1 Bakgrunn
Etter at utviklingsprogrammet IMPACT, som var eit program for utvikling av ein marknad for informasjonstenester, vart avslutta i 1995/1996, og i kjølvatnet av Bangemann-initiativet om Europa og det globale informasjonsamfunnet, har EU arbeidd med å førebu eit nytt program for å føre vidare IMPACT-programmet. Dette nye programmet vart kalla INFO 2000. Ein nærare omtale av dette programmet er gjeven under pkt. 2 nedanfor.
Ved vedtak nr. 83/96 av 13. desember 1996 vedtok EØS-komiteen å endre protokoll 31 til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet om samarbeid på særskilde område utanfor dei fire fridomane. Samarbeidet mellom avtale-partane er utvida til å omfatte eit mangeårig fellesskapsprogram som skal fremje utviklinga av ein europeisk multimedie-industri og fremje bruken av multimedie-innhald i det informasjonsamfunnet som no veks fram.