2 Dei noverande institusjonane
2.1 Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt
Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt (NVI) vart oppretta i samband med Stortinget si handsaming av St. prp. nr. 67 (1974-75), jf. Innst. S. nr. 176 (1974-75). Føremålet med opprettinga var at NVI, gjennom eigne tiltak eller i samarbeid med andre institusjonar, skulle arbeide med oppgåver som vaksenpedagogisk utdanning, forsking, forsøk- og utviklingsarbeid, planlegging, informasjon, rådgiving og kontakt- og konsulentverksemd. Instituttet har i dag 14 tilsette i fast og seks i tidsavgrensa stilling, samt to stipendiatar. NVI er lokalisert i Trondheim.
Budsjettet for inneverande år er på 7,9 mill kr, og budsjettet for oppdrag og inntekter av sal er på 2,6 mill kr.
2.2 Norsk fjernundervisning
Norsk fjernundervisning (NFU) vart oppretta i samband med Stortinget si handsaming av St. prp. nr. 139 (1975-76), jf. Innst. S. nr. 218 (1976-77). Føremålet med opprettinga var at NFU, aleine eller saman med andre, skulle planleggje, arbeide ut og distribuere tilbod om fjernundervisning på alle nivå i utdanningssystemet. Arbeidet vart seinare presisert til å omfatte tilbod innafor grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. NFU har i dag ni tilsette i fast stilling og ein i engasjement, totalt 9,7 årsverk. NFU er lokalisert i Oslo.
Budsjettet for inneverande år er på 8,5 mill kr, og budsjettet for tilskott, oppdrag og meirinntekter frå sal er på om lag 1,2 mill kr.
2.3 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter
Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter (SRV) vart oppretta frå 1. august 1990, etter stortingsvedtak 23.mai 1990 om overføring av Voksengymnaset Hedgehaugen frå Oslo kommune til staten, jf. St. prp. nr. 88 (1988-89) og Innst. S. nr. 181 (1988-89). Føremålet var å sikre regulær og alternativ vaksenopplæring på vidaregåande opplæring sitt område, forsøks- og utviklingsarbeid for vaksne og oppdragsundervisning. Senteret har i dag 92 tilsette i fast stilling og seks tilsette på deltid, i alt 95 årsverk i faste og 2,4 årsverk i tidsavgrensa stillingar. Senteret er lokalisert i Oslo.
Dei siste åra har om lag 70 % av deltakarane ved SRV kome frå Oslo og Akershus.
Budsjettet for inneverande år er på 48,3 mill kr, og budsjettet for oppdrag og inntekter av sal er på 16,3 mill kr.
2.4 Planar om samarbeid
Våren 1999 vart det sett ned ei arbeidsgruppe med styreleiarane, adminstrasjonsleiarane og representantar for dei tilsette ved dei tre institusjonane. Arbeidsgruppa leverte innstillinga si til departementet i juni 1999, «Innstilling fra arbeidsgruppe for å utrede forskjellige modeller for framtidig organisering av SRV, NFU og NVI». Hovudforslaga i innstillinga gjekk på auka samarbeid mellom institusjonane og samanslåing av NFU og SRV.
I budsjettproposisjonen for år 2000 går det fram at ein arbeider for ei samanslåing av Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og Norsk fjernundervisning. Styret i Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt har seinare vedtatt at institusjonen vil ta del i samanslåinga.
I november 1999 sette Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ned ei prosjektgruppe som arbeidde vidare med spørsmåla om felles fagleg og administrativ organisering av dei statlege vaksenopplæringsinstitusjonane NVI, SRV og NFU. Gruppa leverte rapport til departementet i mars 2000, der ein går inn for samorganisering av dei tre institusjonane. I rapporten er det gjort framlegg om at den nye institusjonen skal leggje hovudvekt på arbeid med forsking og utvikling på vaksenopplæringsfeltet, samarbeid med øvrige aktørar på vaksenopplæringsfeltet og vere lokalisert både i Oslo og Trondheim. Departementet, institusjonane sine styreleiarar, representantar for administrasjonane og arbeidstakarorganisasjonane har vore med i arbeidet. Saka har vore behandla i styra ved institusjonane, og alle partane har vore positive til samanslåing.