1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om endring av vedlegg X (Audiovisuelle tenester) og vedlegg XI (Telekommunikasjonstenester) til EØS-avtala
EØS-KOMITEEN HAR -
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 98, og
på følgjande bakgrunn:
Vedlegg X til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 32/2000 av 31. mars 2000 1
.
Vedlegg XI til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 108/2000 av 30. november 2000 2
.
Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester 3
skal takast inn i avtal -
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg X etter nr. 1a (europaparlaments- og rådsdirektiv 95/47/EF) i avtala skal nytt nr. 1b lyde:
«1b. | 398 L 0084: Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester (TEF L 320 av 28.11 1998, s. 54).» |
Artikkel 2
I vedlegg XI etter nr. 5i (europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF) i avtala skal nytt nr. 5j lyde:
«5j. | 398 L 0084: Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester (TEF L 320 av 28.11 1998, s. 54).» |
Artikkel 3
Teksta til europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal verte gyldig.
Artikkel 4
Denne avgjerda tek til å gjelde 1. mars 2001, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 4
.
Artikkel 5
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Utferda i Brussel, 28. februar 2001.
For EØS-komiteen | |
Formann | |
P. Westerlund | |
Sekretærar for EØS-komiteen | |
P.K. Mannes | M. Brinkmann |