3 Nærare om dei einskilde artiklane i konvensjonen og protokollane
3.1 FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet
Konvensjonen er hittil (per 11. mars 2003) underteikna av 147 statar og ratifisert av 32. Konvensjonen tek til å gjelde 90 dagar etter at han er ratifisert av 40 statar, jf. artikkel 38. Førebels er det uklart når dette vil hende. Eit av siktemåla med norsk ratifikasjon er å medverke til at konvensjonen tek til å gjelde så tidleg som råd.
Føresegnene i konvensjonen fell i tre hovudkategoriar: For det første inneheld konvensjonen straffeføresegner, som pålegg partane å kriminalisere deltaking i organiserte kriminelle grupper, kvitvasking av pengar, korrupsjon og motarbeiding av rettsstellet. For det andre har konvensjonen straffeprosessuelle føresegner, m.a. om kontrollerte leveransar og kverrsetjing. For det tredje inneheld konvensjonen føresegner om internasjonalt rettsleg samarbeid i saker om grenseoverskridande organisert kriminalitet.
3.1.1 Nærare om dei einskilde artiklane i konvensjonen
Artikkel 1 fastset føremålet med konvensjonen, som er å fremje samarbeid for å førebyggje og nedkjempe grenseoverskridande organisert kriminalitet meir effektivt.
Artikkel 2 inneheld definisjonar av sentrale omgrep som vert nytta i konvensjonen. Artikkelen definerer ei organisert kriminell gruppe som ei strukturert gruppe på tre eller fleire personar som eksisterer i ei viss tid, og som opptrer samla med det føremål å utføre alvorlege kriminelle handlingar for å oppnå økonomisk eller anna materiell vinning. Alvorlege kriminelle handlingar vert definerte som straffbare handlingar som har ei øvre strafferamme i nasjonal lovgjeving på minst fire års fengsel.
Artikkel 3 fastset bruksområda for konvensjonen. Konvensjonen skal brukast på dei handlingane som er nemnde i artikkel 5 (m.a. deltaking i ei organisert kriminell gruppe), artikkel 6 (kvitvasking av pengar), artikkel 8 (korrupsjon) og artikkel 23 (motarbeiding av rettsstellet), og på alvorlege kriminelle handlingar slik desse er definerte i artikkel 2. I begge tilfelle er det ein føresetnad at brotsverka er grenseoverskridande og involverer ei organisert kriminell gruppe.
Artikkel 4 fastset at statane skal gjennomføre pliktene sine etter konvensjonen i samsvar med prinsippa om suvereniteten, likeverdet og den territorielle integriteten til statane.
Artikkel 5 pålegg partane å kriminalisere deltaking i ei organisert kriminell gruppe (bokstav a) og ulike former for medverknad til dei handlingane som gruppa utfører (nr. 1 bokstav b). Bokstav a gjev statane ein viss fridom når det gjeld val av gjennomføringsmåte. Statane kan anten kriminalisere det å inngå avtale om straffbare handlingar med ei strafferamme på fengsel i fire år eller meir (punkt i) eller det å delta aktivt i ei organisert kriminell gruppe (punkt ii).
Artikkel 6 og 7 omhandlar kvitvasking av pengar. Partane forpliktar seg til å kriminalisere slik kvitvasking. Partane skal innføre ei regulerings- og tilsynsordning for å avverje og klare opp kvitvaskingshandlingar.
Etter artikkel 8 og 9 skal partane kriminalisere korrupsjonshandlingar. Partane skal gjennomføre tiltak som kan lette førebygginga, oppklaringa og strafforfølginga av korrupsjon.
Artikkel 10 har reglar om føretaksstraff. Juridiske personar skal òg vere ansvarlege - anten strafferettsleg, sivilrettsleg eller forvaltningsrettsleg - for handlingar dei har utført.
Artikkel 11 omhandlar strafforfølging, domsseiing og straffereaksjonar mot dei handlingane som er dekte av konvensjonen.
Artikkel 12 fastset reglar om inndraging og kverrsetjing av utbytte av ei straffbar handling som er omfatta av konvensjonen.
