutrekningar
Det er ein føresetnad at bomstasjonen blir plassert rett sør for Straumsholmen og opparbeidd med to felt i begge retningar. Innkrevjing vil skje i begge køyreretningane. Dette medfører at alle som får nytte av den nye brua og forbetringar på tilstøytande vegar, vil betale bomavgift. Det er berre trafikk i samband med to fritidseigedomar, som i ei retning vil passere gjennom bomstasjonen utan å oppnå monaleg nytte av prosjektet før andre byggjetrinn er ferdig utbygd. Den foreslåtte plasseringa av bomstasjonen må derfor sjåast på som ei rettferdig ordning for trafikantane og lokalsamfunnet.
Det er ein føresetnad at det blir nytta eit innkrevjingssystem som er mest mogeleg automatisk. Vidare er det ein føresetnad at takst- og rabattsystemet er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene for bompengeprosjekt, og at takstnivået blir sett slik at den gjennomsnittlege avgifta pr. køyretøy blir om lag 20 kr (2000-kr). Ut frå dei utrekningane som er gjorde med omsyn til rabattbruk og fordeling mellom lette og tunge køyretøy, vil dette føre til ein takst før rabatt på kr 30 for lette og kr 90 for tunge køyretøy (2000-kr).
Trafikkprognosane er utarbeidde på grunnlag av intervju av trafikantane i området. I og med at omkøyring om Skodje sentrum og Dragsundet framleis er mogeleg, vil nivået på bompengesatsane vere avgjerande for storleiken på trafikken. Utan bompengar er det rekna med ein trafikk på 3 200 køyretøy i årsdøgntrafikk (2000-nivå). Etter å ha rekna på ulike bompengesatsar har ein komme fram til at den mest optimale satsen ligg på om lag kr 20 i gjennomsnitt pr. køyretøy etter rabattar (2000-kr). Trafikken vil da bli på 1 800 køyretøy (2000-nivå).
Ut frå føresetnadene ovafor og med oppstart av innkrevjinga når brua er ferdig i 2004 er bompengeperioden utrekna til 15 år. Ein kostnadsauke på 10 pst. vil auke bompengeperioden til 17,5 år, ein trafikkreduksjon på 10 pst. vil forlengje bompengeperioden til 18 år, og ein renteauke på 1 pst. vil auke bompengeperioden til 17,5 år.
Lokal handsaming
Alle dei fire kommunane Skodje, Haram, Ålesund og Sandøy som blei bedne om å uttale seg til søknaden, har gjort vedtak i samsvar med opplegget frå Skodjebrua AS og Statens vegvesen. I sak T-39/01 gjorde Møre og Romsdal fylkesting 19. juni 2001 dette samrøystes vedtaket:
«Møre og Romsdal fylkesting viser til søknaden frå AS Skodjebrua, og rår til at søknaden blir i møtekomen.
Møre og Romsdal fylkesting legg til grunn følgjande finansieringsplan:
Skodjebrua, inkludert tilkomstvegar: 140 mill. kr
Kostnader ved forskottering: 10 mill. kr
Sum kostnader: 150 mill. kr
Bompengelån: 120 mill. kr
Refusjon av forskotterte midlar frå bompengeselskapet 2008-2010: 30 mill. kr
Statleg løyving i perioden 2006-2011: 80 mill. kr
Møre og Romsdal fylkesting legg til grunn at det blir teke bompengar av bilar og motorsyklar rekna ut frå ein gjennomsnittstakst etter rabatt på kr 20,- for bilar.
Møre og Romsdal fylkesting føreset at dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjer for takst- og rabattsystemet blir lagt til grunn, og at fylkeskommunen og kommunane får det endelege takstsystemet for prosjektet til behandling i god tid før opning av brua.
Møre og Romsdal fylkesting syner til retningslinjene for bompengefinansiering, og seier seg samd i at takstane kan aukast og/eller bompengeperioden kan forlengjast i samsvar med regelverket, dersom økonomien i prosjektet skulle svikte. Dersom økonomien skulle bli betre, seier fylkestinget seg samd i at selskapet kan søkje om forskottering for å framskunde fullføring av prosjektet.
Møre og Romsdal fylkesting tilrår at A/S Skodjebrua får refundert 30 mill. kr i 2008-2010 på vanlege vilkår, det vil seie at det ikkje blir gitt kompensasjon for prisauke og rentekostnadar.
Møre og Romsdal fylkesting vil gå inn for at fylkeskommunen gir simpel garanti for bompengelånet, for slik å oppnå gunstigast moglege lånevilkår. Fylkestinget føreset at det blir lagt fram eiga sak om dette når Stortinget har godkjent søknaden.»
Av vedtaket framgår det at kostnaden ved forskottering er 10 mill. kr. Dette er renteutgifter som følgje av bompengeselskapet si forskottering av 30 mill. kr som skal refunderast av staten. Rentekostnaden skal dekkjast på vanleg måte av bompengeinntektene.
Samferdselsdepartementets vurdering
Som nemnt tidlegare, er eksisterande Skodje bru i så dårleg stand at det er innført restriksjonar for trafikken over brua. Tungtrafikken, inkludert rutebussane, må derfor køyre gjennom Skodje sentrum. Dette aukar veglengda mellom områda nord for eksisterande Skodjebru og Ålesund med om lag ei mil. I tillegg til å påføre trafikantane ekstra køyring, fører dette til at Skodje sentrum blir unødig tyngd med gjennomgangstrafikk. Ei ny bru vil gi langt mindre trafikk gjennom Skodje sentrum og gi betre vilkår for heile bustad- og arbeidsmarknadsregionen. Samferdselsdepartementet vil derfor tilrå at delvis bompengefinansiering av prosjektet blir godkjent, og at innkrevjinga tar til når brua er ferdig, etter planane i 2004.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget i dei årlege budsjetta med forslag til endeleg prioritering av prosjekta med anleggsstart og kostnadsoverslag.
Det vil bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnader som er lagde til grunn i denne proposisjonen, jf. forslag til vedtak.