Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av
FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet,
utfyllande protokoll for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born,
utfyllande protokoll mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen,
alle av 15. november 2000, og
utfyllande protokoll mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse av 31. mai 2001.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til ratifikasjon av
FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet,
utfyllande protokoll for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born,
utfyllande protokoll mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen,
alle av 15. november 2000, og
utfyllande protokoll mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse av 31. mai 2001,
i samsvar med eit vedlagt forslag.