Artikkel 13 og 14 gjev reglar om internasjonalt samarbeid for å gjennomføre vedtak om inndraging og kverrsetjing.
Artikkel 15 fastset plikt til å fastsetje jurisdiksjon over dei handlingane som skal kriminaliserast etter konvensjonen. Føresegna fastset både kva jurisdiksjonen må omfatte og i kva tilfelle statane kan fastsetje ein utvida jurisdiksjon.
Artikkel 16 fastset at straffbare handlingar etter konvensjonen gjev grunnlag for utlevering. Føresegna inneheld einskilde avgrensingar i plikta til å utlevere, mellom anna dersom handlinga ikkje er straffbar i både den oppmoda og den oppmodande staten (dobbel straffskuld), og dersom det er god grunn til å tru at oppmodinga er sett fram for å reise påtale eller straffe vedkomande på grunn av til dømes rase, religion eller politiske meiningar.
Artikkel 17 omhandlar overføring av straffedømde.
Artikkel 18 gjev eit omfattande regelverk om gjensidig juridisk hjelp under etterforskinga og iretteføringa av dei lovbrota som er omfatta av konvensjonen. Føresegna inneheld mellom anna reglar om overføring av personar som sit fengsla i ein stat til ein annan stat. Gjensidig hjelp kan nektast dersom vilkåret om dobbel straffskuld ikkje er oppfylt. Vidare kan gjensidig hjelp nektast dersom hjelpa vil stri mot rettssystemet til den oppmoda staten. Oppmodinga om gjensidig hjelp skal utførast i samsvar med lovgjevinga i den oppmoda staten.
Artikkel 19 oppmodar statane til å inngå avtalar om felles etterforskingstiltak.
Artikkel 20 omhandlar ekstraordinære etterforskingsmetodar, som mellom anna kan vere former for teknisk sporing og avlytting. Dersom internretten til statane tillèt bruk av denne typen etterforskingsmetodar, skal statane sørgje for at slike etterforskingsmetodar kan brukast mot brotsverk som er omfatta av konvensjonen.
Artikkel 21 oppmodar statane til ut frå omsynet til rettshandhevinga å vurdere og overføre den rettslege handsaminga av saker som er omfatta av konvensjonen, til ein annan stat, særleg der fleire statar har jurisdiksjon.
Artikkel 22 tillèt at statane tek omsyn til tidlegare domfellingar i andre statar ved rettsleg handsaming av brotsverk som er omfatta av konvensjonen.
Artikkel 23 fastset plikt til å kriminalisere hindring av rettsforfølging i form av trugsmål og represaliar mot vitne, partar og dommarar.
Artikkel 24 omhandlar tiltak som skal setjast i verk for å verne vitne. Tiltaka kan omfatte fysisk vern, avgrensing av tilgangen til personopplysningar eller høve til å gje vitneprov ved bruk av kommunikasjonsteknologi.
Artikkel 25 gjeld hjelp til og vern av den krenkte i saker som er omfatta av konvensjonen.
Artikkel 26 pålegg statane å leggje til rette for samarbeid mellom politi- og påtalemakt og personar som er eller har vore involverte i organisert kriminalitet. Statane skal vurdere om samarbeid med politi- og påtalemakt skal kunne reknast som eit omstende som medfører nedsett straff, eventuelt om vedkomande kan nyte immunitet mot forfølging for det aktuelle tilhøvet.
Artikkel 27 forpliktar statane til å samarbeide for å få ei meir effektiv nedkjemping av organisert kriminalitet. Statane skal særleg sørgje for å setje i verk tiltak som sikrar at relevant informasjon om brotsverka som er omhandla i konvensjonen, kjem til dei andre statane.
Artikkel 28 omhandlar innsamling, utveksling og analysering av informasjon om organisert kriminalitet.
Artikkel 29 pålegg statane å setje i verk og utvikle spesialprogram for personell som deltek i arbeidet mot dei brotsverkstypane som er dekte av konvensjonen.
