4 Tilhøvet til norsk rett
Direktiv 2003/51/EF opnar for tilpassingar til internasjonale rekneskapsstandardar som elles ville ha vore i strid med rekneskapsdirektiva til EU. Rekneskapslovutvalet tilrår i utgreiinga NOU 2003:23 ytterlegare tilpassingar av rekneskapslova til dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS/IFRS, som på fleire punkt føreset at dei nemnde EØS-reglane vert endra i samsvar med direktiv 2003/51/EF.
I direktiv 2003/51/EF er det fastsett krav til innhaldet i årsmeldinga som delvis er dekte av krava til årsmeldinga i § 3-3 i rekneskapslova. Det er likevel naudsynt med ei lovendring for å stette krava i direktivet om å gjere greie for vesentlege risikotilhøve. Det same gjeld kravet om å inkludere finansielle og ikkje-finansielle nøkkelindikatorar som er relevante for verksemda, der det er naudsynt for å forstå utviklinga, resultatet og stillinga til selskapet.
Direktivet krev vidare at dei nemnde nøkkelindikatorane skal omfatte informasjon om miljø- og arbeidstilhøve. Det er krav om å gje opplysningar om det ytre miljøet og arbeidsmiljøet i rekneskapslova som går lenger enn direktivet krev. Direktivet hindrar likevel ikkje fastsetjing av opplysningskrav i årsmeldinga utover det som vert kravd i medhald av direktivet. Det er òg naudsynt med ei lovendring for å stette krava i direktivet om at gjennomsynet av den forretningsmessige utviklinga, resultatet og stillinga til selskapet skal vere ein balansert og fullstendig analyse der det vert teke omsyn til storleiken og kompleksiteten til verksemda. Rekneskapslovutvalet har gjort framlegg om reglar for gjennomføring av desse EØS-reglane i NOU 2003:23 kapittel 16. Utgreiinga har vore på høyring, og Finansdepartementet legg opp til å fremje lovproposisjon før utgangen av året.
Føresegnene som gjeld innhaldet av revisjonsmeldinga er hovudsakleg i samsvar med dei gjeldande reglane i revisorlova. Det er likevel naudsynt å endre reglane i revisorlova § 5-6 om revisjonsmeldinga for å stette kravet i direktivet om at fråsegna frå revisor klart skal uttrykkje om rekneskapen gjev eit påliteleg bilete i samsvar med dei rekneskapsreglane som er følgde. Det er òg naudsynt med visse justeringar i lovføresegna utover dette. Finansdepartementet har sendt på høyring eit framlegg frå Kredittilsynet om lovendringar for å gjennomføre desse EØS-reglane, og legg opp til å fremje lovproposisjon før utgangen av året.