St.prp. nr. 61 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om innlemming av direktiv om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester i EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 57 nr. 2, artikkel 66 og artikkel 100 A,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten 3

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Måla til Fellesskapet slik dei er fastsette i traktaten er m.a. å skape ei stadig nærmare samanslutning mellom dei europeiske folka og sikre økonomisk og sosial framgang ved å fjerne dei skrankane som deler dei.

  2. Tilbodet av kringkastings- og informasjonssamfunnstenester over landegrensene kan på individuelt plan medverke til at ein grunnleggjande rett som ytringsfridommen kan nyttast fullt ut, og på kollektivt plan til at dei måla som er fastsette i traktaten, kan verkeleggjerast.

  3. I traktaten er det fastsett fri rørsle for alle tenester som vanlegvis vert gjorde mot vederlag. Denne retten, slik han vert nytta i samband med kringkastings- og informasjonssamfunnstenester, er òg eit spesifikt uttrykk for eit meir allment prinsipp i fellesskapsretten, nemleg ytringsfridommen slik han er stadfesta i artikkel 10 i den europeiske konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane. Denne artikkelen sannkjenner særleg den retten borgarane har til å ta imot og gje opplysningar utan omsyn til grenser, og all avgrensing av denne retten skal ta nøye omsyn til andre rettkomne interesser som bør ha rettsleg vern.

  4. Kommisjonen har gjennomført ei omfattande høyring på grunnlag av grønboka «Det rettslege vernet av krypterte tenester i den indre marknaden». Resultata av denne høyringa stadfesta at det er naudsynt med eit fellesskapsrettsleg verkemiddel som sikrar rettsleg vern av alle tenester der vederlaget for dei er avhengig av tilgangskontroll.

  5. I resolusjonen sin av 13. mai 1997 om grønboka 4

    oppmoda Europaparlamentet Kommisjonen om å kome med framlegg til eit direktiv som omfattar alle krypterte tenester der krypteringa har som mål å sikre at vederlag vert betalte, og var samd i at dette framlegget i tillegg til kringkastingstenester òg bør gjelde for informasjonssamfunnstenester som vert fjernformidla elektronisk på individuell oppmoding frå ein tenestemottakar.

  6. Den digitale teknologien gjer det mogleg å gje forbrukarane fleire val og å styrkje det kulturelle mangfaldet ved å utvide tilbodet av tenester slik det er definert i artikkel 59 og 60 i traktaten. Desse tenestene vil i mange tilfelle berre vere lønsame dersom dei er underlagde tilgangskontroll for å sikre tenesteytaren eit vederlag. Rettsleg vern av tenesteytarar mot ulovlege innretningar som gjev gratis tilgang til desse tenestene, kan difor synast naudsynt for å sikre at tenestene skal løne seg økonomisk.

  7. Det gjekk fram av kommisjonsmeldinga om eit «europeisk initiativ på området elektronisk handel» kor viktig dette spørsmålet er.

  8. I samsvar med artikkel 7 A i traktaten skal den indre marknaden utgjere eit område utan indre grenser, der det er sikra fritt varebyte og fri rørsle for tenester. Artikkel 128 nr. 4 i traktaten krev at Fellesskapet skal ta omsyn til kulturelle tilhøve når det utøver verksemda si i medhald av andre føresegner i traktaten. I medhald av artikkel 130 nr. 3 i traktaten skal Fellesskapet ved den politikken og dei tiltaka som det gjennomfører, medverke til å sikre at dei naudsynte vilkåra er til stades for at industrien i Fellesskapet skal vere konkurransedyktig.

  9. Dette direktivet rører ikkje ved eventuelle framtidige fellesskapsføresegner eller nasjonale føresegner som skal sikre at ei rekkje kringkastingstenester som er rekna for å vere av allmenn interesse, ikkje er underlagde tilgangskontroll.

  10. Dette direktivet rører ikkje ved dei kulturelle sidene ved eventuelle nye fellesskapstiltak som gjeld nye tenester.

  11. Skilnadene mellom nasjonale føresegner om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester kan føre til hindringar for det frie varebytet og den frie rørsla for tenester.

  12. Bruken av traktaten er ikkje tilstrekkeleg for å fjerne desse hindringane i den indre marknaden. Hindringane bør difor fjernast ved at det vert fastsett eit einsarta vernenivå i medlemsstatane. Dette krev ei tilnærming av dei nasjonale føresegnene om forretningsverksemd med ulovlege innretningar.

  13. Det verkar naudsynt å sikre at medlemsstatane syter for eit fullgodt rettsleg vern mot marknadsføring, med sikte på direkte eller indirekte økonomisk vinning, av ein ulovleg innretning som gjer det mogleg eller lettare å utan løyve omgå alle tekniske tiltak som er gjorde for å sikre betaling av vederlag for ei teneste som er tilbydd på lovleg vis.

