Tilråing
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samanslåing av vaksenopplæringsinstitusjonane Norsk fjernundervisning, Norsk vaksenpedagogisk forskingsintsitutt og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samanslåing av vaksenopplæringsinstitusjonane Norsk fjernundervisning, Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ligg ved.