5 Finansieringsopplegg
Finansieringa av Vossapakko er basert på statlege midlar og bompengar.
Statlege midlar
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt til grunn 490 mill. kr til Vossapakko. Av desse er 180 mill. kr forutsett finansiert over post 31 Rassikring. Det er lagt til grunn 310 mill. kr i perioden 2010-2013 og 180 mill. kr i perioden 2014-2019. I tillegg er det sett av 40 mill. kr til prosjektet i St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for videre arbeid.
Bompengar
Bomstasjonsopplegget omfattar ein bomstasjon på rv 13 i Voss kommune, nær grensa med Granvin kommune, og ein bomstasjon på E16 i Vaksdal kommune, nær grensa med Voss kommune. Innkrevjinga vil skje i begge retningar. Det er lagt opp til å etablere automatiske bomstasjonar med to takstgrupper: lette køyrety (køyrety med totalvekt til og med 3 500 kg) og tunge køyrety (køyrety med totalvekt over 3 500 kg). Det er føresett ein gjennomsnittstakst på 24 kr i 2004-prisnivå. Omrekna til 2009-prisnivå blir gjennomsnittstaksten 30 kr. Det er førebels rekna ut at taksten vil bli om lag 38 kr for lette køyrety og 75 kr for tunge køyrety. Det er ein føresetnad at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. Det er lagt opp til å innføre timesregel. Dette inneber at trafikk som passerer begge bomstasjonane i løpet av ein time berre skal betale ein gong. Regelen gjeld også ved passering av same bomstasjon i løpet av ein time (rundtur). Vidare er det føresett at takst- og rabattsystemet blir i tråd med gjeldande takstretningslinjer. Ved forskotsbetaling er det mogleg å oppnå rabattar på 30–50 pst. Det er lagt opp til parallellinnkrevjing i byggetida, frå 2010 til 2013, og deretter etterskotsinnkrevjing. Det er lagt til grunn at samla bompengeperiode blir 15 år. Hovudregelen for innkrevjing av bompengar er etterskotsinnkrevjing, men denne regelen kan det gjerast unntak frå dersom lokale forhold tilseier at parallellinnkrevjing kan gjennomførast, og lokale myndigheiter er samd i dette, jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 og St.meld. nr 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010 – 2019.
Bomstasjonane er basert på Autopass-systemet og vil ha tilsvarande teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Oslo, Bergen og Tønsberg. Betaling av bompengar vil skje ved bruk av ei elektronisk brikke eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummer på bilen. Av omsyn til personvern blir det lagt opp til å kunne betale ved nærliggande bensinstasjonar som har avtale med bompengeselskapet. Det vises til St.meld. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 der det blir varsla eit interdepartementalt arbeid om anonymitet i heilautomatiske bomstasjonar, jf også St.prp. nr. 40 (2007-2008). Samferdselsdepartementet tek sikte på at konklusjonane er klare ved årsskiftet 2009/2010.
Hovudregelen ved innkrevjing av bompengar er nytteprinsippet. Dei som betalar bompengar skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går og andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, også skal betale bompengar, jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 og St.meld. nr 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. For bomstasjonen på rv 13 nær kommunegrensa mellom Granvin og Voss meiner Statens vegvesen at det er god samanheng mellom nytte og betaling. Bomstasjonen er plassert mellom dei to prosjekta på rv 13. For bomstasjonen på E16 nær kommunegrensa mellom Voss og Vaksdal er det relativt stor avstand mellom tyngdepunktet for utbygginga og bomstasjonen. Det er likevel relativt få sidevegar og lite busetnad mellom denne bomstasjonen og Voss. Det er dessutan lagt opp til kryssombygging på E16 i Vaksdal kommune.
Det er lokalpolitisk tilslutning til bompengeopplegget slik det er gjort greie for over. Etter ei samla vurdering meiner Statens vegvesen at opplegget kan aksepterast. Samferdselsdepartementet er samd i dette.
