6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Lovendringane som er føreslegne ved gjennomføringa av konvensjonen og protokollen om menneskehandel vil gje politi og påtalemakt betre høve til å straffeforfølgje organisert kriminalitet og menneskehandel. Det vil isolert sett kunne vere arbeidssparande. Føremålet er likevel at fleire skal straffast for slike brotsverk og, at det skal seiast dom for strengare straffer. Det vil føre til meirarbeid for strafferettsapparatet og til at fleire fengselsplassar vert bundne opp. Det er vanskeleg å gje eksakte tal. Meirutgiftene vil kunne dekkjast innanfor gjeldande rammer. Samtidig vil lovendringane kunne minske omfanget av organisert kriminalitet og menneskehandel. Såleis vil både einskildpersonar og samfunnet kunne verte sparte for alvorleg kriminalitet.
Gjennomføring av protokollen om menneskesmugling vil truleg ikkje medføre store økonomiske eller administrative konsekvensar. Etter protokollen artikkel 8 vert det lagt opp til å peike ut ei norsk styresmakt til å ta i mot og svare på oppmodingar frå andre statar om tiltak mot skip under norsk flagg som vert mistenkte for menneskesmugling. I dag vert tilsvarande funksjonar utøvde av Statsadvokatane i Oslo ved handhevinga av lov om gjennomføring av europarådsavtale 31. januar 1995 om ulovlig håndtering av og handel med narkotika og psykotrope stoff til sjøs, jf. påtaleinstruksen § 32-10. Av praktiske grunnar tek ein til orde for ei tilsvarande løysing for protokollen om menneskesmugling.
Gjennomføring av skytevåpenprotokollen vil truleg medføre litt større utgifter for importørar og norske produsentar av skytevåpen i samband med dei nye krava til merking. Elles vil skytevåpenprotokollen truleg ikkje medføre store økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Etter protokollen artikkel 13 vert det lagt opp til å peike ut eit kontaktpunkt som skal vere eit bindeledd mellom Noreg og andre statar i saker som gjeld skytevåpenprotokollen. Utanriksdepartementet vil i samråd med relevante styresmakter peike ut dette kontaktpunktet.