4 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen tek sikte på å vedta ei endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at avtala òg omfattar programmet eContent.
Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at rådsvedtak 2001/48/EF av 22. desember 2000 om vedtakelse av et flerårig fellesskapsprogram til fremme av utvikling og bruk av europeisk digitalt innhold på verdensomfattende nett, samt språklig mangfold i informasjonssamfunnet, vert innlemma i protokoll 31 artikkel 2 nr. 5 i EØS-avtala.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal ta til å gjelde frå 1. januar 2001 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke melding frå alle partane i komiteen i medhald av artikkel 103 i EØS-avtala.
Artikkel 3 slår fast at vedtaket skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.