4 Lokalpolitisk behandling
Saka blei behandla av Granvin heradsstyre 22. juni 2004. Det blei fatta følgjande vedtak:
Granvin herad stiller seg fullt bak Vossapakko AS sitt arbeid med delvis bompengefinansiering av prosjekta i Vossapakko og søknad om løyve til å setja i verk førehandsinnkrevjing av bompengar.
Saka blei behandla av Voss kommunestyre 12. mai 2005. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
Voss kommunestyre sluttar seg til søknaden om delvis bompengefinansiering av Vossapakko slik han er utarbeidd av Voss og Omegn bompengeselskap AS.
Saka blei behandla av Vaksdal kommunestyre 13. juni 2005. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
Vaksdal kommunestyre er positive til søknaden om bompengefinansiering av «Vossapakka» på følgjande vilkår:
Det vert avsett ei ramme på 25 mill. kr til tiltak på E16 gjennom Vaksdal kommune.
Det vert etablert ei friordning for busette med fast adresse på Verpelstad for passering av bomstasjonen for å nå kommunesentret Dale.
Vaksdal kommune rår til at ordninga med «timesregel» vert gjennomført både for trafikantar som passerer begge stasjonane og den same stasjonen innanfor ein time.
Sidan tiltak i Vaksdal er inkludert i Vossapakka, får formannskapet fullmakt til å gjere vedtak om eventuell deltaking i bompengeselskapet.
Vaksdal kommune føreset at ei eventuell utviding til Vossapakka 2 skal handsamast på nytt i kommunestyret.
Saka blei behandla av Vik kommunestyre 27. juni 2005. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
Vik kommune støttar søknaden om bompengefinansiering av Vossapakko slik den ligg føre.
Saka blei behandla av Hordaland fylkesting 13. desember 2005. Fylkestinget fatta følgjande vedtak:
Fylkestinget tilrår delvis bompengefinansiering av Vossapakko i samsvar med bompengesøknaden frå Voss og Omland bompengeselskap AS og aktuelle vedtak i kommunane Voss, Vik, Vaksdal og Granvin.