3 Nærmare om innhaldet i dei einskilde artiklane i direktivet
Artikkel 1 opplyser at føremålet med direktivet er å tilnærme føresegnene til medlemsstatane om tiltak mot ulovlege innretningar som gjev uautorisert tilgang til dei tenestene som er omfatta av direktivet.
Artikkel 2 definerer følgjande omgrep: (a) verna tenester (tenester som er omfatta av direktivet), (b) tilgangskontroll, (c) tilgangskontrollerande innretning, (d) tilhøyrande tenester, (e) ulovleg utstyr, (f) området som direktivet omfattar.
Verna tenester omfattar fjernsynssendingar slik det er definert i artikkel 1 bokstav a) i direktiv 89/552/EØF (fjernsynsdirektivet), radiosendingar i tydinga all overføring av radioprogram til ålmenta ved bakke-, kabel- eller satellittsendingar, og informasjonssamfunnstenester. Omgrepet informasjonssamfunnstenester er definert i artikkel 1 nr. 2 i europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF, slik dette lyder etter endringa ved direktiv 98/48/EF. Omgrepet dekkjer alle tenester som normalt vert ytte mot betaling, og som vert teleformidla elektronisk på individuell oppmoding frå ein tenestemottakar. At tenesta vert teleformidla, inneber at tenesta vert ytt utan at partane er til stades samstundes. At tenesta vert formidla elektronisk, vil etter direktivet seie at tenesta vert motteken ved hjelp av elektronisk datahandsamingsutstyr (medrekna digital komprimering) og datalagringsutstyr, anten ved at tenesta vert send, frakta eller motteken via tråd, radio, optiske eller andre elektromagnetiske middel. At tenesta vert ytt på individuell oppmoding, inneber at tenesta må ytast gjennom overføring av data etter individuell oppmoding frå tenestemottakaren.
Vedlegg V til europaparlaments- og rådsdirektiv 98/48/EF inneheld ei liste over tenester som ikkje er omfatta av definisjonen av informasjonssamfunnstenester, jf. artikkel 1 nr. 2 andre leddet.
For å vere omfatta av direktivet er det ein føresetnad at tenestene vert ytte mot vederlag. Vidare er det eit krav at tenestene vert ytte med grunnlag i ein tilgangskontroll (at tenesta er koda) dersom tenesta i seg sjølv ikkje er ei sjølvstendig tilgangskontrollerande teneste.
Tilgangskontroll tyder eit teknisk tiltak og/eller tekniske innretningar der tilgangen til den verna tenesta i forståeleg form er avhengig av at det er gjeve løyve på førehand.
Tilgangskontrollerande innretning tyder utstyr eller programvare som er utforma eller tilpassa med sikte på å gje tilgang til ei verna teneste i forståeleg form.
Tilhøyrande tenester tyder installasjon, vedlikehald eller utskifting av tilgangskontrollutstyr, og yting av kommersielle kommunikasjonstenester som har samanheng med desse eller med verna tenester.
Ulovleg innretning tyder utstyr eller programvare som er utforma med sikte på å gje tilgang til ei verna teneste i forståeleg form utan løyve frå tenesteytaren.
Området som dette direktivet omfattar tyder alle føresegner som gjeld for dei ulovlege handlingane som er nemnde i artikkel 4.
Artikkel 3 nr. 1 opplyser om prinsippa for den indre marknaden. Medlemsstatane har innanfor sitt eige område ansvaret for å gjere dei tiltaka som er naudsynte for å forby dei handlingane som er nemnde i artikkel 4, og for å fastsetje dei sanksjonane og rettsmidla som er nemnde i artikkel 5.
Artikkel 3 nr. 2 bokstav a) strekar under at medlemsstatane utan omsyn til avgrensing av området etter artikkel 3 nr. 1, ikkje må avgrense tilgangen til verna tenester eller tilhøyrande tenester med opphav i ein annan stat.
Artikkel 3 nr. 2 bokstav b) strekar under at medlemsstatane utan omsyn til avgrensing av området etter artikkel 3 nr. 1, ikkje må avgrense den frie rørsla for tilgangskontrollerande utstyr.
Artikkel 4opplyser om kva handlingar som er ulovlege, og pålegg medlemsstatane å forby desse. Artikkel 4 bokstav a) nemner framstilling, import, distribusjon, sal, utleige eller innehaving av ulovlege innretningar for kommersielle føremål. Artikkel 4 bokstav b) nemner installasjon, vedlikehald eller utskifting av ulovlege innretningar for kommersielle føremål. Artikkel 4 bokstav c) nemner marknadsføring av ulovlege innretningar gjennom kommersielle kommunikasjonstenester.
Artikkel 5 nr. 1 regulerer sanksjonar og uttrykkjer at desse skal vere effektive, «førebyggjande» og stå i rimeleg høve til den potensielle verknaden av den ulovlege handlinga.
Artikkel 5 nr. 2 regulerer rettsmiddel og pålegg medlemsstatane på sine område å gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at leverandørar av verna tenester har tilgang til høvelege rettsmiddel dersom dei vert utsette for ulovlege handlingar som er nemnde i artikkel 4. Dei skal m.a. syte for at det er høve til å gå til skadebotsøksmål, og å sikre at det skal kunne innførast forbod og påbod eller nyttast andre mellombels rettsmiddel. Ved bruk av mellombels rettsmiddel skal det m.a. vere mogleg å be om at ulovlege innretningar vert fjerna fra yrkesmessig omsetnad.
Artikkel 6 regulerer gjennomføringa. Siste fristen for å gjennomføre direktivet er 28. mai 2000. Kommisjonen skal ha melding om når naudsynte lover og forskrifter tek til å gjelde, og føresegnene om vedtaking av direktivet i den einskilde staten skal innehalde ei tilvising til direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Kommisjonen skal ha melding om dei nasjonale reglane som vert utferda for å gjennomføre direktivet.
Artikkel 7 gjeld rapportering. Kommisjonen skal tre år etter at direktivet har teke til å gjelde, leggje fram for Europaparlamentet ein rapport om gjennomføringa av direktivet, og om naudsynt gjere framlegg til tilpassing av direktivet til den tekniske og økonomiske utviklinga, og til resultatet av dei høyringane som Kommisjonen har gjennomført.
Artikkel 8 gjeld iverksetjinga.
Artikkel 9 gjeld adressatane som direktivet er retta til, som er medlemsstatane.