6 Vurdering
Den norske verksemda i Antarktis er både historisk og i dag av monaleg omfang. Noreg har òg vore blant dei mest aktive i det internasjonale samarbeidet om Sørpolkontinentet og ein pådrivar for å skipa eit permanent sekretariat som kan gje dette arbeidet større kontinuitet. Regjeringa ser det på denne bakgrunnen som naturleg å støtte opp om den sekretariatsordninga som no er vedteken.