5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei samla kostnadene til eContent-programmet er rekna til 100 millionar euro frå og med 2001 til og med 2004. Det opphavlege framlegget frå EU var på 130 millionar euro, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001), Nærings- og handelsdepartementet, kapittel 924. 70.1.
Noreg vil, med grunnlag i artikkel 82 i EØS-avtala, plikte seg til å gje finansiell støtte til programmet som svarar til om lag 1,8 prosent av den samla kostnadsramma, dvs. om lag 1,8 millionar euro eller om lag 15 millionar kroner. I tillegg kjem støtta til administrative kostnader, dvs. til nasjonale ekspertar og såkalla andre administrative kostander, grovt rekna tilsvarande om lag 310 000 euro eller om lag 2,6 millionar kroner per år.
Det vil òg påløpe utgifter til nasjonal oppfølging. Totale årlege kostnader knytte til programmet utgjer om lag 7,7 millionar kroner. For 2001 er det sett av midler til prosjekt på Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett under kap. 924, post 70. Summane som vert ført i St.prp. nr. 1, vil verte noko justerte innanfor ramma, m.a. vil utgiftene til kontingent og etterslep frå tidlegare program verte noko høgare enn det som er pårekna, medan utgiftene til nasjonal oppfølging vil verte noko lågare. Nærings- og handelsdepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet, og midlane vert dekte over budsjettet til dette departementet. Nærings- og handelsdepartementet har ansvaret for sekretariatet for programmet. Deltakinga i eContent får ikkje vesentlege administrative konsekvensar.