Artikkel 30 påpeikar at statane har eit ansvar for å vurdere økonomiske og tekniske hjelpetiltak overfor utviklingsland for å styrkje utviklingslanda si evne til å gjennomføre konvensjonspliktene. Det vert oppretta ei særskild fondsordning i FN-regi for dette føremålet.
Artikkel 31 omhandlar tiltak som skal verke preventivt mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. Det vert innført ei plikt til samarbeid mellom statane for å gjennomføre og utvikle tiltaka.
Artikkel 32 opprettar eit statspartsmøte som skal medverke til å styrkje statane si evne til å nedkjempe grenseoverskridande organisert kriminalitet og å fremje og vurdere konvensjonen. Statspartsmøtet skal haldast seinast eitt år etter at konvensjonen tek til å gjelde.
Artikkel 33 omhandlar sekretariatet og oppgåvene til sekretariatet, som mellom anna er å hjelpe statspartsmøtet.
Artikkel 34 gjev nærare reglar for statane si gjennomføring av pliktene som følgjer av konvensjonen. Brotsverka som er regulerte i artikkel 5, 6, 8 og 23, skal gjennomførast i nasjonal lovgjeving uavhengig av om brotsverka er grenseoverskridande eller involverer ei organisert kriminell gruppe, med unntak av i den grad artikkel 5 krev involvering av ei organisert kriminell gruppe.
Artikkel 35 gjev reglar for tvisteløysing ved usemje om fortolking eller bruk av konvensjonen.
Artikkel 36 gjev reglar om underteikning, ratifikasjon, godtaking, godkjenning og tiltreding. Konvensjonen er føremål for underteikning med etterfølgjande ratifikasjon, godkjenning eller godtaking, alternativt seinare tiltreding.
Artikkel 37 fastslår at konvensjonen kan utfyllast med protokollar. Dette er hittil gjort ved dei tre protokollane som er omtala i denne proposisjonen.
Artikkel 38 fastset at konvensjonen tek til å gjelde den 90. dagen etter at 40 statar har deponert ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokumenta sine hjå FNs generalsekretær.
Artikkel 39 gjev reglar om endringsforslag.
Artikkel 40 regulerer oppseiingsretten til partane. Kvar part kan seie opp konvensjonen. Han vil då slutte å gjelde for vedkomande part eitt år etter at meldinga om oppseiing er motteken.
Artikkel 41 listar opp dei autentiske språkversjonane av konvensjonen.
3.2 Protokollane
3.2.1 Hovudinnhaldet i protokollen for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born
Fortalen peikar på at effektive tiltak for å førebyggje og nedkjempe handel med menneske krev ei omfattande internasjonal tilnærming.
Av artikkel 1 går det fram at protokollen utfyller konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. Føresegnene i konvensjonen gjeld òg for protokollen så langt dei passar, med mindre anna er fastsett i protokollen. Handlingar som skal vere straffbare etter protokollen, skal sjåast på som straffbare handlingar etter konvensjonen òg.
Føremålet med protokollen er å førebyggje og nedkjempe handel med menneske, med særleg fokus på kvinner og born, jf. artikkel 2. Vidare har protokollen som føremål å verne og hjelpe offer for menneskehandel på ein slik måte at menneskerettane deira vert respekterte fullt ut. Protokollen skal òg medverke til samarbeid mellom statspartane for å oppfylle føremåla.
Menneskehandel er definert i artikkel 3 bokstav a som det å rekruttere, transportere, overføre, huse eller ta mot personar med sikte på å utnytte dei, ved hjelp av nærare fastsette tvangsmiddel. Utnytting skal i det minste omfatte utnytting av andre sin prostitusjon, andre former for seksuell utnytting, tvangsarbeid, slaveri, slaveriliknande praksis, trældom og fjerning av organ.
Dei aktuelle tvangsmidla er bruk av trugsmål, tvang, bortføring, bedrageri, luring, misbruk av makt eller utnytting av sårbar stilling. Likestilt med slik tvang er det å gje eller ta mot betaling eller andre fordelar for å få samtykke frå ein person som har kontroll over ein annan person, med sikte på utnytting. Samtykke frå eit offer for handel med menneske skal vere irrelevant for straffskulda dersom dei nemnde tvangsmidla er brukte, jf. artikkel 3 bokstav b. Rekruttering, transport, overføring, husing eller mottak av ein person under 18 år med sikte på utnytting skal reknast som menneskehandel utan omsyn til om midla er brukte eller ikkje, jf. artikkel 3 bokstav c og bokstav d.
