2 Nærmare om direktivet
I europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF er det fastsett ei generell ramme med minstekrav for den retten arbeidstakarane har til informasjon og konsultasjon. Direktivet gjeld verksemder med meir enn 50 tilsette eller forretningsstader med meir enn 20 tilsette. Det kan fastsetjast særlege reglar for offiserar og mannskap om bord på havgåande skip.
Direktivet inneheld ei rekkje krav til den informasjonen som skal gjevast til arbeidstakarar, og til den forma konsultasjonen skal ha. Det skal sikrast at arbeidstakarane får informasjon og vert konsulterte om
Den økonomiske situasjonen og den venta utviklinga av aktivitetane til verksemda.
Sysselsetjingssituasjonen i verksemda, den sannsynlege utviklinga av sysselsetjinga og eventuelle initiativ i samband med dette.
Avgjerder som kan tenkjast å føre til vesentlege endringar av tilsetjingstilhøva eller den måten arbeidet er organisert på.
Vidare inneheld direktivet reglar om teieplikt for arbeidstakarrepresentantar, saman med reglar om at arbeidstakarrepresentantane skal vere verna slik at dei kan utføre oppgåvene sine på ein føremålstenleg måte. Det skal òg fastsetjast administrative eller rettslege framgangsmåtar i tilfelle der føresegnene i direktivet ikkje vert stetta.
Direktivet om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar utfyller direktiva om informasjon og konsultasjon i europeiske samarbeidsutval (94/45/EØF) og ved masseoppseiingar (98/59/EF) og overdraging av verksemder (2001/23/EF). Desse direktiva er alt vortne innlemma i EØS-avtala, og er ein del av norsk rett. Direktivet fører ikkje med seg at arbeidstakarar misser andre medråderettar som følgjer av den nasjonale retten. Direktivet vil til dømes ikkje røre ved dei lovfesta rettane som arbeidstakarar har når det gjeld medråderett i saker som gjeld helse, arbeidsmiljø og tryggleik eller retten til representasjon i styrande organ.
Direktivet opnar for at partane i arbeidslivet, på vilkår som vert fastsette i nasjonal rett, kan gjere avtaler om framgangsmåtane for korleis dei tilsette skal informerast og konsulterast, og om den informasjonen som skal gjevast. Det vert likevel ikkje opna for avtaler når det gjeld alle føresegnene i direktivet, til dømes ikkje for føresegner som gjeld teieplikt, vern av arbeidstakerrepresentantar og handheving av rettar.
Fristen for gjennomføring av direktivet er 23. mars 2005.