I saksframstillinga til fylkesrådmannen er det lagt til grunn ei friordning for busette med fast adresse på Verpelstad i Vaksdal kommune og Bulko, Grønlid og Burset i Voss kommune. Busette her må krysse kommunegrensa for å komme til kommunesentret. Samferdselsdepartementet viser til at ei slik friordning er lagt til grunn av fylkeskommunen og omfattar nokre få husstandar. Departementet legg til grunn at det blir etablert ei slik friordning.
Det er rekna med at bompengeinnkrevjinga vil gi eit samla finansieringsbidrag på 890 mill. kr, fordelt med 600 mill. kr til å dekke delar av investeringskostnadene og 290 mill. kr til å dekke renter. I tillegg kjem 90 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet. Finansieringskostnadene og innkrevjings- og driftskostnadene basert på føresetnadene i denne proposisjonen utgjer høvesvis 30 pst og 9 pst av brutto bompengeinntekter på 980 mill. kr.
Andre føresetnader for finansieringsplanen
Finansieringsplanen som er lagt til grunn er vist i tabell 5.1. Finansieringsplanen omfattar 47 pst statlege midlar og 53 pst bompengar.
Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan
Mill. 2009-kr | |||||
---|---|---|---|---|---|
2009 | 2010-2013 | 2014-2019 | Sum | ||
Statlege midlar | Post 30 | 40 | 210 | 100 | 350 |
Post 31 | 0 | 100 | 80 | 180 | |
Bompengar | - | 0 | 780 | -180* | 600 |
Sum | 40 | 1 090 | 0 | 1 130 |
* Statleg refusjon til bompengeselskapet.
Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette vil seie at ein kostnadsauke opp til kostnadsramma er føresett dekka med statlege midlar og bompengar etter partane sin del av finansieringa. Følgjeleg skal staten dekke 47 pst og bompengeselskapet 53 pst av ein kostnadsauke opp til kostnadsramma. Ev. overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekka av riksvegmidlar.
Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunne auke takstane med inntil 20 pst og forlenge innkrevjingsperioden med fem år.
Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsplanen:
Styringsramme: 1 130 mill. 2009-kr
Trafikkgrunnlag: 5 040 køyrety pr. døgn (2008-nivå)
Årleg trafikkvekst: 1 pst
Lånerente: 6,5 pst
Innskotsrente 2,5 pst frå 2009
Årleg prisstigning: 8,2 pst frå 2007 til 2008, 4,1 pst frå 2008 til 2009 og deretter 2,5 pst
Årlege innkrevjingskostnader: 6 mill. kr
Gjennomsnittleg bompengetakst: 30 kr (omrekna til 2009-prisnivå)
Oppstart av bompengeinnkrevjinga i begge bomstasjonane er planlagt våren/sommaren 2010
Lånerente på 6,5 pst føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innanfor denne renta i 10–15 år.
Med desse føresetnadene vil prosjektet vere nedbetalt i 2025 etter 15 års nedbetalingstid. Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ basert på følgjande pessimistiske føresetnader:
Kostnadsauke opp til kostnadsramma
Trafikkgrunnlaget ved starten av bompengeinnkrevjinga blir redusert med 10 pst
Ingen årleg trafikkvekst etter starten av innkrevjinga
Takstauke på 20 pst etter to år
Med desse føresetnadene er bompengeperioden rekna til 17 år. Dette viser at økonomien i Vossapakko er robust ved eventuelle endringar i føresetnadene.
Garantiar
Hordaland fylkesting fatta 14. oktober 2008 vedtak om å stille sjølvskyldnargaranti for lån på inntil 400 mill. kr som Voss og Omegn bompengeselskap tar opp. Garantien gjeld i inntil 20 år. Garantien er basert på føresetnadene som låg til grunn då fylkeskommunen behandla bompengesøknaden i 2005. I saksframstillinga til fylkesrådmannen går det fram at ein endeleg garantisum må bygge på oppdaterte tal og at ein må komme tilbake til dette når framdrifta krev det. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen vil maksimal lånegjeld bli om lag 780 mill. kr. Samferdselsdepartementet føreset at fylkeskommunen vurderer å auke garantisummen.
Garantien vil fyrst komme til utbetaling etter at realtakstane er auka med 20 pst og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år. Garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.