Etter artikkel 5 vert statane forplikta til å kriminalisere dei handlingane som er nemnde i artikkel 3 når handlingane er utførte forsettleg. Forsøk og medverknad skal òg rammast, mellom anna det å organisere eller instruere andre til å utføre straffbare handlingar nemnde i artikkel 3.
Etter artikkel 4 er bruksområdet for protokollen førebygging, etterforsking og strafforfølging av menneskehandel når dei straffbare handlingane er grenseoverskridande (dvs. involverer to eller fleire statar) og vert utførte som ledd i organisert kriminalitet. I tillegg gjeld protokollen vern av offera for slike lovbrot.
Artikkel 6 seier at statspartane i eigna saker og så langt det er mogeleg etter nasjonal rett skal verne privatlivet og identiteten til offer for menneskehandel. Kvar statspart skal sørgje for at offera får informasjon om relevante rettslege eller administrative prosessar, og gje dei høve til å få presentert synspunkta sine i straffeforfølginga. Statspartane skal òg vurdere å gjennomføre tiltak med sikte på fysisk, psykisk og sosial rehabilitering av offer for menneskehandel, m.a. ved samarbeid med frivillige organisasjonar, særleg med tanke på å sørgje for høveleg husvære, rådgjeving, medisinsk og psykologisk hjelp og høve til utdanning og arbeid. Ved utarbeidinga av slike tiltak skal det takast særleg omsyn til dei særlege turftene som born har. Konvensjonspartane skal òg leggje vinn på å verne om tryggleiken til offera når offera oppheld seg på territoriet til staten, og sikre at offera har høve til å få skadebot for lidd skade.
Statspartane skal vurdere å gjennomføre lovgjevingsmessige eller andre tiltak for å kunne gje offer for menneskehandel i eigna saker høve til å opphalde seg mellombels eller fast på territoriet til staten med tilbørleg omsyn til humanitære og menneskelege tilhøve, jf. artikkel 7.
Det går fram av artikkel 8 at ein konvensjonsstat der eit offer for menneskehandel er statsborgar eller har fast opphald, utan unødig forseinking skal godta at offeret vert tilbakeført til denne staten. Ved tilbakeføringa skal det takast tilbørleg omsyn til tryggleiken til offeret og til om det går føre seg rettslege prosessar som vedkjem offeret. Tilbakeføringa skal helst vere frivillig.
På oppmoding frå ein mottakande statspart skal ein oppmoda statspart utan ugrunna eller urimeleg opphald verifisere om ein person som er offer for handel med menneske, er statsborgar av statsparten eller hadde rett til fast opphald på statspartens territorium ved innreise til territoriet til mottakarstatsparten. For å leggje til rette for tilbakeføring av menneske som ikkje har dei naudsynte papira, skal den oppmoda staten òg utferde dei reisedokumenta eller andre løyve som krevst for at personen skal kunne reise attende. Det vert framheva at dei rettane som offer for menneskehandel har etter nasjonal lovgjeving, ikkje skal innskrenkast av artikkel 8. Artikkelen rører heller ikkje ved eventuelle gjeldande bilaterale eller multilaterale avtalar eller ordningar som heilt eller delvis regulerer tilbakeføring av offer for handel med menneske.
Artikkel 9 pålegg statspartane å setje i verk omfattande handlingsplanar og tiltak for å førebyggje og nedkjempe handel med menneske på ein effektiv måte og for å verne offera, særleg kvinner og born, frå å verte offer på nytt. Tiltaka bør òg omfatte forskings-, opplysings- og massemediekampanjar og sosiale og økonomiske tiltak, og bør gjerast i samarbeid med frivillige organisasjonar og ved bilateralt og multilateralt samarbeid. Ved hjelp av tiltaka bør ein òg nedkjempe årsakene til at menneske vert sårbare for menneskehandel, til dømes fattigdom, underutvikling og mangel på likestilling. Statspartane skal vidare arbeide for å motverke etterspurnaden som fremjar alle former for utnytting og dermed fører til handel med menneske.
