5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Gjennomføringa av direktivet vil truleg ikkje føre med seg særleg store administrative eller økonomiske konsekvensar. Alt i dag har ei rekkje tariffavtaler som vilkår at det finst utval og tillitsvalde i verksemdene som skal informerast og konsulterast om tema som er viktige for dei tilsette. Dei administrative og økonomiske konsekvensane vil bli nærmare vurderte i innstillinga til Arbeidslivslovutvalet om gjennomføringa av direktivet.