St.prp. nr. 63 (1999-2000)

Om samanslåing av vaksenopplæringsinstitusjonane Norsk fjernundervisning, Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter

Til innhaldsliste

3 Ny vaksenopplæringsinstitusjon

3.1 Ansvar og arbeidsområde

Innafor vaksenopplæringa generelt - og i oppfølginga av Kompetansereforma spesielt - ser departementet behov for ein nasjonal institusjon som i hovudsak skal initiere og drive forsking og utviklingsarbeid og vere eit utviklingssenter for vaksenopplæringsfeltet i Noreg. Vidare skal institusjonen prøve ut nye undervisningsmetodar, formidle kunnskap til grupper som ikkje til vanleg tar del i dei tradisjonelle opplæringstilboda, og fungere som ein kunnskapsbase for alle som driv vaksenopplæring. Det er ein føresetnad at delar av verksemda til den nye institusjonen blir dekt gjennom inntekter frå oppdrag. Departementet har no lagt ansvaret for realkompetanseprosjektet til SRV, og NFU har ansvar for kompetanseutviklingsprogrammet.

Den nye institusjonen skal leggje vekt på å få til godt samarbeid med utdanningssystem og med arbeidslivet. Institusjonen skal også samarbeide med ei rekkje nasjonale og internasjonale institusjonar. Det skal vere nært samarbeid mellom den nye institusjonen og t.d. organisasjonane i arbeidslivet og med studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar, folkehøgskolar og deira fellesorganisasjonar. Vidare skal den nye institusjonen samarbeide med universitet, høgskolar, Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) og andre institusjonar som arbeider med vaksenopplæring. Det er ein føresetnad at den nye institusjonen skal ha nært samarbeid med det nyoppretta Senter for læring og utvikling. Mellom anna er det viktig at dei to institusjonane kjenner arbeidsoppgåvene og arbeidsområda til kvarandre.

Forsking, utvikling og analyse

Forskinga i institusjonen skal fortsatt ha si rolle i høve til nasjonale oppgåver innafor vaksenopplæringsfeltet. Institusjonen skal leggje vekt på fri og uavhengig forsking som reiser kritiske spørsmål, og som søkjer å gi ny kunnskap og innsikt som kan brukast i ulike vaksenpedagogiske samanhengar. Den forskinga som institusjonen skal drive, skal omfatte både forsking som institusjonen sjølv har initiert, og forsking finansiert av eksterne oppdragsgivarar. Særleg vil forsking rundt læringseffekten ved bruk av fleksible læringsformer, m.a. nye medium, bli viktige.

Ingen av dei noverande institusjonane har hatt spesielt fokus på behovsanalyse. Slike oppgåver skal den nye institusjonen leggje vekt på. Desse oppgåvene vil primært omfatte analyse av vaksenopplæringsbehovet i samfunnet, m.a. opplæringsbehova i bedrifter og organisasjonar og aktørane sine behov for omlegging av tilboda til brukarane. Utvikling og analyse av dette feltet må ein m.a. sjå i samanheng med dei endringane som det no er lagt opp til i Ot. prp. nr. 44 (1999-2000), som m.a. omhandlar individuell rett for vaksne til grunnskole og vidaregåande opplæring.

Metodeutvikling

Hovudføremålet med dei undervisningstilboda som institusjonen skal drive, er å utvikle pedagogiske metodar tilpassa vaksne sine behov, og at alle dei som nyttar undervisningstilbodet, skal få tilbod om opplæring på eit fagleg høgt nivå. Eit av føremåla med å drive undervisning i den nye institusjonen er å utvikle eit «praktisk pedagogisk laboratorium» der ein kan prøve ut pedagogiske metodar, pedagogiske verktøy og ulike organiseringsmåtar som tener vaksnes læring. Institusjonen vil også få i oppgåve å hente inn erfaringar frå andre utviklingsinstitusjonar. Vidare skal han utvikle gode læremiddel for vaksne og leggje til rette for variert og pedagogisk bruk av teknologi i opplæringa. Gjennom det pedagogiske utviklingsarbeidet vil ein få erfaringar som skal kome heile vaksenopplæringsfeltet til gode.

Institusjonen vil få eit særskilt ansvar for grupper som til vanleg ikkje søkjer opplæring, for grupper som ikkje kan nytte dei tradisjonelle tilboda, og for grupper som treng tilpassa opplæring på ulike område og nivå. Institusjonen skal elles ha stor fridom til å gjennomføre forsøk innafor vaksenopplæringsfeltet.

Den nye institusjonen skal i hovudsak konsentrere seg om metodeutvikling, analyse, forsking, erfaringsspreiing og rettleiing. Konsekvensane av dette er at dei ressursane som SRV i dag nyttar til undervisning, må omdisponerast slik at dei kan nyttast til dei nye oppgåvene. Ein tar i første omgang sikte på å redusere det noverande undervisningsvolumet med om lag 1/3 frå og med august 2001. Endringa skal likevel skje på ein slik måte at dei deltakarane som no er under utdanning, skal få gjennomført utdanninga i tråd med planane sine.

Kunnskapsformidling og kunnskapsforvaltning

Institusjonen vil få ansvar for organisering, lagring og innhenting av kunnskap. I etableringa av institusjonen skal det leggjast vekt på at dette skal bli ein vaksenopplæringsinstitusjon der brukarane skal kunne søkje informasjon og rettleiing. Brukarane vil m.a. vere offentlege verksemder, partane i arbeidslivet, utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar som treng bistand til å vurdere og løyse opplæringsbehova sine, lærarar og instruktørar i vaksenopplæringa og dei som bruker opplæringstilboda.

Vidare vil institusjonen få ansvar for å bidra til å utvikle gode arenaer for kommunikasjon og formidling av læring via nye medium, å informere om nye utviklingstrekk og -område i det internasjonale miljøet på vaksenopplæringssektoren og å formidle kunnskap gjennom å arrangere konferansar, kurs og seminar.

3.2 Styringsstruktur

Departementet har førebels lagt til grunn at den nye institusjonen skal vere eit ordinært forvaltningsorgan, leia av eit eige styre. Styret skal ha brei representasjon frå dei som har interesse i vaksenopplæringsfeltet.