Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av Tiltak 1 av 20. juni 2003 om oppretting av eit sekretariat under Antarktistraktaten av 1. desember 1959.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av Tiltak 1 av 20. juni 2003 om oppretting av eit sekretariat under Antarktistraktaten av 1. desember 1959, i samsvar med eit vedlagt forslag.