Når det er føremålstenleg, skal politi, påtalemakt, utlendingsstyresmakter og andre aktuelle styresmakter samarbeide i samsvar med nasjonal lovgjeving for å utveksle nærare fastsette opplysningar, jf. artikkel 10. Artikkelen nemner opplysningar som gjer det mogeleg å fastslå om einskildpersonar som kryssar eller prøver å krysse ei internasjonal grense med reisedokument som tilhøyrer andre personar, eller utan reisedokument, er gjerningspersonar eller offer for handel med menneske. Opplysningane kan òg dreie seg om kva type reisedokument som einskildpersonar har brukt eller prøvd å bruke for å krysse ei internasjonal grense med sikte på menneskehandel, og opplysningar om metodar og middel som vert brukte av organiserte kriminelle grupper med sikte på slik handel. Vidare skal det sikrast at dei relevante styresmaktene byggjer opp kompetanse om menneskehandel. Ein statspart som mottek opplysningar, skal stette kvar oppmoding frå statsparten som sende opplysningane, om å avgrense bruken av opplysningane.
Med atterhald for internasjonale plikter i høve til fri rørsle for personar, skal statspartane så langt det er mogeleg, styrkje grensekontrollen for å førebyggje og avdekkje handel med menneske, sjå artikkel 11. Så langt det er mogeleg, skal det setjast i verk tiltak som hindrar at transportmiddel som vert drivne av kommersielle transportørar, vert brukte til menneskehandel. Der det er høveleg, og med atterhald for gjeldande internasjonale konvensjonar, skal slike tiltak omfatte eit krav til transportørar om å forvisse seg om at alle passasjerar har dei reisedokumenta som krevst for innreise til mottakarstaten. I samsvar med nasjonal rett skal det fastsetjast sanksjonar for brot på denne plikta for transportørane. Statspartane skal òg vurdere å gjere tiltak som i samsvar med nasjonal lovgjeving gjer det mogeleg å nekte menneskehandlarar innreise eller å tilbakekalle visuma deira. Til slutt krev artikkel 11 at statspartane vurderer å styrkje samarbeidet mellom grensekontrollorgan, mellom anna ved å opprette eller halde ved lag direkte kommunikasjonskanalar.
Etter artikkel 12 skal det om mogeleg sikrast at dei reise- og identitetspapira som vert utferda av statsparten, er av ein slik kvalitet at dei ikkje utan vidare kan verte misbrukte, forfalska eller ulovleg endra, kopierte eller utferda.
På oppmoding frå ein annan statspart skal ein statspart i samsvar med si nasjonale lovgjeving innan rimelig tid verifisere at reise- eller identitetsdokumenta som er utferda, eller som det vert hevda er utferda, i namnet til statsparten, og som ein mistenkjer har vore brukt i handel med menneske, er ekte og gyldige, jf. artikkel 13.
Artikkel 14 understrekar at protokollen ikkje rører ved rettane, pliktene og ansvaret som statar og einskildpersonar har etter folkeretten og særleg FN-konvensjonen av 28. juli 1951 og protokollen av 31. januar 1967 om stillinga til flyktningar, medrekna prinsippet om ikkje-utsending («non-refoulement») etter desse instrumenta. Vidare vert det sagt at protokollen skal tolkast og brukast på ein ikkje-diskriminerande måte.
Artikkel 15-20 inneheld føresegner om tvisteløysing, ratifikasjon, iverksetjing m.v.
3.2.2 Hovudinnhaldet i protokollen mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen
Fortalen peikar på at det trengst eit universelt instrument for å nedkjempe menneskesmugling.
Artikkel 1 seier at protokollen utfyller hovudkonvensjonen, og at hovudkonvensjonen og protokollen skal tolkast samla.
