3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen vedtok 5. desember 2003 avgjerd nr. 176/2003 om at vedlegg IX (finansielle tenester) og XXII (selskapsrett) i EØS-avtala skal endrast ved at direktiv 2003/51/EF vert innlemma i EØS-avtala.
Artikkel 1 slår fast at vedlegg IX nr. 12b i EØS-avtala (rådsdirektiv 91/674/EØF) og nr. 21 (rådsdirektiv 86/635/EØF) skal endrast som følgje av direktiv 2003/51/EF.
Den slår fast at vedlegg XXII nr. 4 i EØS-avtala (rådsdirektiv 78/660/EØF) og nr. 6 (rådsdirektiv 83/349/EØF) skal endrast som følgje av direktiv 2003/51/EF.
Artikkel 2 slår fast at direktiv 2003/51/EF skal liggje føre i både islandsk og norsk versjon, kunngjerast i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen og vere autentisk.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal ta til å gjelde 6. desember 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
I medhald av artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå det tidspunktet då avgjerda vart vedteken, melde frå til dei andre EØS-statane at dei forfatningsrettslege krava er stetta. Det vil for Noreg sin del seie at det er innhenta samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.