1 Innleiing og bakgrunn
Dei store og raske endringane som skjer i samfunns- og arbeidsliv, nasjonalt og internasjonalt, stiller store krav til kontinuerleg og systematisk kompetanseutvikling. Noreg er i internasjonal samanheng i ein god situasjon med eit høgt nivå på grunnutdanninga, eit arbeidsliv som ser behovet for å styrkje kompetanseutviklinga, eit utdanningssystem som vil delta aktivt på tilbodssida, og med ein lang tradisjon for ei brei, folkeleg forankring av vaksenopplæringa.
Gjennom heile det siste tiåret har det vore arbeidd med reformer i utdanningssektoren. For vaksne starta det for alvor med NOU 1997:25 Ny kompetanse. Innstillinga la grunnlag for St. meld. nr. 42 (1997-98) Kompetansereformen og Innst. S. nr. 78 (1998-99) om kompetansereforma.
Gjennom oppfølging av reforma har nokre aspekt blitt stadig klårare. For det første må det leggjast meir vekt på å få til eit godt samarbeid mellom alle som er opptatte av vaksenopplæring, dvs. ulike utdanningsinstitusjonar, aktørar, studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar, verksemder, organisasjonar og partar i arbeidslivet og styresmakter på ulike nivå. Ei slik tilnærming er m.a. viktig i samband med dei forslaga som ligg i Ot. prp. nr. 44 (1999-2000) om rett for vaksne til vidaregåande opplæring og ei plikt for fylkeskommunane til å gi slik opplæring.
For det andre har vi behov for kunnskap og erfaring på mange viktige område. Vi veit t.d. at utdanning og opplæring er kjerneelement i økonomisk utvikling. Vi veit likevel for lite om korleis vi i praksis skal gå fram for å auke produksjon, formidling og bruk av kunnskap og kompetanse slik at alle - i eit samspel mellom arbeidstakar og bedrift - best mogleg kan få nytta ressursane sine.
For det tredje må vi vite meir om brukarane sine behov for grunnopplæring. Vi veit ikkje kor mange vaksne som treng grunnskole eller vidaregåande opplæring, eller kor mange som ønskjer å ta slik opplæring. Vi veit ikkje kor mange innvandrarar som treng norskopplæring eller kor lang tid dei treng til å lære språket. Det er derfor i gang tiltak for å kartleggje behova.
Opplæringsmodellane vi nyttar og pedagogikken i utdanningssystemet må betre tilpassast målgruppene sine behov, og det er derfor viktig å utvikle alternative modellar. Mange har opplevd nederlag i tradisjonelle undervisningssituasjonar og har derfor vanskar med å søkje vaksenopplæring, og vi veit for lite om korleis vi skal motivere til breiare deltaking. Arbeidsplassen er ein av dei viktigaste arenaene for læring, med omsyn til innhald, læringseffekt, formidling og bruk. Utfordringane er å utvikle modellar som legg til rette for å organisere effektive læringsløp med smidige overgangar mellom tradisjonell utdanning, uformell læring og læring i arbeidslivet. Vi treng derfor å kople kunnskap om læring med kunnskap om arbeidsliv, økonomi og organisasjon. For å få eit tettare felles rammeverk er det viktig at dei ulike miljøa innafor opplæring og arbeidsliv samarbeider. Både styresmakter og andre treng ein betre kunnskapsbase for å fastsetje utforminga av politikken framover.
For det fjerde er det viktig å ha blikket retta mot grupper som ikkje har sterke organisasjonar i ryggen, eller som av andre grunnar står i fare for å hamne utafor arbeidslivet og tilboda om kompetanseutvikling. Det kan dreie seg om svært ulike grupper av vaksne som har behov for tilrettelagte tilbod, både for dei som treng å auke kompetansen sin for å kunne kome inn i arbeidslivet, og for dei som treng ny opplæring for å halde fram i arbeidet sitt.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har tre underliggjande institusjonar med vaksenopplæring som arbeidsområde, Norsk fjernundervisning (NFU), Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt (NVI) og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter (SRV). Kvar for seg er desse tre miljøa kompetente innafor eigne arbeidsområde, men dei er for små til å ta på seg dei store utfordringane som er nemnde over. Dersom ressursane og kompetansen blir samla, kan vi få ein handlekraftig og fagleg god institusjon som kan leggje til rette for utvikling og samarbeid mellom alle aktørane i vaksenopplæringa, og prøve ut tiltak og setje i gang og drive forsking og utviklingsarbeid innafor heile vaksenopplæringsområdet.
Fokus for den nye institusjonen blir vaksenopplæring innafor alle sektorar, arbeidslivet, vaksenopplæringsorganisasjonane og utdanningsinstitusjonane. Institusjonen skal ikkje konkurrere med andre miljø, men vere ein ressurs for alle som driv med vaksenopplæring.
Den nye institusjonen vil få eit særskilt ansvar for vaksne med mangelfull grunnutdanning og for vaksne med spesielle opplæringsbehov. Institusjonens aktivitetar kan ein grovt sett dele i
kunnskapsutvikling i form av forsking, utvikling av læremiddel og pedagogisk og metodisk utviklingsarbeid
kunnskapsformidling gjennom undervisning/opplæring, kurs og konferansar, rådgiving og rettleiing, publisering av m.a. forskingsresultat
initiering og drift av utviklingsprosjekt og -program og oppstart og drift av nettverk mellom ulike organisasjonar.
I Ot. prp. nr. 44 (1999-2000) om endringar i opplæringslova gjer Regjeringa m.a. framlegg om å innføre individuell rett for vaksne til grunnskole og vidaregåande opplæring. I tilknyting til å betre tilboda på desse områda er det ei stor utfordring å finne fram til opplæringsmodellar, utvikle tilbod som kjem deltakarane sine behov for opplæring i møte og seinare evaluere innhald og organisering av opplæringa. For betre å kunne gripe tak i dei store utfordringane ønskjer departementet ei samanslåing av dei tre institusjonane til ein ny organisasjon, meir tilpassa framtidas kompetansebehov.