Artikkel 2 fastset føremålet med protokollen. Reglane i protokollen skal medverke til å førebyggje og nedkjempe menneskesmugling og leggje til rette for samarbeid mellom statane, samtidig som rettane til smugla personar vert verna.
I artikkel 3 vert sentrale omgrep i protokollen definerte. For at eit tilhøve skal sjåast på som menneskesmugling, krevst det at gjerningsmannen for økonomisk eller anna vinning valdar ein persons ulovlege innreise til ein stat som vedkomande korkje er borgar av eller bur fast i. Ulovleg innreise vert definert som passering av grenser utan å oppfylle reglane om dette i innreisestaten. Falske reise- og identitetsdokument omfattar både falsk produksjon, forfalsking og dokument skaffa ved korrupsjon, tvang m.v.
Artikkel 4 definerer bruksområdet for protokollen. Protokollen skal berre brukast når menneskesmuglinga er grenseoverskridande og involverer organiserte kriminelle grupper. Ulovleg innreise der slektning hjelper slektning, eller hjelp vert ytt av til dømes religiøse eller ikkje-statlege organisasjonar, er såleis ikkje omfatta av protokollen.
Artikkel 5 fastset at smugla personar ikkje kan straffast etter protokollen for å ha vore føremål for handlingar nemnde i artikkel 6. Føremålet med protokollen er å straffe smuglarar og ikkje personane som vert smugla. Dette hindrar likevel ikkje at ein smugla person kan straffast for andre tilhøve som vil vere i strid med den nasjonale lovgjevinga til ein konvensjonsstat.
Artikkel 6 fastset plikt for partane til å kriminalisere menneskesmugling slik det er definert i artikkel 3. Forsøk og medverknad er òg omfatta. Vidare skal det gjerast straffbart forsettleg og med tanke på vinning å leggje til rette for menneskesmugling ved å produsere, skaffe eller inneha falskt eller forfalska reisedokument eller identitetsdokument. Å hjelpe ein person til å verte verande i ein stat som vedkomande har reist ulovleg inn i og ikkje har lovleg opphald i, skal òg kriminaliserast. Føresegna pålegg statane å ha reglar om skjerpa straff dersom livet eller tryggleiken til dei smugla personane har vorte sett i fare, eller dei smugla personane har vorte handsama umenneskeleg eller vanærande under smuglinga.
Artikkel 7 fastset at statane skal samarbeide for å hindre menneskesmugling til sjøs.
Artikkel 8 inneheld reglar om tiltak mot menneskesmugling til sjøs. Dersom ein stat har rimeleg grunn til å mistenkje eit farty som seglar under ein annan stats flagg, for å vere involvert i menneskesmugling, kan kyststaten be flaggstaten om hjelp til å hindre dette. Flaggstaten skal så langt han er i stand til det, stette ei slik oppmoding.
Kyststaten kan be flaggstaten stadfeste at skipet er registrert i skipsregisteret deira. Dersom dette er tilfelle, kan kyststaten be flaggstaten om samtykke til å borde skipet, gjennomføre undersøkingar og, dersom det vert avdekt at skipet er involvert i menneskesmugling, setje i verk tiltak. Flaggstaten skal handsame slike oppmodingar raskt, og alle partar skal oppnemne eit forvaltingsorgan til å handsame oppmodingane. Denne styresmakta må kunngjerast ved melding til FNs generalsekretær.
Kyststaten kan ikkje setje i verk tiltak som går ut over dei vilkåra som det er oppnådd semje om, med mindre slike tiltak krevst for å hindre fare for liv og tryggleik til menneske.
Artikkel 9 inneheld sikringsventilar for å verne vesentlege interesser ved handhevinga av artikkel 8. Kyststaten får mellom anna plikt til å sikre at personane om bord er trygge og vert handsama på ein menneskeleg måte, og til å handsame last og farty på ein tryggingsmessig og miljømessig forsvarleg måte. Føresegna omhandlar òg retten som eit farty har til skadebot, og plikta som partane har til forsvarleg framferd. Tiltak som vert sette i verk, skal ta tilbørleg omsyn til jurisdiksjonen som kyststatane og flaggstaten har etter havretten. Tiltak kan berre gjennomførast av visse typar farty i statleg teneste som er tydeleg merkte.
