6 Konklusjonar og tilråding
Utanriksdepartementet meiner at norsk deltaking i INFO 2000-programmet i EU vil kunne gje ein positiv stimulans til den norske multimedie-innhaldssektoren, samstundes som vi står fritt til å vidareføre vår eigen politikk på området. Utanriksdepartementet tilrår såleis at artikkel 2 i protokoll 31 vert endra i samsvar med vedtak nr. 83/96 av 13. desember 1996 i EØS-komiteen.