  14. Forretningsverksemd med ulovlege innretningar omfattar kommersiell formidling som dekkjer alle former for reklame, direkte marknadsføring, sponsing, salsfremjande tiltak og public relations til fremjing av slike produkt og tenester.

  15. Slik forretningsverksemd skadar forbrukarane, som vert villeidde når det gjeld opphavet til dei ulovlege innretningane. Det krevst eit høgt nivå for forbrukarvern for å kjempe mot denne typen svik mot forbrukarane. I artikkel 129 A nr. 1 i traktaten er det fastsett at Fellesskapet skal medverke til at det vert oppnådd eit høgt nivå for forbrukarvern ved tiltak som vert vedtekne i medhald av artikkel 100 A.

  16. Den rettslege ramma for skipinga av eit felles audiovisuelt område, som er fastlagd i rådsdirektiv 89/552/EØF av 3. oktober 1989 om samordning av visse bestemmelser om utøvelse av fjernsynsvirksomhet, fastsatt ved lov eller forskrift i medlemsstatene 5

    , bør utfyllast med teknikkar for tilgangskontroll slik dei er fastlagde i dette direktivet, ikkje minst for å sikre lik handsaming av ytarar av kringkastingstenester over landegrensene, utan omsyn til etableringsstaden deira.

  17. I samsvar med rådsresolusjonen av 29. juni 1995 om ein einsarta og effektiv bruk av fellesskapsretten og om sanksjonar mot krenking av denne retten i den indre marknaden 6

    skal medlemsstatane setje i verk tiltak for å sikre at fellesskapsretten vert nytta på ein like effektiv og grundig måte som den nasjonale lovgjevinga.

  18. I samsvar med artikkel 5 i traktaten skal medlemsstatane gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at fellesskapsretten vert nytta og at han er effektiv, særleg ved å sikre at dei sanksjonane som er valde, er effektive, avskrekkande og i rimeleg samhøve med den moglege verknaden av den ulovlege verksemda, og at dei rettslege tiltaka er føremålstenlege.

  19. Tilnærminga av lovene og forskriftene til medlemsstatane bør avgrensast til det som er naudsynt for å nå måla til den indre marknaden, i samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve slik det er fastlagt i artikkel 3 B tredje leddet i traktaten.

  20. Distribusjon av ulovlege innretningar omfattar alle former for formidling i tillegg til marknadsføring av slike innretningar med tanke på omsetnad i eller utanfor Fellesskapet.

  21. Dette direktivet rører ikkje ved bruken av nasjonale føresegner som kan forby privat eige av ulovlege innretningar, eller ved bruken av fellesskapsføresegner på områda konkurranse og immaterialrett.

  22. I den nasjonale lovgjevinga om sanksjonar og rettslege tiltak mot ulovleg forretningsverksemd kan det fastsetjast at verksemda må vere utøvd av personar som visste eller burde ha visst at dei aktuelle innretningane var ulovlege.

  23. Dei sanksjonane og rettslege tiltaka som er fastsette i dette direktivet, rører ikkje ved andre sanksjonar eller rettslege tiltak som kan vere fastsette i nasjonal lovgjeving, som t.d. allmenne førebyggjande tiltak eller kverrsetjing av ulovlege innretningar. Medlemsstatane pliktar ikkje å fastsetje strafferettslege sanksjonar mot ulovleg verksemd som dette direktivet omfattar. Føresegnene til medlemsstatane om skadebotsøksmål må vere i samsvar med den nasjonale lovgjevinga og med rettsstellet deira.

  24. Dette direktivet rører ikkje ved bruken av nasjonale føresegner som ikkje kjem inn under det området som dette direktivet omfattar, som t.d. føresegner om vern av mindreårige, medrekna dei som er vedtekne i samsvar med direktiv 89/552/EØF, eller nasjonale føresegner om offentleg orden eller offentleg tryggleik -

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

Verkeområde

Målet med dette direktivet er å tilnærme føresegnene til medlemsstatane om tiltak mot ulovlege innretningar som gjev ulovleg tilgang til verna tenester.

