1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 av 6. desember 2002 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala slik at det omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF av 11. mars 2002 om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for godkjenning frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget blir gjennom denne proposisjonen bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Fristen for å melde frå til EØS-komiteen om at Stortinget har gjeve dette samtykket, er 6. juni 2003.
Avgjerda i EØS-komiteen og ei uoffisiell norsk omsetjing av direktivet følgjer som vedlegg til proposisjonen.