Artikkel 10 omhandlar reglar om nasjonale og internasjonale informasjonsprogram og informasjonsutveksling.
Artikkel 11 omhandlar grensetiltak. Partane forpliktar seg til å gjennomføre naudsynte tiltak for å hindre at kommersielle transportmiddel vert brukte til menneskesmugling. Føresegna pålegg vidare partane å sanksjonere brot på tiltaka.
Artikkel 12 set opp reglar om tryggleik og kontroll av dokument. Partane skal sikre ein tilstrekkeleg høg kvalitet på dokument.
Artikkel 13 fastset at partane skal verifisere dokument. Partane forpliktar seg til å verifisere dokument innan rimeleg tid i tilfelle der ein trur at dokumenta er brukte i samband med ei menneskesmuglingssak.
Etter artikkel 14 pliktar partane å styrkje samarbeidet om opplæring og faglig hjelp i menneskesmuglingssaker.
Artikkel 15 forpliktar partane til å gjennomføre høvelege informasjonskampanjar i opphavs- og transittland for å førebyggje menneskesmugling. I tillegg skal partane samarbeide for å førebyggje dei attomliggjande årsakene til menneskesmugling.
Etter artikkel 16 pliktar partane å respektere internasjonale prinsipp om retten til liv og forbod mot tortur eller anna umenneskeleg eller vanærande handsaming. Statane skal gjere føremålstenlege tiltak for å verne innvandrarar mot å verte offer for menneskesmugling, mellom anna ved å tilby smugla personar eigna vern og hjelp og ta særleg omsyn til dei særlege turftene til kvinner og born.
I artikkel 17 vert partane oppmoda til å vurdere å inngå bilaterale eller regionale avtalar for å motarbeide menneskesmugling med sikte på å effektivisere gjennomføringa av målsetjingane i protokollen, særleg innanfor ramma av artikkel 6.
Artikkel 18 gjev reglar om tilbakeføring av smugla personar. Plikta til å ta tilbake er avgrensa til personar som er omfatta av føresegnene i protokollen. Menneskesmuglinga må såleis vere organisert. Protokollen pålegg statspartane å godta tilbakeføring av personar som er statsborgarar i landet eller har fast opphald der. Det skal leggjast til rette for rask verifisering av nasjonaliteten til ein smugla person dersom det er sannsynleg at vedkomande er frå ein av konvensjonsstatane. Partane forpliktar seg til å utferde reisedokument eller andre dokument som gjer heimreisa mogeleg. Tilbakeføringa skal gjennomførast på ein sikker og verdig måte og kan gå føre seg i samarbeid med internasjonale organisasjonar. Føresegna rører ikkje ved pliktene til ein stat etter gjeldande avtalar om tilbakeføring.
Artikkel 19 fastset tilhøvet til andre folkerettslege plikter. Protokollen rører ikkje ved andre rettar og plikter og anna ansvar som statar og personar har etter folkeretten, mellom anna internasjonal humanitærrett og menneskerettane. Det vert særleg vist til FNs flyktningkonvensjon og protokollen til denne og til prinsippet om ikkje-utsending («non-refoulement»).
Artikkel 20 til 25 inneheld sluttføresegner som svarar til sluttføresegnene i hovudkonvensjonen.
3.2.3 Hovudinnhaldet i protokollen mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse
Fortalen understrekar trongen for å nedkjempe ulovleg handel og tilverking av skytevåpen, m.a. under tilvising til dei negative effektane dette representerer for stabiliteten i einskilde statar og regionar, og trugselen mot folks liv og velferd.
Artikkel 1 seier at protokollen utfyller konvensjonen og skal tolkast i lys av denne med mindre anna går fram av protokollen.
Artikkel 2 fastset at føremålet med protokollen er å fremje, støtte og styrkje samarbeidet mellom statar for å nedkjempe ulovleg handel og tilverking av skytevåpen.
