2 Nærmare om eContent-programmet
Programmet er ei oppfølging av toppmøtet til EU i Lisboa i mars 2000, der informasjonssamfunnet var tema og der fellesskapshandlingsplan eEurope Action Plan vart vedteken. Toppmøtet streka under trongen for å jamne ut den digitale kløfta i det framveksande informasjonssamfunnet og å styrkje den sosiale utjamninga. Rådet sannkjente særleg den rolla som innhaldsindustrien spelar med omsyn til verdiauke ved at digitale nett vert utnytta og skipa innanfor det kulturelle mangfaldet i Europa.
Programmet eContent tek sikte på å skape gunstige vilkår for næringsutvikling, og vidarefører på ein meir fokusert måte arbeidet innanfor dei føregåande programma Multilingual Information Society og INFO2000, som hadde som hovudmål høvesvis å fremje språkleg mangfald innanfor EU- og EØS-området og fremje utviklinga og bruken av multimedieinnhald på Internett.
Tiltaka innanfor eContent skal òg utfylle andre igangverande initiativ innanfor EU, og sjåast i samanheng med m.a. det femte rammeprogrammet for forsking og utvikling, rammeprogrammet for kultur, medieprogramma, utdanningstiltaka, tiltak for små og mellomstore føretak og handlingsplanen eEurope.
I rådsvedtak 2001/48/EF om programmet vert det peikt på at framstillinga av digitalt innhald har ført til at det snøgt er vorte skipa nye arbeidsplassar dei siste åra, og dei fleste av desse arbeidsplassane vert skipa i små og framveksande føretak. Det vert m.a. vist til at utviklinga innanfor kommunikasjonsteknologien og informasjonssamfunnet har auka talet på distribusjonskanalar monaleg, noko som har auka etterspurnaden etter nytt programinnhald.
Vidare vert det vist at tiltak innanfor EU med omsyn til informasjonsinnhald bør ta omsyn til det fleirspåklege og fleirkulturelle særpreget i EU og oppmuntre til initiativ som lettar tilgangen til digital informasjon på språka til dei noverande medlemsstatane og til søkjarstatane. Det bør særleg leggjast vekt på tiltak som oppmuntar små og mellomstore føretak til å ta del i utviklinga av informasjonssamfunnet.
Det vert streka under at tilbod om innhald på ulike språk medverkar til å gje borgarane lik tilgang til informasjonssamfunnet og til å avgrense ulik handsaming.
Aktivitetane innanfor programmet har små og mellomstore føretak som målgruppe, og er konsentrerte rundt følgjande tre tiltaksområde:
Tiltak for å betre tilgangen til og bruken av informasjon i offentleg sektor.
Utvikle ein europeisk massemarknad for digitale innhaldsprodukt og -tenester ved å fremje digital innhaldsproduksjon i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt miljø.
Auke tilgangen til kapital for å stimulere den europeiske marknaden for digitalt innhald.
Det vert lagt stor vekt på informasjon frå den offentlege sektoren i informasjonssamfunnet. Det vert særleg vist at det bør oppmodast til å fjerne hindringane for tilgang til informasjon frå den offentlege sektoren, m.a. ved utveksling av beste praksis. Programmet skal m.a. medverke til å fremje bruk av og tilgang til Internett for alle, og å fremje ein meir effektiv bruk av informasjonen frå den offentlege sektoren ved å utnytte potensialet til eit europeisk digitalt innhald.
Tiltaksområda i programmet grip i stor grad inn i kvarandre, og det vert følgjeleg vist til at språklege tilhøve har svært mykje å seie for utnyttinga av informasjon frå den offentlege sektoren på tvers av landegrensene. Forenkling av tilgangen til kapital til Internett-etableringar er særs viktig for språkindustrien, og informasjon frå den offentlege sektoren utgjer eit potensial som bør utnyttast av Internett-føretak i samarbeid med organ i den offentlege sektoren.
Programmet tek m.a. utgangspunkt i at den offentlege sektoren samlar inn og framstiller store mengder informasjon, som i mange tilfelle er av interesse for privatpersonar og føretak, og som kan fungere som råstoff for verdiauke i informasjonstenester som er framstilte i innhaldsindustrien. Prosjekt innanfor programmet vil, samstundes med at dei sikrar brei tilgang til informasjon på mange språk på verdsomspennande nett, fremje offentleg-private partnarskap og såleis fungere som pådrivarar med omsyn til den vidare utviklinga på dette området.
Programmet skal òg styrkje konkurranseevna og skape betre vilkår på marknaden for europeiske innhalds- og språkføretak, særleg for nyskapande små og mellomstore føretak og nyetablerte føretak, og såleis auke det fleirspråklege og fleirkulturelle nærværet til Europa på verdsomspennande nett. Deltakarar her vil m.a. vere kommersielle aktørar som tek sikte på styrkje tilbodet sitt (t.d. nettportalar og mobiltenester), og aktørar som vil etablere seg eller styrkje stillinga si innan e-handel. Tiltaka er venta å omfatte t.d. prosjekt som er retta mot fleirspråkleg utnytting av informasjon frå offentleg sektor, og prosjekt som bind saman kunnskap på områda kulturell skaping, utdanning, marknadsføring og teknologi. Private og offentlege tilbydarar og distributørar skal oppmuntrast til å gjere sine produkt og tenester tilgjengelege på fleire språk. IT-seljarar og telekommunikasjonsoperatørar skal oppmuntrast til å skaffe fram plattformer og distribusjonskanalar som gjer det mogleg å få tilgang til fleirspråkleg informasjon og levere innhald som møter dei kulturelle krava til målgruppa.
For å oppmuntre til utveksling av informasjon og beste praksis skal fokus for desse tiltaka vere støtte til utbreiing av den sakkunnskapen som finst ved handelshøgskular og utdanningssenter og i den nye økonomien, særleg med omsyn til leiing og administrasjon, og dessutan til utnytting av dei høva som finst til å drive fjernundervisning.
2.1 Organisering av programmet
EU-kommisjonen skal, med hjelp frå ein eigen komité, ha ansvaret for gjennomføringa av programmet og for samordninga med andre fellesskapsprogram. Kommisjonen skal m.a. syte for at tiltaka innanfor programmet vert underlagde ei effektiv førehandsvurdering, oppfølging og etterfølgjande vurdering. Vidare skal Kommisjonen vurdere korleis prosjekta er vortne utførde og kva verknader gjennomføringa har hatt, for såleis å vurdere om dei opphavlege måla er vortne nådde. Dei utvalde mottakarane skal leggje fram ein årleg rapport for Kommisjonen. Det skal leggjast fram ein vurderingsrapport etter to år og når programmet er avslutta, m.a. for Europaparlamentet og Rådet. På grunnlag av rapporten kan Kommisjonen gjere framlegg om tilpassing av retningslinjene for programmet.
Sekretariatet for den norske oppfølginga vil førebels verta lagt til Nærings- og handelsdepartementet. Aktivitetane vil i første omgang vere knytte til skiping av informasjonsdagar om utlysing av midlar overfor aktuelle søkjarar, med to utlysingsrundar, og utlegging av relevant informasjon om programmet på vevsidene til NHD.
Innanfor ramma av eContent-programmet vil to nasjonale ekspertar frå EFTA/EØS-statane vere knytte til EU-kommisjonen. Ekspertane kjem frå Noreg, og vil venteleg verte tilsette våren 2001.