St.prp. nr. 50 (2001-2002)

Om løyvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om løyvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

I

I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
1321 (ny)Oppretting av selskap for vegproduksjon
70 (ny)Tilskott til drift0
90 (ny)Innskott eigenkapital100 000
1360Samferdselsberedskap
01Driftsutgifter, blir redusert med1 200 000
frå kr 4 900 000 til kr 3 700 000
1380Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380)
01Driftsutgifter, blir auka med700 000
frå kr 145 100 000 til kr 145 800 000
45Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med700 000
frå kr 24 200 000 til kr 23 500 000
90 (ny)Innskott eigenkapital i Nemko Comlab AS4 000 000

Inntekter:

Kap.PostFormålKroner
4380Post- og teletilsynet (jf. kap. 1380)
01Diverse avgifter og gebyr, blir redusert med1 200 000
frå kr 159 300 000 til kr 158 100 000
90 (ny)Overføring eigedelar til Nemko Comlab AS4 000 000

II

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å utgiftsføre driftsutgifter som gjeld interimselskapet for vegproduksjon på kap. 1321, post 70 Tilskott til drift, mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 30 og post 72.

III

Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får høve til krevje inn bompengar til:

  1. delvis bompengefinansiert utbygging av delar av rv 9 i Aust-Agder. Vilkåra går fram av denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  2. delvis bompengefinansiert utbygging av rv 70 Nordsundbrua - Løkkemyra, ny innfartsveg til Kristiansund i Møre og Romsdal. Vilkåra går fram av denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  3. utbygging av rv 661 Ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal. Vilkåra går fram av denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare vilkår for finansieringsordninga.