2 Omtale av utbygginga
Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for alle prosjekta i Vossapakko. Heile utbygginga er på stamvegnettet.
Rv 13 Voss grense – Øvre Granvin (Skjervet) i Granvin kommune
Eksisterande veg på strekninga har i dag svært dårleg standard, med smal og svingete veg, stor stigning, dårleg bereevne og manglande tilbod for gåande og syklande. Dette fører til dårleg trafikktryggleik, miljø og framkomst. Ved Skjervet er det stor høgdeforskjell med svært krappe svingar. Det er eit problem for store køyrety. Her vil prosjektet også eliminere rasfarlege punkt.
Prosjektet har ei totallengde på 6,5 km, av dette til saman 3,5 km i tunnel. Reguleringsplanen viser at ny veg tar av frå eksisterande rv 13 ved enden av Granvinvatnet og går i ein kort tunnel bak busetnaden ved Øvre Granvin. Vidare kryssar vegen dalføret ved Seim, og går i to tunnelar på om lag 1 km og 2,1 km forbi Skjervet og fram til kommunegrensa mot Voss. Ny veg sluttar 0,3 km inn i Voss kommune. Eksisterande rv 13 vil bli frigjort til lokalveg/gang- og sykkelveg. Bygging av rasteplass inngår i prosjektet.
Ved Øvre Vassenden i Granvin er det lagt inn ein miljøtunnel på om lag 0,4 km i den godkjente reguleringsplanen. Det er ein aukande tendens til nedfall av stein på ei dagstrekning aust for tunnelen. Etter å ha teke saka opp med fylkeskommunen og kommunane Granvin og Voss har Statens vegvesen gått inn for at denne tunnelen ikkje blir bygd likevel. I staden blir det lagt opp til at den rasutsette strekninga skal inngå i ein lengre rassikringstunnel forbi busetnaden ved Øvre Vassenden. Planlegginga etter plan- og bygningslova er starta opp. I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det føresett statlege midlar til rassikringstunnelen ved Vassenden i perioden 2014-2019.
Det er ikkje gjort lokale politiske vedtak om å erstatta miljøtunnelen med ein lengre tunnel. Samferdselsdepartementet tilrår derfor at pakka blir lagt fram med miljøtunnel. Når planlegging av ein lengre tunnel er kome så langt at kostnader og nytte avklara og lokale vedtak er fatta, vil Samferdselsdepartementet kome tilbake til Stortinget med eventuelle endringar i pakka og eit opplegg for finansiering.
Rv 13 Mønshaug – Palmafoss i Voss kommune
Eksisterande rv 13 mellom Mønshaug og Palmafoss i Voss kommune går gjennom landbruksområde med spreidd busetnad. Det er mange avkøyringar direkte ut i riksvegen. Prosjektet omfattar ny veg med auka standard, samling av avkøyringar, ombygging av kryss og busslommer, samt betra tilkomst til gang- og sykkelveg. Prosjektet har ei totallengde på 3,5 km.
E16 utanom Voss sentrum (Voss kommune)
Prosjektet omfattar bygging av 3,4 km ny veg nord for Voss sentrum, av dette ein om lag 2,4 km lang tunnel frå Svartenakken ved Gjerde bruk i vest til Lundarosen og kryss med rv 13 i aust. I tillegg inngår utbetring av eksisterande E16 på ei om lag 1 km lang strekning. Ved begge endar av tunnelen er det kryss planlagt som rundkøyringar. Prosjektet vil avlaste Voss sentrum for gjennomgåande trafikk, der særleg tunge køyrety og nattleg trafikk fører til miljøulemper. Det er sett av midlar til miljømessig opprusting av eksisterande E16 i Voss sentrum.
Tiltak på E16 i Vaksdal kommune
Det er sett av midlar til ombygging av kryss ved Stanghelle på E16 i Vaksdal.
Framdrift for utbygginga
Det blir lagt opp til anleggsstart på dei to prosjekta på rv 13 hausten 2009 og på E16 utanom Voss sentrum i løpet av 2010. Førebuingane til anleggsstart er kome lengst på rv 13-prosjekta. På E16 skal det gjennomførast prosjektering og eit omfattande grunnerverv. Det er venta at utbygginga skal stå ferdig i 2013. Noko restarbeid kan stå att til 2014, til dømes opprustinga av eksisterande E16 i Voss sentrum. Bygging av rassikringstunnelen ved Øvre Vassenden i Granvin vil bli gjennomført i tråd med omtalen over.