Artikkel 3 definerer sentrale omgrep i protokollen, mellom anna kva som skal reknast som «skytevåpen», «ammunisjon» osv., og medverkar med dette til å fastsetje rekkevidda av kontrollføresegnene i protokollen.
Artikkel 4 fastset at bruksområdet for protokollen skal gjelde førebygging av ulovleg handel og tilverking av skytevåpen, ammunisjon m.v., samt etterforsking og rettsforfølging av handlingar som er gjorde straffbare etter artikkel 5 i protokollen, når handlingane er av internasjonal art og involverer ei organisert kriminell gruppe.
Protokollen skal ikkje brukast på overføringar av skytevåpen mellom statar eller når overføring av våpen skjer for å vareta nasjonal tryggleik i samsvar med FN-pakta.
Artikkel 5 forpliktar statane til å ta inn i nasjonal lovgjeving straffeføresegner som rammar ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse, forfalsking eller endring av merking på skytevåpen og forsøk på eller hjelp til nemnde handlingar.
Artikkel 6 forpliktar statane til å fastsetje reglar som gjer det mogeleg å inndra skytevåpen, delar til skytevåpen og ammunisjon som har vore føremål for ulovleg tilverking eller handel, samt å leggje til rette for at slike våpen ikkje kjem ut i marknaden att utan å vere offentleg merkte og registrerte.
Artikkel 7 forpliktar statane til å sjå til at det vert ført register over tilverka, eksporterte, importerte og transitterte skytevåpen, med opplysningar om m.a. merking, slik at desse kan sporast attende til opphavsstaten. Aktuelle opplysningar skal oppbevarast i minst 10 år.
Artikkel 8 fastset krav om individuell merking av kvart einskilt skytevåpen som skal gjere det mogeleg å spore våpen til produsentstat og importstat. Våpen som vert overført frå styresmakter, til dømes frå militære lager til den sivile marknaden, skal gjevast ei tilsvarande merking.
Artikkel 9 fastset nærare krav til deaktivering av skytevåpen, m.a. for å hindre at desse kan gjerast skytbare att.
Artikkel 10 forpliktar statane til å opprette effektive system for autorisering og lisensiering av eksport, import og transitt av skytevåpen. Artikkelen utgjer ein hovudpilar i det administrative kontrollsystemet til protokollen og gjev ei nærare omtale av dei dokumenta som skal følgje med ved overføring av skytevåpen over landegrenser.
Artikkelen opnar for at det kan vedtakast forenkla prosedyrar der våpen vert overførte for jaktføremål, konkurranseskyting eller liknande.
Artikkel 11 krev at statane gjennomfører tiltak for å oppdage, hindre eller eliminere at skytevåpen kjem på avvegar, og å heve effektiviteten ved m.a. grensekontroll og internasjonalt styresmaktsamarbeid ved overføring av skytevåpen.
Artikkel 12 inneheld ei detaljert liste over utveksling av informasjon, m.a. med omsyn til kriminelle grupper og arbeidsmetodane deira, modus for gjennomføring av internasjonal, illegal handel med skytevåpen, erfaringar og tiltak for å hindre slik kriminalitet, informasjon for sporing av våpen og liknande.
Artikkel 13 fastset krav om samarbeid mellom statane og at kvar einskild stat skal peike ut eit kontaktpunkt til å formidle fråsegner frå andre statar innanfor ramma av protokollen. Det vert føresett vidare at statane skal søkje samarbeid med aktuelle aktørar innanfor produksjon og handel med skytevåpen med sikte på å hindre eller oppdage ulovleg aktivitet.
Artikkel 14 pålegg partane å samarbeide med kvarandre og relevante, internasjonale organisasjonar om m.a. gjensidig fagleg og økonomisk hjelp som kan forbetre evna til å etterleve intensjonane med protokollen.
Artikkel 15 gjev ei tilråding om å innføre registreringsplikt for alle meklarar og at alle meklingsoppdrag om overføring av skytevåpen skal underkastast same lisensieringssystem som for eksportør og importør.
Artiklane 16-20 inneheld føresegner om tvisteløysing, ratifikasjon, iverksetjing m.v.