7 Konklusjon og tilråding
Grenseoverskridande organisert kriminalitet er ei av dei viktigaste utfordringane det internasjonale samfunnet står overfor i dag. Om ein skal ha noko von om å demme opp for utviklinga av den internasjonale organiserte kriminaliteten, må kampen førast på brei front, der mange ulike verkemiddel kan vere aktuelle. Kampen må førast både internasjonalt - til dømes gjennom FN og regionale organisasjonar og ved utstrekt politisamarbeid - og i dei einskilde statane.
Konvensjonen og protokollane utgjer ein viktig del av FNs rettslege ramme for ei meir effektiv nedkjemping av internasjonal organisert kriminalitet. For at denne ramma skal verke mest mogeleg etter føremålet sitt er det viktig at så mange medlemsstatar som råd sluttar opp om og gjennomfører regelverket på ein effektiv måte i nasjonal rett.
Ratifikasjon av konvensjonen og protokollane vil medverke til ei meir effektiv norsk nedkjemping av internasjonal organisert kriminalitet. Dersom Noreg ikkje sluttar seg til det internasjonale rammeverket, vil konsekvensen òg kunne bli at landet framstår som ein attraktivt stad for kriminelle organisasjonar.
Justisdepartementet tilrår at Noreg ratifiserer konvensjonen og protokollane om menneskehandel og skytevåpen, og Kommunal- og regionaldepartementet tilrår at Noreg ratifiserer protokollen om menneskesmugling. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.