St.prp. nr. 58 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 176/2003 av 5. desember 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF av 18. juni 2003 om endring av direktiv om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap

Til innhaldsliste

2 Nærmare om europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF endrar følgjande rekneskapsdirektiv:

  • direktiv 78/660/EØF om årsrekneskapane for visse selskapsformer,

  • direktiv 83/349/EØF om konsoliderte rekneskapar,

  • direktiv 86/635/EØF om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar til bankar og andre finansinstitusjonar,

  • direktiv 91/674/EØF om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar til forsikringsføretak.

I Noreg gjeld EØS-reglane som svarar til direktiv 78/660/EØF og 83/349/EØF, for aksjeselskap og allmennaksjeselskap i tillegg til for partreiarlag, ansvarlege selskap og kommandittselskap når alle deltakarane har avgrensa ansvar eller er selskap som nemnde ovanfor. Direktiv 78/660/EØF gjeld selskapsrekneskapen og direktiv 83/349/EØF gjeld konsernrekneskapen. Direktiva krev som utgangspunkt vurdering av eigedelar og gjeld til historisk kost (kostmetoden). Medlemsstatane kan tillate eller krevje oppskriving av visse eigedelar, vurdering til attkjøpskostnad eller andre metodar som tek omsyn til verknaden av inflasjon. Noreg har ikkje nytta desse opsjonane. Direktiv 86/635/EØF inneheld særlege reglar om selskaps- og konsernrekneskapane til bankar og visse andre finansieringsinstitusjonar. Direktiv 91/674/EØF inneheld særlege reglar om selskaps- og konsernrekneskapane til forsikringsselskap.

I direktiv 2003/51/EF er det gjort endringar i rekneskapsdirektiva som, saman med endringar som tidlegare er gjennomførde ved direktiv 2001/65/EF 1, skal fjerne attståande hindringar i direktiva for at medlemsstatane kan krevje eller tillate rekneskapsføring i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS/IFRS. I samsvar med nr. 15 i fortalen i direktivet vil dei endringane som vert gjorde i rekneskapsdirektiva, fjerne alle mishøve mellom rekneskapsdirektiva og IAS-standardar som gjeld per 1. mai 2002. Direktivet opnar for at medlemsstatane kan tillate eller krevje bruk av oppskriving og verkeleg verdi i rekneskapane i samsvar med den internasjonale utviklinga på området som kjem til uttrykk gjennom IAS/IFRS-standardane. Dette omfattar rekneskapsføring av finansielle instrument til verkeleg verdi i forsikringsselskap, som ikkje var omfatta av direktiv 2001/65/EF (sjå ovanfor). På den same måten modifiserer direktivet krava til presentasjon av resultatrekneskapen og balansen slik at medlemsstatane kan tilpasse lovgjevinga si til IAS/IFRS.

Direktiv 2003/51/EF utvidar direktivkravet om at årsmeldinga skal innehalde eit dekkjande gjennomsyn av den forretningsmessige utviklinga av og stillinga til selskapet. Kravet vert utvida til òg å omfatte resultatet til verksemda i tillegg til vesentlege risikotilhøve og uvisse som er knytte til verksemda. Det vert presisert at gjennomsynet skal vere ein balansert og fullstendig analyse der det vert teke omsyn til storleiken og kompleksiteten til verksemda. Så langt det er naudsynt for å forstå utviklinga, stillinga eller resultat til selskapet eller konsernet, skal analysen omfatte både finansielle og, der det er føremålstenleg, ikkje-finansielle nøkkelindikatorar som er relevante for den aktuelle verksemda, medrekna informasjon om miljø- og arbeidstilhøve. Små selskap 2 kan få unntak frå opplysningskrava. Mellomstore selskap 3 kan få unntak frå opplysningskrava om ikkje-finansielle tilhøve.

I direktiv 2003/51/EF vert dei nærmare krava til utforminga av og innhaldet i revisjonsmeldinga presisert. Revisjonsmeldinga skal omfatte (a) ei innleiing som klart opplyser om kva rekneskapar som er reviderte og etter kva rekneskapsreglar, (b) ei utgreiing om kva revisjonen har dekt og kva revisjonsprinsipp som er følgde, (c) fråsegn frå revisor som klart skal gje uttrykk for om rekneskapen gjev eit påliteleg bilete i samsvar med dei rekneskapsreglane som er følgde; fråsegna skal anten vere utan atterhald, med atterhald, negativ eller ei utsegn om at revisor har sagt frå seg oppdraget, (d) merknader om tilhøve som det er peikt på utan at det er teke atterhald, og (e) ei fråsegn om årsmeldinga er i samsvar med årsrekneskapen eller ikkje.

Fotnotar

1.

Innlemminga av direktiv 2001/65/EF i EØS-avtala er omtalt i St.prp. nr. 36, jf. Innst. S. nr. 73 (2002-2003). Lovreglar til gjennomføringa av direktivet vart lagde fram i Ot.prp. nr. 15, jf. Innst. O. nr. 45 (2003-2004).

2.

To av følgjande tre storleikar er ikkje overskridne: Balansesum 3,65 mill euro. Salsinntekter 7,3 mill euro. 50 tilsatte.

3.

To av følgjande tre storleikar er ikkje overskridne: Balansesum 14,6 mill euro. Salsinntekter 29,2 mill euro. 250 tilsatte.