4 Avgjerda i EØS-komiteen
Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 28. februar 2001 å endre vedlegg X om audiovisuelle tenester og vedlegg XI om telekommunikasjonstenester, slik at avtala òg omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 17/2001/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester. Avgjerda inneheld ei innleiing og fem artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 1slår fast at i vedlegg X etter nr. 1a (europaparlaments- og rådsdirektiv 95/47/EF) i avtala skal nytt nr. 1b lyde: «398 L 0084: Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester (TEF L 320 av 28.11 1998, s. 54)».
Artikkel 2 slår fast at i vedlegg XI etter nr. 5i (europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF) i avtala skal nytt nr. 5j lyde: «398 L 0084: Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester (TEF L 320 av 28.11 1998, s. 54)».
Artikkel 3slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.
Artikkel 4slår fast at avgjerda skal gjelde frå 1. mars 2001, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 5slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei Europeiske Fellesskapa.
Etter artikkel 103 nr. 1 jf. nr. 2 skal EFTA-statane innan seks månader frå tidspunktet for avgjerda (som var 5. november 1999) stadfeste overfor dei andre EØS-statane at dei forfatningsmessige krava er stetta, dvs. for Noreg at Stortinget har gjeve sitt samtykke.