Artikkel 2

Definisjonar

I dette direktivet tyder

  1. «verna teneste» ei av dei følgjande tenestene, når ho vert ytt mot betaling og på grunnlag av tilgangskontroll:

    • fjernsynssending slik det er definert i artikkel 1 bokstav a) i direktiv 89/552/EØF,

    • kringkasting over radio, dvs. utsending over tråd eller trådlaust, òg via satellitt, av radioprogram som er meinte for ålmenta,

    • informasjonssamfunnstenester i medhald av artikkel 1 nr. 2 i europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF av 22. juni 1998 om en informasjonsprosedyre for standarder og tekniske forskrifter og regler for informasjonssamfunnets tjenester 7

      ,

      eller yting av tilgangskontroll for dei førnemnde tenestene, noko som vert rekna som ei eiga teneste,

  2. «tilgangskontroll» alle tekniske tiltak og/eller innretningar som gjer at tilgangen til ei verna teneste i forståeleg utforming vert avhengig av eit individuelt førehandsløyve,

  3. «tilgangskontrollerande innretning» alt utstyr eller all programvare som er utforma eller tilpassa for å gje tilgang til ei verna teneste i forståeleg utforming,

  4. «tilhøyrande tenester» installering, vedlikehald eller utskifting av tilgangskontrollerande innretningar, i tillegg til yting av kommersielle kommunikasjonstenester i samband med slike innretningar eller med verna tenester,

  5. «ulovleg innretning» alt utstyr eller all programvare som er utforma eller tilpassa for å gje tilgang til ei verna teneste i forståeleg utforming, utan løyve frå tenesteytaren,

  6. «området som dette direktivet omfattar» alle føresegner som gjeld for den ulovlege verksemda som det er gjort greie for i artikkel 4.

Artikkel 3

Prinsipp for den indre marknaden

  1. Kvar medlemsstat skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å forby slik verksemd på territoriet sitt som er oppførd i artikkel 4, og for å fastsetje dei sanksjonane og rettslege tiltaka som er nemnde i artikkel 5.

  2. Med atterhald for nr. 1 kan medlemsstatane ikkje

    1. avgrense ytinga av verna tenester eller tilhøyrande tenester med opphav i ein annan medlemsstat, eller

    2. avgrense den frie rørsla for tilgangskontrollerande innretningar

      av årsakar som høyrer inn under det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 4

Ulovleg verksemd

Medlemsstatane skal forby følgjande verksemd på territoriet sitt:

  1. framstilling, import, distribusjon, sal, utleige eller innehaving av ulovlege innretningar for kommersielle føremål,

  2. installering, vedlikehald eller utskifting av ulovlege innretningar for kommersielle føremål,

  3. bruk av kommersielle kommunikasjonstenester for å fremje utbreiinga av ulovlege innretningar.

Artikkel 5

Sanksjonar og rettslege tiltak

  1. Sanksjonane skal vere effektive, avskrekkande og i rimeleg samhøve med den moglege verknaden av den ulovlege verksemda.

  2. Medlemsstatane skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at ytarar av verna tenester, som har interesser som vert påverka av ulovleg verksemd slik det er definert i artikkel 4, og som er utførd på territoriet deira, har høve til å gjere føremålstenlege rettslege tiltak, som t.d. å gå til skadebotsøksmål og få gjennomført ei mellombels rådgjerd eller eit anna førebyggjande tiltak, og eventuelt be om at dei ulovlege innretningane vert fjerna frå handelen.

Artikkel 6

Gjennomføring

  1. Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan 28. mai 2000. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.

Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

  1. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 7

Rapportar

Innan tre år etter at dette direktivet har teke til å gjelde, og deretter annakvart år, skal Kommisjonen leggje fram for Europaparlamentet, Rådet og Økonomi- og sosialutvalet ein rapport om gjennomføringa av dette direktivet og leggje ved eventuelle framlegg til tilpassingar, særleg når det gjeld definisjonane i artikkel 2, i lys av den tekniske og økonomiske utviklinga og dei høyringane som Kommisjonen har gjennomført.

Artikkel 8

Iverksetjing

Dette direktivet tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Artikkel 9

Adressatar

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 20. november 1998.

For EuropaparlamentetFor Rådet
J. M. GIL-ROBLESE. HOSTASCH
PresidentFormann

Fotnotar

1.

TEF C 314 av 16.10 1997, s. 7, og TEF C 203 av 30.6 1998, s. 12.

2.

TEF C 129 av 27.4 1998, s. 16.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 30. april 1998 (TEF C 152 av 18.5 1998, s. 59), felles haldning frå Rådet av 29. juni 1998 (TEF C 262 av 19.8 1998, s. 34) og europaparlamentsavgjerd av 8. oktober 1998 (TEF C 328 av 26.10 1998). Rådsavgjerd av 9. november 1998.

4.

TEF C 167 av 2.6 1997, s. 31.

5.

TEF L 298 av 17.10 1989, s. 23. Direktivet endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 97/36/EF (TEF L 202 av 30.7 1997, s. 60).

6.

TEF C 188 av 22.7 1995, s. 1.

7.

TEF L 204 av 21.7 1998, s. 37. Direktivet endra ved direktiv 98/48/EF (TEF L 217 av 5.8 1998, s. 18).