6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at det er blitt arbeidd med ei Vossapakke gjennom mange år. Departementet legg no fram eit opplegg for fullfinansiering av Vossapakko i tråd med NTP 2010–2019 etter at det har vore stor kostnadsauke sidan saka blei lagt fram til lokalpolitisk behandling i 2004/2005.
For bomstasjonen på E16 nær kommunegrensa mellom Voss og Vaksdal er det relativt stor avstand mellom tyngdepunktet for utbygginga og bomstasjonen. Det er likevel relativt få sidevegar og lite busetnad mellom denne bomstasjonen og Voss. Det er dessutan lagt opp til kryssombygging på E16 i Vaksdal kommune. Det er lokalpolitisk tilslutning til bompengeopplegget. Samferdselsdepartementet meiner at opplegget kan aksepterast.
Samferdselsdepartementet tilrår at Vossapakko blir lagt fram slik den er vedteken lokalt med miljøtunnelen ved Øvre Vassenden. Dersom det etter vidare planlegging vert lokal tilslutning til å erstatte miljøtunnelen ved Øvre Vassenden med ein lengre tunnel som og sikrar mot ras øst for Øvre Vassenden, må dette behandlast som ei eiga sak. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med dette.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om ei lågare lånerente enn 6,5 pst for ein periode på 10–15 år. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før anleggsstart.