4 Nærare om dei enkelte føresegnene i Tiltak 1 (2003):
I innleiinga minner representantane på det 26. samrådsmøtet i Madrid 2003 om vedtaket på samrådsmøtet i 2001 om å opprette Antarktissekretariatet i Buenos Aires, og rår dei respektive regjeringane til å godkjenne det følgjande tiltaket i samsvar med Antarktistraktaten artikkel IX nr. 4 (om samrådsmøta):
Artikkel 1 slår fast at sekretariatet skal vere eit organ for Samrådsmøtet etter Antarktistraktaten og underordna dette.
Artikkel 2 listar opp funksjonane til sekretariatet, som er å støtte, i samarbeid med vertsregjeringa, førebuinga og gjennomføringa av samrådsmøta etter Antarktistraktaten og møte i Miljøvernkomiteen, og arbeidet mellom desse møta. Mellom dei viktigaste oppgåvene er informasjonsutveksling, utarbeiding av møtedokumentasjon og referat (sluttrapport), og elles å hjelpe samrådsmøtet med å gjennomgå status for tidlegare vedtekne tilrådingar og tiltak.
Artikkel 3 handlar om leiaren for sekretariatet, eksekutivsekretæren. Framgangsmåten for valet til denne stillinga skal seinare fastsetjast av samrådsmøtet.
Artikkel 4 om budsjettet slår fast at verksemda skal drivast kostnadseffektivt, og at budsjettet skal godkjennast av alle samrådspartane. Artikkelen seier at ein halvpart av budsjettet skal innbetalast som like tilskot frå alle samrådspartane, medan den andre halvparten skal vere tilskot frå partane i høve til den nasjonale aktiviteten deira i Antarktis, samstundes som det skal takast omsyn til betalingsevna deira.
Artikkel 5 viser til at spørsmåla om rettsevna og om privilegia og immuniteten til sekretariatet er regulerte i hovudseteavtalen mellom samrådsmøtet og Republikken Argentina. Artikkelen slår vidare fast at sekretariatet kan utøve rettsevne slik det går fram av hovudseteavtalen berre så langt sekretariatet har fått fullmakt til det av samrådsmøtet. Etter avtalen skal argentinske styresmakter vederlagsfritt halde lokale, som skal vere ukrenkelege og ha same vilkår som andre diplomatiske stasjonar i Buenos Aires.