3 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 av 6. desember 2002 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og spesielt til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar skal innlemmast i vedlegg XVIII til EØS-avtala som nytt nr. 32f.
Artikkel 2 slår fast at teksta til europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF på islandsk og norsk, som vil bli kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal vere gyldig.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 7. desember 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.